Ans.Red.

Arealreduksjon på Campus

Ans.Red.
Arealreduksjon på Campus

Arealreduksjon på Campus

Det går dårleg med økonomien på NMBU. Sjølv etter å ha kutta over 100 årsverk sidan januar 2024, er prognosen for 2025 eit plussresultat på 1,8 millionar, men med millionar i negativ avsetting. Ein måte å spare pengar er å kutte i areal, men det er vanskeleg å gjere på ein måte som tar vare på interessene til alle partar. Dessutan er det vanskeleg å holde oversikten over kva som er plan, vedtak og utreiing. Tuntréet har undersøkt korleis framtida vil sjå ut for Campus.

Journalist: Henning Gran Kjøsnes
Fotograf: Daniil Apruda


Av norske universitet og høgskuler har NMBU størst areal per tilsett og student, og i følgje Eigedomsavdelinga (EIA) kan ein derfor kutte mykje areal utan å kutte mykje i tilbodet. Dette gjeld sjølv om ein tar med i reknestykket at NMBU har ein stor andel spesialareal som t.d. Dyresjukehuset. Samtidig er det mangel på nokre typar areal, særleg store og mellomstore forelesingssalar. Uansett vedtok universitetstyret som del av Campusarealplanen 2024 å redusere totalt areal mellom 5-10% før 2030. I første omgang vil ein merke samanslåinga av VET og BIOVIT og at ‘Studentenes Hus’ vert lagt ned, men etter kvart kan arealreduseringa endre veldig mykje på Campus (sjå kart).

Det universitetet sparar pengar på er todelt. Det eine er at ein slepp utgifter til å varme opp, vaske og liknande rutinearbeid. Detta i seg sjølv kan ein spare ein del pengar på. T.d. vil ein spare 4,5 millionar kronar i året på vedlikehald om ein stenger Husdyrfagbygninga. I tillegg har bygningane på Campus til saman eit vedlikehaldsetterslep på nesten 5 milliardar, og om ein legg ned ein bygning slepp ein å pusse den opp. I tillegg, om ein er heldig og får til ein leigeavtale med ein tredjepart kan ein til og med tene litt ekstra!

For å spare pengar må universitetet stenge heile bygningar, og for å nå målet på 10% er dei 3 bygningane som det gir mest meining å stenge, Tårn-, Husdyrfag- og Jordfagbygningen. ‘Alle’ er samd om at ein må finne alternative undervisningsrom som kan erstatte dei som vert borte på grunn av arealreduksjonen. Det er ingen vedtekne planar for akkurat korleis ein skal få til detta endå, men ein skal utrede alternative areal før ein startar prosessen.

Ifølge EIA kjem det til å vere gode sider med arealreduksjon og ikkje berre problem. T.d. kjem det til å vere fleire sjansar til å møte andre på Campus, og det kjem til å vere moglegheit for betre samarbeid mellom fakulteta. Likevel kjem det til å vere vanskelege val om korleis ein skal prioritere. Forskingsareal, arbeidsplassareal eller studentareal. EIA oppfordrar studentar til å engasjere seg og seie kva slags areal dei vil prioritere.

 

Kva er tilstandsgrad?

Skalaen går fra 0-3, der tilstandsgrad 2-3 viser at bygningane har vesentlege, store eller alvorlige avvik.

 
 

Husdyrfagbygget

Areal: 8 000 kvm (4 % av samla

bygningsareal)

Tilstandsgrad: 2

Rehabiliteringskostnad: 400 mill. kr

Alternativ bruk: Utleie, sal eller riving. Ingenting handfast då det ikkje er vedtatt at bygget skal verte ledig.

Problem og oppgraderingsbehov:

Bygg frå 60-talet med strukturelle utfordringar med låge etasjehøgde som gjer det vanskeleg å oppgradere. Må skifte fasade, vindauge, golv, himlingar, veggar og tak. Bygget treng ny drenering og VVS-system, nytt ventilasjons- og kjøleanlegg, full elektrisk oppgradering og ein modernisering av styringssystemet, m.m. I tillegg må ein ha ny planløysing for å få betre arealbruk og oppretthalde universell utforming. Behovet er så omfattande at ein vil vurdere å rive om det ikkje vert sal/utleige.

