Halvor Ekeland

Liv Anna vil at fleire skal engasjera seg lokalt 

Halvor Ekeland
Liv Anna vil at fleire skal engasjera seg lokalt 

Grønn Festival vart arrangert for 6. gang den andre helga i september. Leiar av Grønn Festival, Liv Anna, håpar at både lokalbefolkninga og studentane skal engasjera seg meir i det felles miljøet.  

 

Grønn Festival er eit arrangement arrangert av Miljøpartiet De Grønne, og årets utgåve gav ekstra merksam til lokalt engasjement. På programmet dei ulike dagane var det grøn PechaKucha på fredagen, med fokus på å skape og styrke det lokale engasjementet. Laurdagen baud på marknad på Rådhusplassen med forskjellige matbuer, sykkelreparasjon og konsert. Festivalen avslutta på sundagen med filmvisning av “Demain”, ein film om berekraftig bruk av ressursar. 

 

Liv Anna er godt nøgd med årets gjennomføring og trekk fram nokre ting som arrangørane var ekstra nøgd med. Matserveringa som var ny av året,  at alle bidragsytarane på marknaden på laurdagen fekk seg telt, lokale musikarar som hadde konsert og alle dei lokale matprodusentane. ”Me var òg heldige med vêret dei fire timane det var marknad på laurdagen”. Av ting som kunne vore betre nemnar ho markedsføringa og at endå fleire lokale hadde møtt opp. 

 

Framover vil arrangørane få til endå betre samarbeid med Ås kommune og NMBU om Grønn Festival. Forhåpentlegvis kan fleire aktørar bli med òg. Liv Anna vil at engasjementet som blir vist rundt Grønn Festival skal sprei seg ut i kvardagen og i Ås-livet generelt, heile året. ”Det finns så mykje unytta ressursar i og rundt Ås. Kvifor har ikkje Ås kommune eit større samarbeid med NMBU?” Ho peikar også på at det er viktig at studentane blir engasjert og tatt med av Ås kommune og NMBU. ”Det er viktig at ein ser forbi tradisjonelle system og syn, slik at ein kan tenkje nytt”. 

 

Vidare kjem Liv Anna med ein oppfordring til Ås kommune om å gjera meir for å halde på dei unge når dei er ferdige med studiane. ”Kvifor snakkar ein berre om pendlinga og togtider, det går jo ann for mange å jobba frå Ås også. Det kan bli starta opp kontorfellesskap her”. Men ho peikar også på at kundegrunnlaget må vere til stede først. Når kundegrunnlaget er til stede vil forhåpentlegvis nokon tørre å satse på å skape nye møteplassar i sentrum.  

 

Til slutt oppfordra Liv Anna nok ein gong folk til å engasjera seg lokalt, og få ting til å skje. ”Det som er godt for miljøet er også ofte god for oss sjølv”.