Møt NMBU sin nye rektor
Møt NMBU sin nye rektor
Sjur Baardsen inntek rektorpulten like før inngangen til 2020-talet. Han har sett seg føre to hovudoppgåver i si nye stilling. Tidlegare NMBU-rektor, Mari Sundli Tveit, sa opp stillinga si i april, dryge to år før kontrakten eigentlig skulle gå ut. 1. august tok skogøkonom og tidlegare MINA-dekan, Sjur Baardsen, over rektorhatten. Enn så lenge har han den i to år.
Te > kaffi
- Eg serverer ikkje kaffi, berre te, seier den ny påtropne, i det eg entrar rektors kontor på Cirkus ein onsdag ettermiddag.
- Det er mi mest feminine side, legg han til, og forklarar at eit problem hindrar han i å innta så mykje som før. Då drakk han gjerne så han både skalv og sveitta når klokka tikka fire. Ein skilnad frå dekanstillinga er forresten at han ikkje lenger koker sin eigen te.
Sjur bekreftar at det er litt travelt å vera ny rektor, men ikkje nødvendigvis travlare enn før - han har eit godt støtteapparat. Kalenderen har han mindre makt over med sin nye tittel, og meir må delegerast.
- Som dekan klarte eg å prate med alle, som rektor går ikkje det.
Han vil halde fram i Maris ånd, med aktiv involvering av studentane, og er tydeleg på at han vil føre ein synleg leiarstil der han «føler tempen» på organisasjonen heile tida. På Ås og på Adamstuen.
Dette er Galtvort, eg er Humlesnurr!
Substans til «bærekraft»
Sjur ser fram til veterinærane kjem i 2020.
- Det gir moglegheiter for meir integrerte fagmiljø, kanskje særleg opp mot KBM og BIOVIT, seier han, og spår ein lågare dørterskel. Å skape eit samla universitet, ikkje berre fysisk, ser han som éin av hovudoppgåvene som rektor.
Den andre hovudoppgåva er meir eit hjertebarn for han.
- «Bærekraftsuniversitet», det er noko me kallar oss, byrjar han.
- Men kan me svare på kva konkret me meiner med det i dag? - Ikkje så godt som me burde, slår han fast.
- Me må gje det meir substans.
Difor vil den nye rektoren ta initiativ til ei kartlegging . med utgangspunkt i alle dei 17 bærekraftsmåla til FN. Kva aktivitetar heldt NMBU på med som høyrer til kva mål?
- Fleire av bærekraftsmåla er anten er overlappande eller dels motstridande, utdjupar han.
- Om ein berre maksimerar matproduksjon er det klart det går ut over andre bærekraftsmål. Det same om ein berre maksimerar energiproduksjon eller skogs avverking. Eller biologisk mangfald. Alt er avveging mellom ulike mål.
Sjur vil tilstrebe meir heilskapsforståing av bærekraftsomgrepet, meir holisme.
- Dette skal me vera best på. I alle fall gode, avsluttar han.
Rektors gullkjede
NMBU er såvisst høgrelevante i møte med klimakrisa og naturkrisa me står ovanfor i dag. Utdanningsinstitusjonen var også landets viktigaste i sine yngre dagar, då under namnet Norges Landbrukshøiskole (NLH). Eg spør kva Sjur synest om utsmykkinga av campus.
- Dette er Galtvort, eg er Humlesnurr, responderer han straks med eit smil, og uttrykker ei andakt over å halde til på eit så vakkert universitet.
I den æresfryktige stemninga tenkjer eg det ville høve seg at eg får sjå rektorkappa hans, med tilhøyrande gullkjede. Det får eg ikkje.
- Det er heilagt, seier han kort, og punkterer ideen.
- Eit liknande ordførarkjede vart ein gong stjåle på eit julebord, innvender plutselig ein ivrig Øystein Johnsen, prorektor for forsking, frå naborommet.
- Det er vel ikkje relevant for intervjuet, anmodar rektorsetet, men Øystein bykser inn og legg entusiastisk ut om gullkjedet. Før dette hadde kjedet nemleg vorte stjåle ved eit bilinnbrot, men den gongen dukka det opp att i Skien. Av frykt for å bli ramma av tjuvraddar førast det no ein særs restriktiv oppbevaring av den aktuelle skatten, hvis-pris-må-ikkje-nemnast.
Tuntreet ynskjer i alle høve den nytilsette rektoren lukke til i åra som kjem. Me gler oss til ferdig fusjon og definert bærekraft!
FEM KJAPPE
Kva har du på nattbordet? - Det seier eg ikkje.
Pils eller bayer? - Pils.
Kjem du til å pilse på bodegaen i år? - Veit ikkje.
Kva blir det neste namnet til NMBU? - Må eg svare kjapt på det? Kanskje BU - Bærekraftsuniversitetet?
Kva er ditt forhold til selfies og Instagram? - Selfies: nei. Insta får eg for tida hjelp til å byggje opp frå skrætsj. Hjelp med innhaldet altså.
Skribent: Margit Fausko
Fotograf: Herman Hagen