To tubis med Tuva Hebnes

To tubis med Tuva Hebnes
Tek du turen rundt på Campus, kan du vere så heldig å få auge på ein ekte Tuva Hebnes flygande ute i det fri. Du har kanskje sett henne som ein syngjande lærkefugl, ein knipsande fotograf, ein redaktør med Tuntréet under armen, eller som ein fysikkstudent oppslukt i solcelleavbilding. Som ein av dei få overlevande frå den snart utdøydde arten Koronakullet, har ho flaksa rundt på Ås dei siste fem åra – alltid på eit eller anna sprell eller oppdrag. Journalisten får no gleda av å møte Tuva Hebnes i sitt naturlege habitat: Tuntrékontoret. Med sin føretrekte diett – grøn tubis – knekk vi kvar vår og dykkar inn i hennar ville verd.
Det er slett ikkje ukjent for Tuva Hebnes å sitje akkurat der ho sit no, godt planta i den brune skinnsofaen på kontoret. Her har ho redigert bilete til studentavisa, leia redaksjonsmøte, til og med sove – og ikkje minst planlagt mange tidlegare To Brune. Men det som no er nytt, er at det denne gongen er hennar tur til å bli intervjua. Som i alle To Brune-intervju, må vi starte frå byrjinga. Den byrjar ikkje her på kontoret, heller ikkje i Ås – men i ei lita kommune i Rogaland ved namn Tysvær.
Journalist: Marie Tjelta
Fotograf: Nicolai Terland
Røter frå kreativitet og engasjement
Tuva fortel at ho vaks opp på ein liten stad der det ikkje alltid var så mykje å finna på – noko som truleg bidrog til å dyrka fram kreativiteten hennar. Det vart då ho oppdaga pappa sitt gamle speilreflekskamera, at interesse for film og foto slo rot. Saman med vener laga ho alt frå stop-motion-filmar til heimesnekra musikkvideoar og eigne talkshow. Ein annan viktig arena der Tuva fekk utfolde seg, var teater på kulturskulen. Som eit litt sjenert barn fekk ho der moglegheit til å sleppe seg laus. Skapargleda har Tuva halde varmt om hjartet sidan.
I tenåra spirte gnisten for frivillig arbeid. På vidaregåande var ho med og starta ei lokal gruppe for Strømmestiftelsen, og ho vart raskt den som fekk andre elevar til å engasjere seg og bidra til deira innsamlingsprosjekt. “Det var kjekt å kjenna at engasjementet mitt faktisk kunne gjere ein forskjell”. Etter vidaregåande drog ho til Uganda for 6 månadar i praksis for Strømmestiftelsen gjennom Hald Internasjonale Skule, der ho arbeidde med lokal ungdom og fekk setje engasjementet sitt for ei betre verd ut i praksis.
Det beste av to verder
Ein skulle kanskje tru at med bakgrunnen frå året på Hald at Tuva ville studere utviklingsstudiar, men realfaga har alltid lokka. Kombinasjonen av engasjement, kreativitet og realfag har alle vore viktige element i livet til Tuva – the best of both worlds. Ho brenn for berekraft og fornybar energi, derfor vart studiet Miljøfysikk ved NMBU eit naturleg val.
Leikar med livet og utfordrar skjebnen
Historia om Tuva Hebnes på Ås er ei forteljing om å slå rot, blomstre, syngje, skape – og om ein pannelugg som har vore med på det meste. Skjebnen hadde allereie valt for Tuva at ho skulle bli med i Sangkoret Lærken då mesteparten av fadderane hennar var lærkar. “Eg trur ikkje eg hadde turt å søkja så tidleg i studietida på eige insj”, seier ho. Men med folk rundt seg som sa “sjølvsagt skal du vere med!”, fekk ho mot til å kaste seg ut i det. Slik blei “LekermedlivetogutfordrerskjHebnes” med som sopran i songkoret – eit namn som fangar Tuva si tid på Ås overraskande godt.
Tuva vart glad for at ho fekk eit innhaldsrikt første semester med Lærken og UKA 2020, før pandemien igjen låste ned samfunnet med stor og liten S våren 2021. Det semesteret vart brukt tilbake i Tysvær, men eit snev av Ås-ånda blei med heim gjennom korøvingar, møte og digital revy over Zoom. “Den tida har eg nesten fortrengt”, flirar ho. Då Campus opna att, smalt det: Tuva vart vald til leiar av linjeforeininga MILjøFysikerne (MILF), revysjef for Årets beste Lærkerevy 2022, og seinare Administrerande Direktør for songkoret. Ho fortel at det var ei stor ære å få leiarroller allereie så tidleg i studietida. Dette vart berre byrjinga på hennar “girl boss”-era.
