Tun & TreAns.Red.

Kven drap norsken?

Tun & TreAns.Red.
Kven drap norsken?

Mikkel Teigen Refsnes hadde status som fornærma i saka.

Kven drap norsken?

Journalist: Eirik Vistnes 
Fotograf: Tuva Hebnes


Intro (I) Det var ein 17. mai-morgon likeins alle andre. Familien steikte vaflar, og serverte dei med jordbærsyltetøy og sukker til. No mangla berre noko blått, og dei hadde alle flaggets fargar. Borna hadde allereie sprunge ut mot nabotomta for å plukka blåveis dei visste voks i ei klynge der. Ein kunne så vidt høyra bekkebruset i det fjerne. 

Men roa heldt berre til det fyrste skriket. Det ljoma frå nabotomta. Om litt stod heile slekta saman med borna og prøvde å roa dei. Dei stirte alle ned mot en blodraud pytt, kvite i andletet medan lyden av politisirener og blålys fann vegen opp til åstaden. 

Politiet fastsette at offeret var norsken, eit nordgermansk språk som hadde budd på staden i fleire hundre år før han vart drepen. Like raskt kom dei fram til at dødsfallet ikkje kunne skuldast naturlege årsaker. Mellom anna på grunn av fleire stikkskadar på offeret, som politiet trur vart påført med ein ostehøvel dei fann i bekken like ved. Dei fann ingen fingeravtrykk på våpenet, og knapt eit bøygd grasstrå meir enn det. Mordaren hadde forlate åstaden nærmast sporlaust. 

Det var skjøneleg godt oppmøte då Ås Studentmållag baud til panelsamtale om mordgåta. Ho er vorten lagd bort av politiet, som for augneblinken har hendene fulle med Ingebrigtsen-saka, men trass lite handgripelege bevis i saka, finst det enno mange uløyste trådar å trekkja i. 

Kven var offeret? (II) Ein som kjende norsken godt, var Mikkel Refsnes. “We go way back”, seier Refsnes om hans relasjon til offeret. “Han har vore der sidan eg vart fødd. Sjølv om me har hatt våre ueinigheiter gjennom tida, hadde me eit lukkeleg forhold, eg og norsken”. Han er ikkje den einaste heller. Norsken døydde kanskje åleine, men han døydde ikkje gløymd. Over heile landet minst han som ein god og nær ven, som fekk sett ord på det ingen andre fekk til. Dei fleste stifte kjennskap med han allereie som små born, og han fylgde mange av dei heile vegen til dødslega. 

Trass i hans folkekjære rang, var det ikkje alle som ynskte norsken vel. I akademiske krinsar fanst det dei som ville ha han bort. Under etterforskingsarbeidet kom politiet over fleire dødstrugslar, der det stod skrive lovnader om “annihalasjon”, “desimasjon” og “eradikasjon” av norsken. Desse trugslane fekk politiet til å trekkja Akademia fram som hovudmistenkt i mordet.

Men under avhøyra var det noko som skurra. Akademia hadde aldri vore på drapsstaden. Den var i byen då drapet truleg fann stad. Dessutan er det lite grunn til å tru at Akademia kjende seg spesielt truga av norsken. Dei hadde mange gonger meir makt enn offeret vårt, så kvifor setja heile sitt omdømme på spel for noko så uviktig? Det var slutninga politiet drog då dei endeleg valde å leggja saka død – at det ikkje var godt nok bevismateriale der til å dømma nokon. 

Fleire mistenkte (III) Etter Akademia var det ingen andre mistenkte igjen. Saka var tilsynelatande kald, ingen leietrådar, ingen nye bevis, ingenting. Men saka var ikkje kald – i glørne finn me nemleg eit nytt namn, ein ny mistenkt i saka. Det vert sagt, at det er dei næraste som sårar oss mest – kan norskens banemann vera ingen ringare enn forfattar Jon Fosse? 

Augnevitne fortel at vestlendingen var i området frå morgon til kveld. Han gjekk mållaust ikring i området, og då han vart spurd om kva han gjorde der, berre sa han at han venta, at nokon kjem til å koma og plukka han opp snart. Historia verkar usannsynleg, gjeve at han heldt seg unna vegen, og då me påpeikte dette sa han berre at han er ein annan, at han ikkje er Jon Fosse men tvillingbror hans Jørn. 

Det er dei som meiner at Fosse har pint norsken over lengre tid med sine vanskelege ord og lange, uavbrotne setningar. Men eitt spørsmål står att – kvifor? Forfattaren har ingen uttrykt forakt for offeret, så kvifor utan vidare gjera eit drap? Av den grunn er det nokon som hevdar at Fosse heller gjorde jobben på andre sine vegner. I 2023 fekk han nemleg inn eit stort beløp inn på konto av Svenska Akademien. Tilhengjarane til teorien om Fosse som innleigd drapsmann, hevdar alt dette kan sporast tilbake til eit tidlegare forhold mellom norsken og svensken, spesielt samlivsbrotet i 1905. Men det er ein ting som ikkje passar inn i denne historia, og då må me tilbake til sjølve drapsvåpenet. Kvifor brukte Fosse ein ostehøvel, når alle veit at pennen er mektigare enn sjølv sverdet? 

Reisa bakover (IV) For å finna meir ut av gåta, må me reisa endå lengre inn i fortida, til norskens forfar norrønt. I 793 gjekk vikingane til åtak på øya Lindisfarne, og tvinga mykje av Storbritannia inn i eit ufrivillig samliv. Dette samlivet sette tydelege spor, sjølv etter fleire generasjonar. Difor kan ein spørja seg sjølv: Er dette ei soge om hemn? 

Det er det fleire som trur. Dei peiker på at det finst engelske ord overalt, at før han døydde tapte norsken meir og meir til engelsken, og at på åstaden fann dei ingenting på svensk, men at mange av orda har dei greidd å spora tilbake til engelsken. 

Hypotesen om hemn er utbreidd, men han tvingar oss òg til å stilla oss eit vanskeleg spørsmål: Korleis kom engelsken hit? Korkje britane eller amerikanarane sende skip på tokt langs norskekysten, så korleis kom dei i land då? Kan det vera fordi me baud dei inn, gav dei mat og husly, og sakte men sikkert gav dei meir og meir og meir. Kvar er den einaste staden på kloden der ostehøvel er kvarmannseige? Drap me norsken? 

Avslutning (V) Nei, vent litt. Norsken vart nettopp sett i god stand på eit vegskilt ein stad. Det syner seg at den blodraude pytten faktisk berre var syltetøy. Og ostehøvelen er det berre nokon som har mist. Det hender.