Ans.Red.

Hvorfor bare Hansa?!

Ans.Red.
Hvorfor bare Hansa?!

Hvorfor bare Hansa?!

Journalist: Henning Gran Kjøsnes
Illustratør: Ingvild Sperstad


Det er mange som har tenkt over kvifor Samfunnet seljer det Samfunnet seljer. Og no som til og med visemennene i PB har sagt at dei lurer på det i revyen sin tidlegare i haust, har vi i Tuntréet endelege høyrt etter og undersøkt saken.

Det var hovudsakleg tre spørsmål vi ville undersøke: kvifor er det berre Hansa på Samfunnet, korleis vel Samfunnet kva dei skal selje og kvifor har UKA alltid so mykje anna? For å få svar på dei to første spørsmåla drog vi innom Samfunnskontoret og snakka med Økonomisjef Egil Natvik Vestrheim og Bodegasjef Rakel Orvedal.

Vi spør: Kvifor er det berre Hansa på Samfunnet, kan de forklare det?

“Vi kjøper inn ølen vår gjennom SiÅs, og dei er forplikta gjennom Nores, ein stor innkjøpsallianse for utestader og andre som kjøper mat og drikke. Dei har Hansa-Borg som hovudleverandør”, seier Egil. Rakel legg til: “Det er ein del av serveringsavtalen”.

Men kva er serveringsavtalen?

“Serveringsavtalen er ein avtale mellom oss og SiÅs om korleis innkjøp og servering på bygget skal skje. Det er difor vi ikkje kan kjøpe mat frå andre leverandørar på huset. Det må gå gjennom SiÅs, med mindre det er avtale om noko anna. Som t.d. at foreiningar kan bestille inn ein annan type øl til revyane sine”. Dei utdjupar med at dei har gode innkjøpsprisar og kickbacks frå Hansa, so det vert fort dyrare drikke.

Kva er detaljane i denne avtalen?

“Vi må betale litt over ein million i året for at dei skal handtere alt det administrative rundt det, skjenkebevilling og lønn til skjenkevakter på alle arrangementa til SiÅs. Så vi har vurdert det og kome fram til at avtalen er gunstig for oss for å sleppe det ansvaret med skjenkebevilling”. Dei har vurdert å ordne skjenkebevilling sjølv, og innkjøp og alt anna sånt sjølv, men har kome fram til at det hadde vore for mykje administrativt arbeid for dei frivillige. I tillegg måtte Samfunnet ha tilsette ein dagleg leiar, og det har ein avgjort at ikkje er den beste løysinga i dag. Samfunnet har i dag ingen tilsette, og å begynne å ha tilsette ville au føre til mange nye reglar med tanke på arbeidsgivaransvar”.

“Men kvifor hadde det vore so styr å ha eigen skjenkeløyve?”, spør vi, og viser til at det t.d. er mange små studentpubar i Oslo som klarer å handtere det på eigenhand.

“Altså ... Det er ganske strenge krav til å ha skjenkebevilling. Og det er jo krav til dagleg leiar som gjer at når du skiftar styre veldig ofte, så er det veldig fordelaktig at det er ein fast tilsett ved sidan av som ordnar det. Så eg trur vi er ganske godt tent med at dei tar seg av det. Dei styrer med alt arbeidsgivaransvar for det”.

Før serveringsavtalen kunne dei ikkje ein gong sette prisane sjølv. Det er generelt meir handlingsrom no enn før, og utvalet er au betre. Dei har fått med seg at det er mange som vil ha meir utval, og fortel at dei jobbar med saken. T.d. andre merker som Nøgne øl. Det er samtidig ofte tekniske problem med andre. Nores har t.d. berre Bayer på keykeg-fat, mens Samfunnet berre har tappesystem med tank.

Større utval under UKA

For å svare på kvifor UKA var so annleis gjekk vi litt lenger ned korridoren til UKE-kontoret og snakka med Serveringsjef Erlend Salvigsen Okkenhaug. Vi spurte om kvifor det er so stor forskjell på UKA og Samfunnet til vanleg. Han forklarte at det rett og slett er mest fordi UKA er ein festival, og at det derfor er meir prosjektretta arbeid, mens Samfunnet er i samanhengande drift. Begge har akkurat same innkjøpsvilkår gjennom SiÅs. I tillegg er det mykje enklare å prøve noko nytt når ein kan forberede seg på forhånd. Og dessutan har UKA alltid mange fleire frivillige enn Samfunnet, legg han til.

Det er ofte sånn at eksperiment i UKA ender opp som ein del av den daglege drifta på Samfunnet, som ølmuggene i Bodegaen. Dei starta som ei UKE-greie. Det er ikkje alltid lett å føresjå kva som fungerer, og det kan variere frå år til år. Cocktail på tapp fungerte dritbra i 2022, men i 2024 vart resultatet veldig middelmåtig. Nokre ting som høyrest kult ut kan fungere dårleg, som breezerbucket, og ting ein eigentleg ikkje trur skal fungere bra, som bokkøl, fungerer fjell. Det at UKA er så klart avgrensa gjer det mykje enklare å vurdere kva som har fungert og kva som ikkje har det. Det gjer det enklare å eksperimentere.