Tida bak kameraet
Pappa sitt gamle kamera skulle vise seg å bli Tuva si inngangsbillett til studentavisa Tuntréet. Romkameraten hennar, Sofie Bergset Janols – dåverande påtroppande redaktør – overtalte henne til å bli med som fotograf i slutten av 2021. I dag tenkjer mange på foto som Tuva si ‘greie’, men på dette tidspunktet kjende ho seg langt ifrå proff nok for Tuntréet. Omsider fann ho ut at studentavisa ikkje var skummel, men heller ein leikeplass der ein kunne prøve seg fram. “Her gjer vi ting på vår eiga måte – det er fritt spelerom til å vere litt noob og lære”, ler ho.
Som fotograf fekk ho mange fotooppdrag, lærte å dokumentere Campus-livet og vart med eitt kjend som “ho med kameraet”. Seinare som fotoansvarleg fekk ho ein ny heim: fotostudioet over Aud. Max. Tidlegare redaktør Tord K. F. Andersen lærte ho Photoshop, og ei ny, uendeleg verd opna seg for Tuva. “Det er som eit blankt lerret”, seier ho.
Etter ei stund vaks tanken fram: kunne ho bli redaktør? “Nei, eg hadde jo ikkje særleg skriveerfaring”, protesterer ho. Men engasjementet for korleis Tuntréet skulle driftast og sjå ut brann sterkare enn tvilen på seg sjølv. Dermed stilte ho til val på GF hausten 2023 – og vann (journ. anm.: over meg...).
Ei uperfekt, perfekt avis
“Så vart eg redaktør då – saman med Martin”, ler ho varmt. Dei vart veldig forskjellige menneske, men dei to motpolane fann ein felles rytme som journalistredaktør og ansvarleg redaktør våren 2024. Det vart intenst, lærerikt – og eit oppgjer med perfeksjonismen. “Du har ikkje tid til å vere perfeksjonist når du skal produsera 52 sider kvar tredje veke,” forklar ho. Eit sitat frå Martin som vart viktig for Tuva var: “Shit happens, Tuva”. Alt trong ikkje vere blodalvor i studentavisa – det viktigaste var å ha det kjekt.
Ho fortel at tida som journalistredaktør, med ansvar for alt innhald i avisa, var både slitsam og utruleg kjekt. Tuntréet var på hjernen 24/7, og ho tenkte stadig på nye, spennande og gøyale saker. Samtidig vart det ei letting at rolla berre varte eitt semester. Då ho seinare tok over som ansvarleg redaktør, kunne ho gi det kreative ansvaret vidare til journalistredaktør Marie Tjelta (journ. anm.: meg!) og fokusere meir på å ivareta redaksjonen. Mange i redaksjonen omtalar henne som ein kjærleg ‘mammabjørn’ (rawr) – ei som rettleia, inkluderte og stod opp for folka sine når det trongst.
Livet som ikkje var ein sjølvfølge
Å få ein To Brune kan fort føre ein inn i ein liten eksistensiell krise. Ein har på eit vis runda Ås-livet – og no er alt snart slutt? Dagen før intervjue bladde Tuva tilbake i kalenderen på telefonen – dei siste åra har kvar einaste dag vore fylt til randen med fargekoda hendingar og påminningar. Ho har vore på farten frå morgon til kveld, alltid med noko som venta. Då ho såg tilbake på alt ho hadde gjort, vart ho nesten litt overvelda.
For det er kanskje ikkje så mange som veit kor urealistisk livet Tuva har levd på Ås eigentleg var for henne nokre år tilbake. På ungdomsskulen fekk ho nemleg diagnosen ME – eit kronisk utmattingssyndrom. “Det var brutalt då eg fekk diagnosen, det er ein veldig omdiskutert og komplisert liding”, sukkar ho. All helsehjelpa ho fekk tilbod om var ein dusjkrakk, fortel Tuva litt tragikomisk. Heldigvis fekk ho plass på alternativ behandling tidleg i sjukdomsforlaupet. Det vart eit vendepunkt – og ho kan i dag leike med livet og utfordre skjebnen til det fullaste.
“Når ting kjennest håplaust, finn eg styrke i å gå tilbake og tenkje på korleis livet kunne blitt,” seier ho. Ho fortel kor frigjerande det var å kome til Ås – ein stad der sjukdomshistoria ikkje følgde henne slik som heime. “Eg kunne berre gønne på,” seier ho med eit smil om munnen.
Å ta farvel med Ås
Til jul vil Tuva ha levert masteroppgåva si om feildeteksjon i norske solcelleanlegg – og då er tida som student på Ås ved å gå mot slutten. Ho kjenner på ei blanding av spenning og vemod over å skulle tre inn i det såkalla vaksenlivet. “Det har vore så mykje fridom på Ås”, seier ho tankefullt. “Eg er litt nervøs for å miste det”.
