Halvor Ekeland

Tuntreets stor heimebrygg-test 

Halvor Ekeland
Tuntreets stor heimebrygg-test 

Tuntreets stor heimebrygg-test!

Sjølv om det er ein særdeles utbredt interesse for heimebrygg på Ås er det vanskeleg å få alle faktorar justert. Faktorar som tid, korn, mikrobiologi og ikkje minst, kjærleik.  

Med mangfaldige mislykka forsøk bak oss har likninga endeleg gått opp slik at Tuntreets Ølskere ©(ønseker TM) kan setja dei opp mot kvarandre i ein tiårets kampar for lokal, nei - subkulturell anerkjenning. 

 

I tiårets kamp for subkulturell anerkjenning har Tuntreet vald å sjå forbi nokre inkonsekvensar. For det første er det ikkje alle kandidatane som har erklært tilhøyring i sjangrar, og dersom dei har erklært ein sjanger blir de bedømt ut i frå dette. Tuntreet støttar uavhengigheit frå båssetjing. For det andre kan kandidatanes handverkarar ha nytta seg av såkalla “kits” - heimbryggets svar på Toro, utan vår kjennskap. Det kan resultera i god leskedrikk, men forminska integritet. Tuntreet verdsett integritet. La kampen begynne!  

Det finnes så mange å ta av! Ølene står fra øl nr. 1 til venstre og stigende til øl nr. 9 lengst mot høyre.

Det finnes så mange å ta av! Ølene står fra øl nr. 1 til venstre og stigende til øl nr. 9 lengst mot høyre.

 

  1. Hoppy hveteøl av ~ 7 % 

Ein kveiteøl med sterk aroma av sitrus og blomster som er lettdrikkeleg nettopp på grunn av manglande smak. Karbonsyra er litt for flat for ein friskus som denne, og panelet var ueinig i om dei hadde kjøpt denne.  

Gunnar: “Meir lukt enn smak, men smaken som er god.” 
 

  1. Lille-lørdag av ~ 7 % 

Smaken til Lille-Lørdag begynner bra, men den er flat og en blir ikkje riktig kvitt ettersmaken av jern. Denne kjennes som eit godt utgangspunkt med en ubehageleg avslutning. 

Emilie: “Veldig god smak, men ettersmaken er som å suge på en mynt.” 
Jardar: ”Sur og god, men litt skum aktig. Også mister piffen fort.” 
 

  1. Black Debbath Pils av  ~ 7 % 

Det første vi legger merke til er at dette ikkje er ein pils. Kan handverkaren ha brukt ein gammal etikett? Dette er ein god, enkel stout. En keisam oppleving, reint sensorisk, og den har lite karakter. 

Sunniva: “Fin farge. Kul sang.” 
 
 

  1. Gents Original Beer av Gents Academys Elias Prytz ~ 7 % 

(Panelet innleiar med applaus) Gents Original Beer lukter godt og syrlig, og er spennande og smaksrik! Ein klar leiar. 

Emilie: “Et deilig kompromiss mellom ei blondine og en surøl!” 

Gunnar: “Fremstår som gjennomtenkt og bær preg av godt handverk.” 

 
 

  1. Gents: Apple Hard Cider av Gents Academys Elias Prytz ~ 5 % 
    Denne cideren smaker kjempegodt, og lukter autentisk av friske eple. Me digga det. Ein cider som sjølv en cider-skeptikar kan like. 

Gunnar: “Den er søt på riktig måte, altså ikkje smågodt-søt, men eple-søt.” 

Jardar: ”Den smaker som røde eple, veldig god.” 
 
 
 
 

  1. “Grønn kork” av Anonym ~ 7 % 
    Grønn kork mottok variert tilbakemelding på grunn av bitre undertonar. For mange av oss er dette verdsett, for andre kan det bli litt mye. Det minner likevel om en grett avrunda lager, og alle var einige: den hadde vært deileg til noko salt. 

Gunnar: “Passer godt til salt snacks eller ostepop, men vert litt bitter på eigenhand.” 
 
 

  1. Belgisk Trippel av Viktor Sand / Anders Løkkeberg ~ 7 % 
    Belgisk Trippel var ein krydra, kraftig øl av ubestemmeleg sjanger. Den blei diverre litt for kraftig for oss, slik at eit par slurkar var nok. 

Sunniva: “Henger seg fast i drikkerøret.” 

Emilie: “Smakte litt middag (på feil måte).” 
 

  1. Imperial Stout av Viktor Sand / Anders Løkkeberg ~ 7 % 

Denne stouten er mildt syrlig og tung samtidig, som gir oss ein stout med eit spennande smakspektrum. Diverre har den lite kolsyre, og var flat og mektig.  

Jardar: “Ein sur stout. Spennande.” 
 

  1. Brown Ale av ~ 7 % 

Først av alt: dette er ikkje en brownale. Det vil ikkje sei at den ikkje fekk mykje skryt av panelet. Den er aromatisk, og kanskje bitter nok til å skremme bort nokon av oss, mens andre synes den var veldig god. “Veldig, veldig god” i følgje éin, ein anna var “ikkje nøgd”. 

  

 
 Sunniva (Foto), Emilie Sandell, Gunnar (foto), Jardar