Generalforsamlinga skapar skiljing
Generalforsamlinga skapar skiljing
Dufta av ertesuppe, kaffi og sakspapira spreier seg frå Aud.Max. og utover Agrarmetropolen. Tida er inne for semesterets høgdepunkt, Studentsamfunnets Generalforsamling (og Studentsamfunnets ekstraordinære Generalforsamling).
Tradisjon tru
Studentsamfunnets Generalforsamling er Studentsamfunnets øvste styringsorgan, og samtlege av Samfunnets medlemmar har stemmerett. Måndag 19. november hadde 302 medlemmer møtt opp for å stemma og bestemma. Studentsamfunnet i Ås, UKA i Ås 2018, Næringslivsutvalet ved NMBU, Tuntreet samt Kjernestyret presenterer sine budsjett og rekneskap. Tuntreet gjekk nok ein gong i underskot. Det er viktig med tradisjonar.
Øyreproppdebatten
Generalforsamlinga vedtok fleire vedtektsendringar, i hovudsak redaksjonelle, men det vart også vedtatt at Tuntreets ansvarlege redaktør vil bli eit fullverdig medlem av Kjernestyret. Forslaget til vedtektsendring som skapa mest debatt, men dog blei nedstemt, var Erik Tylleskär forslag om å vedtektsfeste retten til gratis øyreproppar på Samfunnets arrangement. Øyreproppar har sidestilt seg med ulv på toppen av lista av betente Ås-debattar.
Ein manglande nestleiar
Det gjævaste vervet under generalforsamlinga var nestleiarvervet. Heile fire stykk stilte til val. Generalforsamlinga stemde fram Martin Reigstad og Johan Stener Maagaard som sine føretrekte kandidatar, men sjølv ikkje etter tre avstemmingar var neste nestleiar vald. Det vart difor heldt ei ekstraordinær generalforsamling, der Johan Stener Maagaard blei vald. Generalforsamlinga var prega av benking, særleg valet av medlemmer i valnemnda. Etter ein tøff konkurranse vart Trude Rønning Okkenhaug og Erik “Gregers” Sand vald.
Laust og fast:
Songane frå UKErevyen kjem kanskje på Spotify.
I 2019 skal Fotballrommet endelig tas i bruk igjen!
Tor Pedo vann prøveavstemminga
Ekstraordinær GF mandag 26.11. Valg av nestleiar
Følgjande vart valt til dei ulike verva:
Redaktør Tuntreet: Julie Westergaard Karlsen
”Eg ønske å få tebage Odelskatalogen, det er veldig viktig for meg at studentane finne gård! I værste fall kjærleiken. Eg har òg lyst til å ha fleire temautgåver”
Samfunnsstyret:
Nestleiar: Johan Stener Maagaard, valt på ekstraordinær generalforsamling.
Ingen nestleiar blei valt, difor vart det arrangert Ekstraordinær Generalforsamling måndag 26. november kl. 17.00 på Studentsamfunnet i Ås. Der ble Johan Stener Maagaard valt til nestleder.
Administrasjonssjef: Anne Marte Rønneseth
”Det er skummelt å endre på noe som har fungert så bra, så lenge”.
Konsertsjef: Marit Serianna Stenødegård Hjerpseth
”Blitt normalt å komme for sent til konsertene. Jeg skal jobbe for at folk skal komme 45 min før”
”Like billettprisene, kommer an på artisten”
Arrangementssjef : Ulrik Samdahl Melhuus
”Kjære mentometermann…”
”Æ vil ta i bruk lokale krefter, som Rockebodega og Klamma med Anna”
Spørsmål om alkoholfri arrangement: ”Datekurs e gøy og trengs”
Til Næringslivsutvalget (NU) ved NMBU:
Leiar: Avtroppande økonomiansvarleg i Samfunnsstyret, Cecilie Augensen Nilsen
”Har hørt at jeg burde vært lei etter 1,5 år i Samfunnsstyret…”
”Penger skal komme fra Næringslivet, ikke fra studenter i Bodegaen”
Karriæredagansvarleg: Camilla Marie Engen
”NU viser at studenter ikke bare bryr seg om fest og moro”
”Sikre at folk har større mulighet for å få seg jobb”
Markedsføringansvarleg: Mathias Kilsti Hals
”For litt over et år siden var jeg ny og uviten. Har forelska mæ i miljøet”
”Studenter er attraktive og rellevante”
Administrasjonsansvarleg: Lars Engesæth
”Viktig å ver tilgjengelig og ta saker underveis”
”Administrasjonsansvarlig er et utviklingsverv, viktig å få opp en enkel instruks for ansvar.”
Eksterne representantar til Kjernestyret:
Inger Johanne Sveen
”Jeg har tidligere vært ordstyrer, derfor har jeg forberedt meg på de tre vanligste spørsmålene stilt på GF…”
Espen Eikaas Syljuåsen
Fekk nok scenetid.
Valgnemda:
Trude Rønning Okkenhaug
”Rekruteringssjef for UKA i Ås 2018. Flink til å mase på folk.”
Erik Sand
”Æ e kjent fra kor, stedsforening og studentdemokrati. Geomatiker og Over Rævne kar.”
Eigen liten sak på tappen av resten
Anmelding av Generalforsamlingas Suppeutval:
Matkritikar: Anne Tove Græsdal Våge
Ertesuppa: Mat og drikke er det noko av det viktigaste når ein skal være med på å ta viktige avgjersler.
Ertesuppa er ein relativt sikker rett å servere. Suppen i seg sjølv var rund, men med tanke på kor lite risikabel retten er, så er det tilbehøyr som blir vurdert sterkare enn sjølve suppa. Kombinasjonen av suppen og kvitløksbrødet fekk fram gjømte smaker, som ellers ville vært skulte i kvardagen. Med et hint av bacon, for dei som ynskja det. Saltinnholdet var passande, som sørga for at dei saltelskande studentar kan supplere sjølv, men ikkje greitt når det ikkje blir supplert med salt på bordene. Her var løysningen baconet som redda dei i nød. Temperaturen var som forventa, varm. Ein aroma av erter var så sterk at ein kunne nærmast ta på den. Fargen var blas, skulle nærmast tru den ikkje var heimelaga? Konsistensen var kremete og fyldig. Balansen av smakane vart tilstandet.
Ville du anbefalt denne suppen til ein kjent som ikkje liker suppe? Ut frå ein skala frå 2 til 7,5 ville eg gitt denne suppa ein solid 5,2. Dette kjem av mangel på risiko.
Vegansuppa: Den andre suppa for kvelden var den veganske grønnsals/beta-suppa. Dette var den onde, fæle tvillingen til ertesuppa. Ein skulle tru at ein ikkje kunne lage ein rett som vart meir mindre risikabel enn den sistenevnte, men det kan ein. Problema vert mange, og hovud frustrasjonen var at grønsakene var bitte små terningar, utan særleg fastheit. Temperaturen var heilt grei. Konsistens derimot var alt for tynn. Fargepalleten som var valt for suppa var inspirert av vatn, som vart 75% av suppa, dei resterande 15% bestod av buljongterningar. Balansen kom ikkje på GF den kvelden, ikkje for denne suppa. Saknar den gode gulrot- og søtpotetsuppa frå tidlegare GF-ar.