Visste du at: Det var ein Elg på Ås

Visste du at: Det var ein Elg på Ås
Journalist: Henning Gran Kjøsnes
Korleis ein utstoppa elgokse hamna i rullestol og på TV
Akkurat kor elgen Thorvald kjem ifrå er det ingen som veit, men det var ein gong før krigen. Den gongen hadde NLH (nå NMBU) ein tilsett som berre jobba med å stoppe ut dyr. Tuntréet har snakka med ein elgvitar frå før krigen, og ikkje ein gong han visste svaret. Det kan hende svaret ligg gjømt i eit eller anna nedstøva arkiv, men det er ikkje lenger i manns minne.
Det ein veit er at den i over 70 år var ein liten, men hyggeleg, del av studiekvardagen der den sto i 4. etasje i Urbygningen. Ein tidlegare student kalla han for ein «god kamerat som aldri dro på lesesal». Thorvald skal i sin tid ha vore med på mange festar. Det tyder på at han var godt selskap, for han var vanskeleg å flytte på med ein vekt på fleire hundre kilo. Og som alle gode lokalkjendisar var han på TV på 80-talet, og hadde til og med eigen stunt-elg!
Elg på scene?
Korleis starta karrieren som kjendiselg? Ein kan tenke seg at elgen vart lei å stå på Ur og fekk scenefeber – enten det eller so var studentar på 70-talet like glade i dårlege idéar som vi er i dag. Resultatet var i alle fall at elgen vart med på både revy og nach. Eit anna mogeleg teikn på at elgen var lei av å vere undervisningsobjekt på Ur, var at den vart ståande i Festsalen i fleire veker. Det kan hende at det var tungt å vere ferdig med ein revy på 70-talet, og at å hjelpe ein 400kg tung elg heim frå nach plutseleg vart litt for mykje.
Elg på tv!
Men korleis enda Thorvald opp på TV? Tidleg ein morgon på eit skogbrukarnach i ‘86 satt det ein gjeng og snakka om korleis ein skulle marknadsføre UKA-86. Nokon foreslo å melde seg på tv-programmet ‘Ta-sjansen’. Dei teikna fort ei skisse av elgen på eit surfebrett. Oppå elgen vart det teikna to ryttarar med lange årar som skulle sørge for at heile innslaget skulle halde balansen. Når NRK faktisk valte elgen blant ca. 700 andre søkande innsåg dei at det kom til å vere enklare sagt enn gjort å sette idéen ut i livet.
Ikkje berre var elgen altfor tung til å vere med sjølv, men den var faktisk eid av NLH og brukt i undervisning. Om det skulle skje eit uhell og elgen vart våt ville det gå ut over undervisninga. Ein fant derfor fort ut at ein trengte ein stunt-elg. Etter å ha lett i Volls- skogen utan hell, fant dei ut at dei skulle bygge ein stunt-elg i strie og isopor, med eit elghovud nokon fant oppe i Odalen.
Begge elgane vart frakta til Oslo i ein ekvipasje med kvar sin limousin og hestehengar. I forsetet satt PB-menn i kappe og flosshatt. Dei som tilfeldigvis gjekk langs Karl Johan den dagen fekk oppleve litt ekte Ås-Qltur! Som ein kan sjå på bileta gjekk sjølve framføringa bra, og dei vant miljøprisen.
Diverre hadde ein berre fått den tillatinga som var mogeleg å få og ikkje den som strengt talt var naudsynt å få. Zoologisk institutt trua med å utvise UKE-sjefen. Då måtte dei som eigentleg sto bak stå fram i Tuntréet, med solbriller på, og seie: «UKE-sjefen må frikjennast!» Heldigvis fant administrasjonen til slutt ut at det i grunn var ganske løye og eit «Særs vellykka PR-framstøyt», og gjorde ikkje noko meir ut av det.
Postskript
Diverre vart det ikkje sånn at elgen skulle leve lykkeleg i alle sine dagar, for etter mange rolege år hamna Thorvald i livsfare. Ein skulle renovere Urbygningen. Som mange andre før undervurderte Statsbygg kor tung elgen var, og bestemte seg for å destruere elgen i staden for å prøve å flytte dyret ut.
Elgen var ikkje lenger like kjent og det såg ut som det kom til å vere ein stille slutt på karrieren. Men dei som huska glansåra til Thorvald på 80-talet, og som trufast kamerat gjennom studietida kunne ikkje la det skje. Dei tenkte til dømes at dei kunne sette elgen på ein elektrisk rullestol, og bruke den til å trene hundar. Uansett kom den til å ha godt av å kome tilbake til skogen, og av å kunne røre seg igjen. På grunn av tidsfristar var Statsbygg overraskande sta, men ved hjelp av ein riksdekkande mediekampanje gjekk det likevel.
I dag er Thorvald på Høylandet og har fått mobiliteten tilbake ved hjelp av ein EL-rullestol. Han trenar hundar, og er med i NM i revy. Eit velfortent pensjonistliv! Har du har lest artikkelen og angrar på at du aldri har møtt elgen? Då har vi ein gladnyheit til slutt; det går rykte om at Thorvald kjem att til Ås om han får den velkomsten han fortener!