Annlaug Pijfers

Perspektiv frå Brasil

Annlaug Pijfers
Perspektiv frå Brasil

Perspektiv frå Brasil

Av Jardar Lindaas Bringedal (MINA-student) 

20191214_093558.jpg

Vertsuniversitetet hadde gitt ein kort forklaring om korleis ein kjem seg frå flyplassen til Piracicaba. Godt var det. Ved hjelp av kroppsspråk og tydeleg peiking på namnet på den første byen eg måtte innom på vegen fekk eg meg av garde. Eg var passe nervøs. Eg hadde nett landa i Brasil, og var klar for eit år i det portugisisk-talande landet. Og allereie på Sør Amerikas største flyplass fekk eg bekrefta både mine minimale portugisisk-kunnskapar og fråværet av engelsk-kunnskapar til den store majoriteten i Brasil.   

Heldigvis var det gode forhold for å læra portugisisk. Eg budde med syv brasilianarar og alle faga vart undervist på portugisisk. I tillegg var det heller ikkje ei stor gruppe med utvekslingsstudentar, og nesten alle utvekslingsstudentane var franske. Som utvekslingsstudent i land kvar ein ikkje beherskar språket på førehand, får ein eit innblikk på korleis det er for dei som bytar bustads-land ufrivillig, og dermed meir respekt og forståing på kor stor den oppgåva er.  

Eg valde å dra på utveksling i Brasil fordi eg ville prøve ut noko heilt anna. Når mine brasilianske vener spurte meg om korleis det er i Noreg, svara eg det er motsett. I Noreg er det trygt, ikkje i Brasil, i Noreg er folk meir lukka, mens i Brasil er dei opne, i Noreg er det kaldt, i Brasil er det varmt, i Noreg følg vi regler, ikkje så mykje i Brasil, i Noreg er det ikkje noko særleg hierarki mellom folk, mens det er det i Brasil, osv.… Ved å oppleve desse skilnadane blir ein meir bevisst på heimlandet samstundes som ein lærar om ein anna kultur.   

20200311_155710.jpg

Eg ville òg bli betre kjend med Brasil fordi eg ville bli betre kjent med Amazonas. Under to månadar etter at eg kom til Brasil vart Piracicaba mørklagd av røykskyer frå brannane i Amazonas. To månadar etter det var eg sjølv i Amazonas med skogs-ingeniørane på universitetet. Me fekk sjå korleis det er å drive med lovleg og berekraftig skogbruk. Samstundes som me lærte om og diskuterte utfordringane med ulovleg hogst og bruk av skogen. 

Det første semesteret bestod av mykje studering av faga og portugisisk. På universitetet var det obligatoriske forelesningar og det var prøvar i løpet av heile semesteret. Dette gjorde at ein måtte studere mykje meir undervegs, samstundes som ein fekk fleire moglegheiter til å skaffe seg viktige poeng tidleg og ein visste korleis ein låg an i faget undervegs. For ein skippertaksstudent vart dette ei anna verkelegheit.  

20200120_151723.jpg

Men etter eit godt gjennomført semester hang det ei stor gulrot i enda, nesten tre månadar med sommarferie. På ferien blei eg kjend med Rio de Janeiro og São Paulo, før eg feira jul med ein brasiliansk ven og hans storfamilie, noko som var langt frå mi vanlege julefeiring. Nyttår blei feira med vener på ei strand før eg bussa opp til nordaustkysten av Brasil. Her vart eg meir kjend med Brasils historie, om kolonitida og den afrikanske påverknaden frå slavane. Pluss lange strender, nasjonalparkar og den 3000 km lange bussturen frå Fortaleza til São Paulo. 

Det andre semesteret begynte i midten av februar, men som det blir sagt i Brasil, «det nye året startar ikkje skikkeleg før etter Karneval». Dermed var ein ikkje skikkeleg i gong før i starten av mars og før to veker var gått i mars var visst Brasil-eventyret over for no.