Annlaug Pijfers

Nynorsk på NMBU

Annlaug Pijfers
Nynorsk på NMBU

Nynorsk på NMBU

Det er mange former for minoritetar i dagens samfunn. Ein av dei er nynorskbrukarane. Dei er minoritetar, både på NMBU og elles i samfunnet. Korleis er eigentleg opplevinga av og vere student med nynorsk som hovudmål? 

Journalist: Marit Andrisdotter Kvam
Illustratør: Oda Braar Wæge

tt 05 nynorsk.png

I ei undersøking Tuntreet har gjort har vi sjekka tilstanden. Vi har også teke ein prat med Studentmållaget i Ås, som arbeider for nettopp nynorskstudentar, og framsnakking av skriftspråket. 

Ikkje dialekt 
Nynorsk er eit omdiskutert skriftspråk. Nokre trur det er ei dialekt ein snakkar, andre omtalar det kun som sidemål. Sanninga er at vi i Noreg har to målformer som er likestilt i grunnlova; nynorsk og bokmål. Sjølv om nynorskbrukarane er ein kraftig minoritet, så har dei krav på å få nytte si målform, på lik linje med bokmålsbrukarane. 

NMBU har eit språkutval. Deira ansvarsområde er å handheve og oppretthalde universitetet sin språkpolitikk. Utvalet sitt  hovudarbeidsområde er «utvikling og røkt av det akademiske fagspråket (bokmål, nynorsk og engelsk) og parallellspråklegheit (norsk-engelsk).»   

Ei undersøking frå Tuntreet vil ikkje åleine avgjera korleis ting faktisk er, og om språkutvalet sitt arbeid fungerer eller ikkje, men ein vil få eit overblikk på situasjonen. 

Ein spelekveld med Ås Studentmållag i haust.

Ein spelekveld med Ås Studentmållag i haust.

Dårleg oppleving, god haldning 
Vi spurde nynorskbrukarar korleis den generelle opplevinga av å ha nynorsk som hovudmål ved universitetet er. Heile 42,9% av dei som tok undersøkinga har ei dårleg oppleving. 33,3% har derimot ei svært god oppleving.  

I samanheng med den generelle opplevinga til nynorskbrukarane vart det spurd om korleis ein oppfatta universitetet si generelle haldning til studentar med nynorsk som hovudmål, på ein skala frå ein til fem. Her svara 50% fire eller fem. 30% svara to, og 20% tre.  

Nynorskfolket er med andre ord ganske splitta i deira generelle oppleving av korleis det er å nytte skriftspråket. Dei fleste oppfattar at universitetet har ei relativt god haldning til nynorskbrukarane. 

Mange av opplevingane kan skuldast enkeltsituasjonar som har oppstått, der ein har kjend seg oversett. Enkeltpersonar som representerer universitetet, som emneansvarlege eller liknande, påverkar også inntrykket. Deira haldningar slår ofte negativt ut.  

Eksamen 
Noko som vekker særs mange reaksjonar er erfaringane kring eksamen. 23,8 av dei som tok undersøkinga opplever ofte å ikkje få eksamen på nynorsk. 33,3% opplever det ein gong i blant. Eit stort tal av dei som tok undersøkinga har fått spørsmål frå emneansvarleg om dei er nøydde til å ha eksamen på nynorsk, då emneansvarleg syns det er bortkasta tid å lage nynorsk versjon av eksamen. Nokre har også opplevd at språket på den nynorske eksamensoppgåva har vore så dårleg at dei har stroke. Konten har dei då måtte ta på bokmål. 

Enkelte kjenner på at dei får trekk i karakter fordi dei nyttar nynorsk på eksamen. Dette er kun personleg erfaring, og noko ein ikkje kan bedømme, men det er kanskje ikkje så rart at ein stiller spørsmålet, når ein møter dei haldningane ein gjer. 

Eit anna «problem» ein ofte treff på er gruppearbeid. Om fleirtalet i gruppa skriv bokmål, lyt ein føye seg. Det går som regel greitt, men er likevel noko mange opplever som eit irritasjonsmoment. 

