To eplevin med Wilhelm
To eplevin med Wilhelm
Denne gongen som mange andre gongar møter vi intervjuobjektet i Bodegaen. Rettare sagt, på ABBA-bodega. Rundt om kring susar meir eller mindre kanakas studentar. I dette miljøet skal eg bli betre kjend med sjølvaste Wilhelm Anthun. Det var i alle fall planen.
Journalist: Martin Hansebråten
Fotograf: Jørgen Berg Yndestad
Bodegafarar og blæstar
Fyrst prøver vi å sitte ved det runde bordet i hjørnet av Bodegaen, ein stad som etter kvart har vorte Wilhelm sin andre heim. Her ljoma det frå den nyoppretta Stentorforeininga, som med jamne mellomrom bryter ut i dei vakraste tonar. Musikken vart litt for mykje for den dauvhøyrde journalisten, så intervjuet blei flytta til et litt meir roleg bord. Då kunne ein endeleg få ein prat med guten.
Wilhelm er ein mann av mange hattar. I studiekarriæra har han blant anna vore både leiar av AU, leiar av Ås grøne studentar, ordstyrar på Studenttinget og leiar av Åsblæst’n. Men det var ikkje slik det byrja. Wilhelm byrja på Ås i 2018. Her skulle han studere Miljøfysikk, få A i alle fag og verkeleg gjere det bra akademisk. Det gjekk ikkje slik: «Eg strauk i alle eksamenane mine det semesteret […] Dei studiegreiene fungerte ikkje i det heile tatt. Det var ein fiasko på alle måtar»
Blæst’n blei grunnen til han framleis er på Ås. Han blei forsøkt hyrt inn allereie det fyrste semesteret hans av Ås-legenda Eivind Toft, men Wilhelm sa «Kanskje etter kvart, men eg skal få studiane på plass.» Wilhelm sitt andre semester blei han med i korpset: «Det er for einsamt å berre sitte der å stryke på eigenhand, så da vart eg med.» I Åsblæst’n følte han seg skikkeleg heime. «Det var ein stor forskjell frå fyrste semesteret mitt, der eg ikkje hadde nokon. Så blei eg tatt inn der som om eg var ein naturleg del av gruppa.» Wilhelm har sidan vorte ein av dei mest synlege blæsterane, eller den «mest utagerande», som han sjølv seier. Han ønsker å kunne dra folk med på ting, slik som dei i Blæst’n gjorde då han sjølv blei med.
Andre året hans gjekk han vekk frå Miljøfysikken, og begynte i staden på økologi, som han no skriv master i. Rundt desse tider fekk vi den briljante idéen at vi skulle ta ein dram i Johannes. Dette blei enden på intervjuet. Sidan dette hadde vore eit litt labert intervju fann vi ut at vi skulle ta opp tråden seinare, mest for å snakke om noko som ikkje alt Ås avis har rapportert. Det var jo ikkje slik at det kom til å skje noko viktig med Wilhelm i mellomtida (dette er å rekne som eit frampeik).
Romeo
Bak kvar ein sterk mann står ei enda sterkare kvinne, og i dette tilfellet heiter ho Julie, også trombonist i Blæst’n. Som ein kvar god kjærleiksforteljing byrja forholdet til Wilhelm og Julie på tårnbygninga. Han «gløymde ein sekk på ein fest», og det blei ein veldig god unnskyldning til å møte ho. I tårnbygget fekk han sekken sin, men «eg gjekk jo ikkje etterpå da.» Så kom korona (ikkje ølet, men sjukdommen). Det blei ein midlertidig stoppar då dei vart nøydd til å reise heim i karantene kvar for seg. «Rett før me reiste frå kvarandre hadde eg Julie på besøk, der me vart sittande å holde hender medan me grua oss til avreise. Julie var heilt sikker på at eg skulle ta samtalen om kva me var for kvarandre då, men det var eg for treig til. Under ein potpurri av filmkveldar og videosamtaler over discord gjekk til slutt Julie lei av at Wilhelm ikkje sa noko, og tok saken i eigne hender. Det blei starten på eit forhold som lev i beste velgåande i dag.
Når Julie kom opp under intervjuet på Bodegaen kunne ein sjå at Wilhelm tenkte på noko. Han hadde noko meir på hjarte. På Åsblæstns jubileum den niande november, fridde Wilhelm til Julie. Journalisten var på det tidspunktet på kjøkkenet, men kjelder Tuntréet har vald å halde anonyme fortel at ho sa ja. No er dei forlova. Eg spurde ikkje om det vert korpsmusikk i bryllaupet, men det er nok gode sjansar for det.