Ho kjem til å sakne fellesskapet og det nettverket Ås har gitt henne. Ho minnest den første dagen ho viste familien rundt på Pentagon. “Dei sa ‘alle her ser jo ut som Tuva’,” ler ho. På Ås fann ho eit miljø som delte verdiane hennar. “Eg har aldri hatt så sterk fellesskapskjensle som her på Ås”, seier ho. Det blir vanskeleg å ta farvel, men ho veit òg at Ås har gitt henne noko ho tek med vidare – evna til å ta initiativ.
Når vinteren igjen legg sitt kalde grep om Ås-bobla, vil Tuva Hebnes trekkje videre mot nye strøk. Ho kjem til å bli sakna i økosystemet som er studentmiljøet på Ås – men hennar leikande fuglesong vil alltid henge att fjernt over Campus.
Hilsener
Kjære Tuva!
Vi i S. Lærken er utrolig takknemlig for at du er en trygg og god person i vårt kor. Du ser de rundt deg og jobber for å få alle med. Din varme og godhet er en stabil trygghet i vårt kor, som kommer til å bli savnet når ryggen krokes. Omsorgen du gir er inspirerende, og du viser vei til hvordan å ta vare på hverandre. Man vet alltid at hvis det er noe kan man komme til deg.
Selv om du er en trygghet, stopper ikke dette deg fra å bli med på leken. Kortnavnet ditt Leke passer deg godt. Du er ikke vanskelig å be og blir med på de rareste ideer. Det er alltid en fryd når du er med på lærkeartigheter, og du sprer lærkeånd rundt deg. Du har gjort mye i løpet av din Ås karriere, men selv om timeplanen er tett har du tatt tid til oss. Vi er kjempeglade for at du har villet sprede din glede (ånd, og kultur) i vårt kor, og videre ut til Agrarmetropolen. Takk for at du vil leke med oss.
Hilsen kvinnsrekka i Sangkoret Lærken
Tuva er liksom engasjement med pannelugg. Det er derfor ikke så rart at hennes tid i Tuntréet startet med å bli shanghaiet inn som fotograf, kanskje mest fordi vi trengte folk som henne. Vi fant fort ut at hun har et godt øye for fotografi (det andre øyet har vi ikke sjekket). At det er over tre år siden allerede føles helt sykt ut. Tuva ble ikke bare fotograf, men også foto-KS - og redaktør! Kult.
Tuva har styrt redaksjonen med tålmodighet for Dinos ablegøyer, overlevd Samf med verdighet, og balansert kreativt kaos med sjelden ro. Hvis Tuva først kjefter på deg har du liksom fortjent det. Hun er den som kan være med på nach, og så møte opp på kontoret noen timer senere fortsatt med stil, et smil, og en “kaffe” i hånda.
Som en fyrlykt er hun varm, stødig, og sprer lys, selv når hun går rundt med tett nese og 2% energi. Hun ser folk, og hun ser deg. Tuva er absolutt en du vil ta en øl med, en du vil ha på laget, og en vi er utrolig glade i.
Takk for at du skinner lyset ditt på oss.
-De overmodne jordeplene fra Tuntréet
Kjære Tuva,
Siden the good ol’ Petangon-days, da vi var nyfikne på alt Ås-livet skulle by på, har du spilt en viktig rolle i våre liv. Sammen har vi utforsket DIY-artighatter, sitroner i skiver, hvite kaniner, Goggo, zelen, rulleskøyter, stemmeøvinger, bullepike-tilværelse i Corona, milf og pils, utflukter til skog og fjell og by. På denne reisen gjennom studietida har du vært en kreativ oase, full av initiativ og stå-på-vilje. Du mestrer alt fra avansert solenergi-forskning til videoredigering og hagestell. Du ser de rundt deg, du tør å spørre, og vi er heldige som får være deg nær.
Sissi, vi er imponert over hvor sterk du er. Så langt har livet vært langt mer stormfullt enn forventet. Noen ganger føles skjebnen urettferdig. Likevel vet du hva som skal til for at ting skal bli litt bedre. Iblant har stormene vært for store. Da har vi kunnet dele tyngden. Vit at vi er her for deg, uansett.
Leke, du liker å være “der det skjer”, og ofte er du også grunnen til at noe skjer! Det setter vi pris på. Noen ganger skjer det litt for mye, du er jo en ekte vervhore, og da ser vi deg ikke så mye som vi skulle ønske. Likevel drar du alt i havn. Skulle ønsket tiden i Musebu kunne vart et par år lengre. Nå er det kanskje nok nostalgi. Wow, er du klar?? For nye reiser? Du nailer masteroppgaven, we know.
Stor klem fra Pernille, Pauline, og Åsne