110 års jubilanten Ås Studentmållag!
110 års jubilanten Ås Studentmållag!
Med lovnad om gratis pizza, kake og gåve gjekk turen kvelden 6. november til Allrommet på Samfunnet og Studentmållaget si 110 års feiring.
Det som skulle bli ei stor feiring av jubilanten, byrja som ein ganske bra INTIMkonsert med Åsblæst’n.
Trass relativt lågt oppmøte i starten, var stemninga god.
Etter kvart dukka det også opp fleire som ville delta i denne historiske feiringa.
Ås Studentmållag blei skipa i 1908 og har medlemmar frå heile landet.
Dei jobbar med å fremje dialektbruk, dei er også opptatte av at alle studentar skal kunne bruke nynorsk og vite kva rettar dei har på NMBU.
Studentmållaget har sidan starten hatt mykje aktivitet, stor slagkraft og er eit viktig lag ved NMBU for nynorskbrukarar.
For at dei skal kunne fortsetje arbeidet, er det viktig av fleire studentar engasjerer seg! I tida framover skal dei arrangere julebord og årsmøte.
Halvor Ekeland