Bedesongar, oljeson og skipsredar
Fire dagar seinare tok eg ein sider til med Wilhelm. Her var planen å gjennomføre ein psykoanalyse av han, men det blei ikkje mykje snakk om kompleks som ikkje gjer seg på trykk. Wilhelm har vekse opp blant fjell og hav og evangeliske frikyrkjer. Wilhelm kjem frå ei evangelisk forsamling, kvar dei blant anna ikkje trur på sakramentale handlingar og barnedåp. Han er framleis kristen, men kan forsikre journalisten om at han både trur på evolusjon og dinosaurar. Han forteljar at han har lært mykje av det han kan om organisasjonsarbeid i menigheita: «Eg har sitte masse i styrer og stell på NMBU, men det var der i menigheitas ungdomsarbeid at engasjementet mitt begynte».
Mora til Wilhelm jobbar i administrasjonen på distriktspsykiatrisk senter. Faren er i oljebransjen. Ved eit par høve sendte faren han t-skjorter i posten med teksten ‘Stolt oljearbeider’. «Det som var dumt var at det var skikkeleg gode t-skjorter», ler Wilhelm. Det var likevel ikkje noko konfliktfylt utover det: «Familien min er ikkje så veldig politiske.» Tankane kring oljenæringa har nok blitt meir nyansert på grunn av bakgrunnen hans, en mange av sine partifellar: «Vi kan ikkje gå rundt og seie at det er oljearbeidarane som er problemet […] da får vi dei aldri med på laget.» For Wilhelm er det viktig å påpeke at det må vere mogleg å være stolt av å ha bygga landet, men at ein framover må gjere det i meir miljøvennlege næringar i framtida.
Wilhelm har mange draumar, og han jobbar alltid for å etterleve dei. Nokon gongar verker det til han er spontan, men ofte er spontaniteten eit resultat av ønsker som har vore lenge forteljar han. Ein av disse avgjerande var å kjøpe seglbåt. Båtlivet begynte for Wilhelm etter han hadde byrja å arbeide på Pizzabakeren, etter han blei student: «Plutseleg satt eg der med ganske mykje pengar.» Det enda til slutt med båtkjøp. I løpet av studietida har Wilhelm hatt to ulike seglbåtar. Han har ikkje konkrete planar med seglinga. «Eg skal segle. Det er den store planen,» avsluttar Wilhelm.
Klimanihilisme i ein optimistisk sjel
Wilhelm har jobba mykje for klimaet. Frå politisk arbeid i MdG, til arbeid for å stoppe utbygginga av vollskogen som AU leiar. Har han lagt ned fleire timar for miljøet enn dei fleste. Kanskje på grunn av mange timar med arbeid mot ting, har gjort at han har fått eit meir nihilistisk forhold til klimakampen. «NMBU studentane er liksom banebrytarane som skal ut der og redde verda. Eg trur ikkje dei kjem til å redde verda ass. Verden kommer til å overleve, men kommer definitivt til å få kjørt seg kraftig.»
I ein heilomvending seier likevel Wilhelm:. «Min store draum er å stoppe eit vegprosjekt ein gong; finne ein eller annan raudlista mose, som ligg midt i traseen.» Nihilisme ligg ikkje heilt i Wilhelms natur, så han held ikkje den tona lenge.
Livet etter studiet
Wilhelm har gjennom tida journalisten har kjent han hatt mange planar. Frå å segle til England til å kjøpe seg eit lite småbruk på ei øy lagt inne i ein Vestlandsfjord og bli småbrukar. Wilhelm har hatt mage planar opp igjennom, men akkurat no går han laus på den store utfordringa å søke jobb som økolog: «Visjonen er at eg må skaffe meg en jobb, og den jobben veit eg ikkje kvar er, men den må være skikkeleg gøy! Eg veit ikkje kvar eg skal, men eg veit eg skal kose meg.»
«Eg er ein veldig heimekjær type. Eg likar godt å vere heime. Heldigvis, så kan heime flytte på seg. Nett no er Ås heime», slutt Wilhelm. Intervjuet blei avbrott av eit ring. Det var telefonen til Wilhelm. Det var Eivind Toft som ville slå av ein prat.
Kven er Wilhelm sånn eigentleg?
