Johan Stener Maagaard ny nestleiar av Studentsamfunnet i Ås
Måndag 26. november klokka 17.00 vart det gjennomført ekstraordinær generalforsamling på Studentsamfunnet i Ås for å velje ny nestleiar etter at ingen av kandidatane fekk ordinært fleirtal på generalforsamlinga som vart gjennomført veka før.
Alle 4 kandidatane som stilte på ordinær generalforsamling stilte om att, og etter 2 valrundar kunne Johan Stener Maagaard erklærast som vinner av valet.
Ekstraordinær generalforsamling vart sist gjennomført i 2010, då på grunn av eit mistillitsforslag.
Diverre vart det ikkje servert ekstraordinær ertesuppe, men les anmeldinga av ordinær ertesuppe i Tuntreet som kjem i hyllene torsdag 29. november.
Ans.Red.