Styret i Ås Studentmållag 2020. Frå venstre: Simen Rønnekleiv Eriksen, Martine Molland og Rune Holsen Nygård. Fråverande er Janne Birgitte Ueland.

Styret i Ås Studentmållag 2020. Frå venstre: Simen Rønnekleiv Eriksen, Martine Molland og Rune Holsen Nygård. Fråverande er Janne Birgitte Ueland.

Informasjon 
Heimesida til NMBU er på bokmål. Greitt nok. Det viktigaste er at ein finn informasjonen ein treng. Dei fleste lærebøker er eksterne, og som oftast på engelsk. Likevel produserer skulen ein del læremateriell og kompendium. Dette har dei færraste opplevd å få på nynorsk.  

Det er i og for seg forståeleg at dette medfører ei kostnadsauke for universitetet. Likevel er det tidvis frustrerande å skulle skrive innleveringar, laboratorierapportar og anna på nynorsk, når ein må bruka ekstra tid til å omsetje alle faguttrykk eller liknande.  

Ynskjer synlegheit 
Studentmållaget i Ås følgjer problema kring nynorsken tett. Dei meiner eitt av dei største problema til nynorsken er at mange elevar og studentar byter til bokmål. Det blei gjort ei undersøking i 2009 som viste at 75% av nynorskelevane i Valdres bytte til bokmål i løpet av 13-års skulegang (Garthus m. fl., 2010). Då dei blir spurd om kvifor, kjem det fram at det er bokmål dei les i media, bøker og tidsskrift. Difor synest dei at bokmål blir lettare å skriva enn nynorsk.  

Kan hende dei hadde fortsett å skriva nynorsk hadde dei sett språket meir omkring seg? 

Eit av måla våre er difor å gjera nynorsk meir synleg i kvardagen til folk. Nynorsk blir av mange sett på som noko som berre høyrer heime i klasserommet, men faktisk er nynorsk eit kvardagsspråk for mange hundre tusen nordmenn fordelt rundt i heile Noreg. 

Kvardagstiltak
Studentmållaget har nokre tiltak til korleis ein kan auka nynorskbruken. Dei synest det er viktig at ein blir møtt av språket når ein beveger seg rundt i samfunnet, anten det er i butikken, på campus, i nyhendene eller på kino.  

Studentmållaget sine tips til nynorske kvardagstiltak: 

-Som student er PC og mobil ein uunnverleg del av kvardagen. Kvifor ikkje endra språkinstillingane til nynorsk? Windows, Microsoft Office, Google, Facebook og ikkje minst Canvas har støtte for nynorsk. Minecraft finst òg på nynorsk. 

-Skriv nynorsk overalt! På handlelista, Instagram, oppgåver og ikkje minst på eksamen! Hugs å be om eksamen på nynorsk, det har du lovfesta rett på. Ved å bruka språket aktivt kan òg andre venna seg til nynorsken som eit kvardagsspråk. 

-Sjå og les nynorske medium. I 2019 klarte NRK for fyrste gong å oppnå 25% nynorsk innhald på alle plattformer. Har du forresten lagt merke til at Eides språksjov har gått i beste sendetid på laurdagar det siste halvåret? Tuntreet stiller òg sterkt med nynorsk innhald. 

- Lik Ås studentmållag på Facebook og bli med på hendingane våre! 

Prinsippsak 

Det er lett og trekkja fram «krenkekortet» når ein diskuterer i kva grad ein treng ei eller to målformer her til lands. Kvifor skal den vesle minoriteten med nynorskbrukarar krevje så mange ressursar? Mange har skrive nynorsk frå fyrste klasse på barneskulen. Det er det som er mest naturleg for dei. 

Så vert det ein prinsippsak. Ein ynskjer eksamen på nynorsk. Det er ikkje det at ein ikkje skjøner bokmål. Ein har rett på eksamen på sitt hovudmål.  Ein skal ikkje verte møtt med negative haldningar frå folk som representerer universitetet. Det er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru. Nynorskbrukarar er ikkje ei eigen rase, dei ynskjer berre likestilling.