Det er eit vanskeleg å svare på kven Wilhelm eigentleg er. Han er både spontan, nølande, nihilist og optimist. Ein ting er likevel sikkert om Wilhelm. Han er eit medmenneske utan like. Ingen er hjelpsam, rund, men og dyktig som han. Han er ein stor mann å intervjue, og ikkje minst kjenne.
Han deler også ein oppfatning om at «Generelt!».
Hilsner
Kjære Wilhelm,
Du er en solid klippe i Åsblæst’n, ja, vår gode stein! Du er en som alltid stiller opp og strekker deg lengre enn det (bjør)nødvendigste. Siden du ble medlem i 2019 har du vært en stor bidragsyter. Til våre revyer har du bidratt og gitt mye av deg selv, både på, men ikke minst av scenen. I 2023 var du intet mindre enn revysjefen sjøl og under din styring ble Åsblæst’ns revy høsten 2023 den beste revyen i manns minne (uten å overdrive så veldig mye). Om vi hadde gjorte det like bra uten deg ved roret forblir et stort, svart og hvitt pandamonium.
Du er en jovial, veldig inkluderende mot både nye og gamle blæstere, forståelsesfull, vennlig, godhjertet vestlending som alltid har et velresonnert forslag eller innspill på lur. Du er en pådriver i foreningen og en glodheit ildsjel. Fortsett å være deg, du har satt et stort inntrykk hos oss. Du har defilert i studenttilværelsen og vi setter virkelig pris på å ha deg som en nær venn.
I løpet av dine fartsår i Åsblæst’n har du nok funnet sider ved deg selv du ikke visste fantes, som (den norske) partyløve og showstjerne. Rytkene suser om at du har funnet deg noen i foreningen selv! I trombonerekka satt hun, din utpekte. På scenen i Aud.Max. under selveste 50års-jubileet vårt fikk du hennes hånd, i bytte med en iskaffe og dere ble forlovet. Snakk om et scoop! Langemann blir misunnelig på den skatten.
Vi i Åsblæst’n gleder oss til å spre glede og musikalsk velklang til noen som definitivt er VILLIGE til å oppleve dets fremtreden, i hvertfall et forsøk på “Bruremarsj”. Fortsett å surfe deg videre i livet! Vi ser frem til å rølpe videre med deg, i og utenfor Agrarmetropolen.
Åsblæst’n
Det var alltid spennende å bo i kollektiv med Wilhelm, for vi visste aldri hva han kunne finne på: han kunne komme ned trappa med et trekkspill iført skjørt eller jedi kappe, eller sette en stor seilbåt i hagen.
Wilhelm har en omsorg for de han bryr seg om, noe man merker spesielt godt når man bor med han. Han ser de tingene som man synes er vanskelig og tilbyr alltid hjelp.
Enten om det er spørsmål om hvordan man får luft i sykkelhjulet eller hvordan man finner kjærlighet.
Selv om vi kunne finne sokkene dine på de merkeligste stedene og det alltid var en sti av rot etter deg, så kommer vi til å savne å bo med deg.
Vi vil alltid se tilbake på de gode stundene vi har hatt med deg, enten det er fellesmiddager, filmkvelder eller generelt(!) gossiping i stua til langt på natt!
LENGE LEVE TODRICK!
Hilsen noen av de som har vært så heldige å bo med Wilhelm;
Monika, Marie, Odin (og Julie (som du ikke blir kvitt som romkamerat på en stund mohahaha))
Kjære Wilhelm
Du er typen til å møte en fremmed med kjepp i Ås sentrum etter mørkets frambrudd. Selv når jeg hadde forklart hvordan tyveriet skulle utføres, var du like entusiastisk. Det har jeg satt pris på hver dag som har gått siden den augustkvelden i 2019.
Uenigheter og ulike innfallsvinkler har ikke været ned vår relasjon, men heller styrket vår gjensidige respekt. Du er min foretrukne samtalepartner for det mellommenneskelige, men og det samfunnsmessige. Det er fordi du er klok, så umoderne det måtte være. Du ser det beste i de rundt deg, og jaggu får du frem det beste i folk òg. Det var stor stas å være til stede tidligere i år da du vant Stuta-prisen. Vel fortjent!
Du er nemlig tvers igjennom god. For en kyniker som meg selv kan det være irriterende, men hvis du ikke hadde vært der for meg i smuget ved Prašná brána hvor gjengkriminalitet nesten kostet meg en finger, vet jeg ikke hvor eller hva jeg hadde vært i dag.
Tusen takk for alt. Mitt Ås hadde neppe fantes uten deg.