 

Jordfagbygningen

Areal: 6 300 kvm (3% av samla

bygningsareal)

Tilstandsgrad: 1,6

Rehabiliteringskostnad: 150 mill. kr (gitt tørt bygg)

Alternativ bruk: Ombygging til ‘tørt bygg’

Problem og oppgraderingsbehov:

Problema er ujamt fordelt og særleg Isotoplaboratoriet, underetasjane og 1./2. etasje har store manglar, mens resten vart oppgradert i 2016. I tillegg er infrastrukturen rundt laboratoria i dårleg stand. Av den grunn hadde det vore lurt å flytte laboratoriearealet til andre bygg.

 

Tårnbygningen

Areal: 8 000 kvm (4% av samla bygningsareal)

Tilstandsgrad: 1,5

Rehabiliteringskostnad: 300 mill. kr

Alternativ bruk: Ein hotellutviklar har vist interesse.

Problem og oppgraderingsbehov:

Det manglar ventilasjon i kontor- og møteareal, 3 etasjar manglar sprinklarar (som er lovpålagt), heisanlegget er for gamalt. Ein må i tillegg oppgradere og omorganisere inneområdet for å kunne bruke det på best mogleg måte. Detta er ting som er særleg dyre og komplekse å oppgradere.

 

Kva skjer framover

Det å slå saman Veterinærhøgskulen og Husdyrinstituttet er det forslaget som har kome lengst, men det er mange andre prosjekt på gong. Som du kan sjå på kartet er det veldig mange andre moglege endringar.

SiÅs kan flytte ut av Smia og Studentposten og inn i Meierimuseet, medan Vitenparken kanskje kan finne seg ny plass i dei tomme lokalane etter Studentposten. MINA kan kanskje flytte ut av Jordfagbygningen og inn i Sørhellinga, som hadde gjort at LANDSAM kan flytte ut av Cirkus og Tivoli og samlast i Jordfagbygningen. Denne flyttinga gjer at Handelshøgskolen kan forlate Tårnbygningen og samle alle sine tilsette i Cirkus. I tillegg søker NMBU om midlar frå staten for å pusse opp Meieribygningen, som gjer at ein kan flytte delar av administrasjonen og biblioteket dit. REALTEK skal fase ut brakkene ved Studentenes hus og i staden fortette seg i TF-kvartalet og finne nytt studentareal for eksempel i Damgården eller Fløy 3.

Når alle desse flyttingane er gjort, vert det frigjort store areal i bygningar som Husdyrfagbygningen, Tårnbygningen og brakkene ved REALTEK, samtidig som studentane får fleire og betre fellesareal samla på eitt sted.

I teorien kan alt detta vere faktum allereie i 2030. Og det er planen i følgje arealplanen universitetet vedtok i 2024. Likevel er det vanskeleg å tru at so mykje skal skje på 4 år; at ein skal finne alternative undervisningsrom, og alt det andre som ein må løyse for å få til alle planane. Då vi snakka med EIA om dette var dei samd “Sånn tempoet er her på NMBU, er det ikkje særleg sannsynleg at vi har redusert med 10 % innan 2030. Men vi er forhåpentlegvis godt i gang”.

 
 

Kva kan du gjere?

Sjølv om det ikkje er veldig sannsynleg at prosessen går so fort som den skal på papiret, skal det likevel skje. Om målet om å redusere 5% må ein i praksis kutte eit av dei tre bygga, og for å kutte 10% må ein kutte minst to. EIA meiner at studentar må bidra med sine tankar på overordna nivå gjennom Studentdemokratiet, men at det kanskje er endå viktigare at dei kan påverke endringane som skjer på lokalt nivå ved kvart fakultet. Om du har eit godt forslag vil EIA veldig gjerne at du sender det inn til eia@nmbu.no. Dette er ein endring som kjem til å påverke nesten alle som jobbar eller studerer ved NMBU. Difor bør du setje deg inn i korleis dette kan kome til å påverke kvardagen din, og gjere deg opp ei meining om kva du meiner bør prioriterast, samt kva du fryktar kan bli oversett av folk som ikkje brukar fakultetet ditt like ofte som du gjer.