Korleis symja i sosialiseringshavet

Korleis symja i sosialiseringshavet
Sveittedropen renner sakte ned ryggmargen din og gir deg frysningar. Du tek eit enda hardare grep om vinflaska du kjøpte på polet for 2 timar sida. Er det teit å ta med vin? Er det kulare med øl? Musikken dundre frå andre sida av døra. Vagt høyre du tralten av ei låt du kjenne altfor godt; “la meg ta deg med til Stabekk der de...” Det må jo vera her det er vorsj! Vorsj der du ikkje kjenner ei sjel.
Sosialt geni: Siren Vårvik Matre
Illustratør: Marwa Nader
Kva veit eigentleg du om å få nye venner? Konversere med framande? Knyte band med einkvan? Visa din neste den beste sida ved deg sjølv?
Gid nokon kunne hjelpa deg!
Eg er den nokon for deg.
Etter mange år med sosiale interaksjonar og nære og fjerne observasjonar har eg no utvikla åtte ulike sosiale strategiar som skal passe ein kvar person til ein kvar situasjon.
1. To ulver inni meg
Steg 1: lokaliser Alfaen. Alfaen har balletak på alle andre. Dei setter stemninga og styrer rommet. Det er ikkje alltid så lett å lokalisere dei, men du veit når du har funnet alfaen.
Etter steg 1 er fullført veljar du ei av to retningar:
Retning Beta: bli venn med Alfaen. Sakte, men sikkert, bli deira høgre hand.
Retning Sigma: utfordre Alfaen. Prøv å matche den dominerande energien. Denne strategien passer for deg med høg respekt for sosiale hierarki som nettopp har blitt med i ein sosial foreining.
2. Uno, dos, tres Amigos
Steg 1: ha alltid, og då meine eg verkeleg alltid, Uno i lomma. Uansett kva, skal det vera eit firkanta merke i alle bukselommene dine.
Steg 2: lokaliser eit geografisk område med kortnedleggbar overflate og omkrins stor nok for to til ti potensielle venner.
Steg 3: bruk falkeaugene dine til å sjå etter passande kandidatar. Eg anbefaler å sjå etter folk som kjeder seg og folk ikledd eit atletisk antrekk (god moglegheit for at dei har eit høgt konkurranseinstinkt og ikkje kan motstå utfordringa).
Steg 4: spel Uno. Dette tenker du kanskje er den lette delen, og ja, sjølve nedlegginga av farga kort er ikkje så utfordrande, men du må hugse at dette er ein SOSIAL strategi. Derav må du også alltid ha det overordna målet i bakhovudet. Det er no du må føle ut kven du kan kødde med og ikkje, kven som bryr seg for mykje om Uno og kven som bryr seg for lite.
Steg 5: ikkje vis koss dårleg tapar/vinnar du er.
Denne strategien passar for deg som ikkje er så glad småprat og tenker at brettspelkveld er den ideelle vennskapspraktiseringa. Funkar på vorsj eller mellom forelesningar.
3. Egon har ein plan
Steg 1: klekk ut ein plan som har eit visst risikonivå. Kva som blir rekna som risiko er opp til einkvan.
Steg 2: rekrutter folk til din eigen Olsenbande.
Steg 3: utfør den risikable planen.
Steg 4 (gitt at alt går etter planen): meistringa og adrenalinet har no fått dykk til å knytte sterke band.
Steg 4 (gitt at ting ikkje går etter planen): trauma av å måtte ta konsekvensane har no fått dykk til å knytte sterke band.
Steg 4 (gitt at ting skikkeleg ikkje går etter planen): dykk snakkar aldri saman igjen.
Denne strategien passar for deg som elskar ein sidequest på ein fest, vorsj eller narsj og er ein mild adrenalinjunkie.
4. Obamaen
Steg 1: du må være introvert.
Steg 2: vent til ein ekstrovert adoptere deg.
Steg 3: la symbiosen skje. Ekstroverten sitt nettverk blir ditt nettverk.
Denne strategien passar for deg som har ein stille og beskjeden natur, som Barack Obama, og treng ein Michelle til å dra deg ut i verda.
5. Dress to start a conversation
Steg 1: finn fram alle samtalestartande klesplagg som du eig (f.eks. band t-skjorter, klede kjøpt brukt, klede du har laga sjølv, klede knytt til ein spesifikk plass, osv.).
Steg 2: prøv så å analysere kva antrekk som kan gi deg mest merksemd med folkemengda du skal vera med.
Steg 3: ta på deg det optimale samtalestartande antrekket.
Steg 4: vent tolmodig til kommentarane og komplementa kjem (ekstra høg suksessrate dersom du er i eit rom med nokon som følger strategi 8).
Steg 5: snakk om dine favorittband, hekling, strikking, sying, brodering, brukthandel eller reisa di til Disneyland, og få alle til å innsjå kva for eit kult menneske (og potensiell ny venn) du er.
Denne strategien passar for deg som er veldig, veldig glad i å snakke om eigne hobbyar og å vera omgitt av folk med like interesser som deg.
6. Skavlanskravleren
Steg 1: sett deg ned nokre timar før du skal ut i det sosiale havet. Ta fram ei notatbok og ein penn. Skriv ned alle dilemma, ultimatum og tankeeksperiment du kan komma på.
Steg 2: ta med deg notatboka når du skal ut.
Steg 3: no kan du hoppe over kjedeleg småprat og heller gå rett på interessante ting som å finne ut kva dyr folk ville hatt moglegheita til å forvandle seg til.
Denne strategien passar for deg som er lei av å forklare kvar du er frå, men er veldig glad i tankeeksperimentpodkaster.
7. Hopp på hobbyhesten
Steg 1: orienter deg om alle opptak og infomøter som tek plass innan ei mils radius.
Steg 2: prøv ut alle foreiningane, komiteane, laga og verva som du har ei interesse for (enten mild eller sterk), eller ønsker å ha ei interesse for eller trur kule folk kan ha ei interesse for.
Steg 3: vær ein slave for facebook-arrangementer, gruppechatter og grupper. I dette steget er det nok praktisk å skaffe seg sykkel og ein kalender så du kjem deg effektivt til rett plass til rett tid.
Steg 4: filtrering. Ta fram ljåen og kutt ut det som du ikkje likar.
Steg 5.1: Du har no ein ny hobby du likar, men ingen nye venner.
Steg 5.2: Du har no nye venner, men også ein hobby du ikkje likar.
Steg 5.3: du har no nye venner og ein ny hobby du likar.
Denne strategien passar for folk som likar å gjera ting og ikkje berre sitta rundt eit bord og preika.
8. Gi kompliment mann
Steg 0: du må berre ha gode og fine intensjonar som du kunne fortalt mora di om mens du såg ho i auga.
Steg 1: vær i ein minglesituasjon.
Steg 2: sjå etter noko hos nokon som du kan kommentere på. Hårstil, sko, væske, band t-skjorte (hint hint strategi 5) eller noko liknande. Helst noko ein samtale kan springe ut av, ikkje berre ein kort kommentar.
Steg 3: gå bort og gi komplementet.
Steg 4: forhåpentlegvis starte det ein større samtale, viss ikkje, prøv på ny.
Denne strategien passar for same folka som strategi 5.
Med desse åtte strategiene i bakhovudet så ønskjer eg deg lukke til i det store og potensielt skumle sosialiserings havet.