Ans.Red.

Fekk du ikkje eksamen på nynorsk? Klag!

Ans.Red.
Fekk du ikkje eksamen på nynorsk? Klag!

Fekk du ikkje eksamen på nynorsk? Klag!

Du har rett til eksamen på nynorsk dersom du ynskjer det. Dersom du går på ein offentleg høgskule eller universitet og har bede om eksamen på nynorsk, bryt utdanningsinstitusjonen lova om du ikkje får det. Det kan dei ikkje få sleppa unna med!

Av Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom

I desse dagar vert det gjennomført eksamenar på høgskular og universitet i heile Noreg. Me i Norsk Målungdom veit av erfaring at det dessverre syndast mykje med språkrettane til nynorskskrivande studentar. Kvart år hjelper me fleire titals studentar med å klaga på manglande nynorskeksamenar og eksamenar med dårleg språk. Me veit også at det er store mørketal.

Når du sit der i eksamenslokalet og opplever at utdanningsinstitusjonen trakkar på rettane dine, kan du verta både oppgitt, irritert, nedfor og sint. Når dette ligg og murrar i bakhovudet, kan det i verste fall gå utover prestasjonane dine på eksamen.

Når utdanningsinstitusjonen din nektar deg å ta eksamen på nynorsk, er det eit hån. Ikkje berre ovanfor deg, men mot alle nynorskbrukarar. Nynorsk og bokmål er to likeverdige språk, og brukarar av båe språka fortener å sjå språket sitt jamleg. Der bokmålsbrukarar som oftast vil få sjå språket sitt uansett, vil nynorskbrukarar oftare vera avhengige av dei språkrettane samfunnet har bestemt skal gjelda. Når utdanningsinstitusjonane ignorerer desse rettane, som skal verna mindretalet, er det eit stort demokratisk problem.

Så viss du ikkje fekk eksamen på nynorsk, klag! Me hjelper deg gjerne dersom du ynskjer det. Norsk Målungdom har laga ein klageportal på malungdom.no/klag der du kan klaga på manglande nynorskeksamen, eller på dårleg språk heilt anonymt.

Klaga di bidreg både til at universiteta skjerpar seg og til at me får kartlagt problemet. Jo betre oversyn me har over problemet, jo enklare er det å få bukt med det!

Foto:  Ingunn V. Steinsvåg / Norsk Målungdom

Foto: Ingunn V. Steinsvåg / Norsk Målungdom