Annlaug Pijfers

Lat oss gjenopplive YouTube!

Annlaug Pijfers
Lat oss gjenopplive YouTube!

Lat oss gjenopplive YouTube!

Ei verd utan YouTube er ikkje ei verd verdt å leva i. Tuntreet har snoka i YouTube-arkivet til NMBU sine foreiningar, og her har vi funne mange Amandaprisverdige filmar.    

Journalist: Åsne Sørlie-Nordnes

Den X-Clusive Stiftelse PB  
Tal filmar: 1  
Tal abonnentar: 3  

Den einaste filmen PB har publisert, er ein vakker teaser til deira revy i 2015. I videoen visast klipp av Samfunnet, i takt med Highasakite sin hit «Since last Wednesday». PB-flagget veivar i vinden, det er klart for revy i Aud.Max og ein lettkledd PB-Mand står på taket med motorsag. Det er berre å ta av seg hatten! Gi folket meir!  

Hankattforeningen st.1902  
Tal filmar: 10  
Tal abonnentar: 10  
Kanalnamn: hankattforeningen  

Her er det lenge sida det har vore aktivitet. Videoane er heile 11 år gamle, og kvaliteten ber preg av dette. Det skal likevel seiast at dei har produsert mykje gull. Her er det ikkje berre revyintroar, men også musikkvideoproduksjonar, ein dokumentarfilm om SiÅs, 30 000 meter øl og svelging av egg. Ta dykk ein tur inn i katteuniverset.   

  

Foreningen Hunkatten   
Tal filmar: 12  
Tal abonnentar: 6  

Dette er interessant. Hunkattene har videoar ute på nett under eit anna namn. Det er tydelegvis 10 år sida  denne X-hunkatten gjekk på Ås, for her har ho lagt ut den eine spennande revyvideoen etter den andre. Det finnast og ein skrekkfilm ved namn «Filmen», Farmen – Ås og ikkje minst ein video der Hunkattene invaderer Hankattloftet. Det er kanskje på tide å opprette ein eigen kanal til Hunkattforeningen. Berre eit lite tips @Hunkatter.  

  

Collegium Alfa  
Tal filmar: 7  
Tal abonnentar: 9  
Kanalnamn: Collegium Alfa  

For ei kinematografisk uppleving! Her er det nokon som kan å redigere. Vi pratar slow-motion, fine vinklar, bruk av drone, eksplosjonar osv. Mange av videoane er i forbindelse med revyar, men det finnast og eit par invitasjonar til infovors. Kontrasten mellom desse og musikkvideoen «Attitudeproblem» er stor.   

  

Broderskapet Unity  
Tal filmar: 12  
Tal abonnentar: 16  
Kanalnamn: Broderskapet Unity  

WOW! Sjølv den 11 år gamle videoen er av ypparste kvalitet. I arkivet er det fleire musikkvideoar, og reklamar for UKA-barane opp igjennom tidene. Det ligg også ute ein særs imponerande trailer. Det er berre å glede seg til å sjå!  

  

DÅs - Dans Ås   
Tal filmar: 5 + 4  
Tal abonnentar: 6 + 6  
Kanalnamn: DÅs Styret & DÅs Pr  

Dette er så bra det! Dås har to ulike kanalar, ein for pr, og ein for styret. Begge inneheld fete dansevideoar og heile  FÅRestillinga frå 2017. Det er berre å setje på ein video og bli med å danse!  

  

Feminin & Fornem  
Tal filmar: 4  
Tal abonnentar: 28  
Kanalnamn: Feminin Fornem 

Dei har kanskje berre 4 videoar ute, men dei er helt topp (gun)! Say no more.   

  

Mannskoret Over Rævne  
Tal filmar: 78  
Tal abonnentar: 67  
Kanalnamn: Mannskoret Over Rævne 

Ein video per revysketsj, ein video per song, det blir det mange videoar til saman av. I tillegg finnast ein fantastisk intervjuserie, der folk på gata i Oslo blir intervjua. Den mest spektakulære av dei alle er videoen «Det store storslaget» mellom IVAR og Rævne. Denne videoen byr på ville kampscener!  

  

Pikekoret IVAR  
Tal filmar: 12  
Tal abonnentar: 555  
Kanalnamn: IVAR 

Denne kanalen inneheld sensasjonelle musikkvideoar, sketsjar, songar og blomar. Ikkje rart dei har så mange abonnentar!  

Sangkoret Lærken  
Tal filmar: 7?  
Tal abonnentar: 11  
Kanalnamn: Sangkoret Lærken 

«Welcome to my youtube channel. My channel content is geared towards vlogs and country travel. ♥Thank For Watching♥». Slik lyder biografien til Lærkens kanal. Her finnast eit opptak frå julekonserten i 2013, og ein del langvarige videoar av asiatiske seremoniar. Det er mykje mogleg at denne profilen har blitt hacka. Enjoy.   

  

Sangkoret Noe Ganske Annet  
Tal filmar: så mange at det å telje blir tidkrevjande   
Tal abonnentar: 75  
Kanalnamn: Sangkoret Noe Ganske Annet 

Eit bredt spekter av konsertopptak, kabaret, teasere, med meir. Til og med i koronatid har dei klart å smelle saman ein korvideo, der alle har spelt inn lyden individuelt. Imponerande!  

UKA i Ås  
Tal filmar: 70 ish  
Tal abonnentar: 93  
Kanalnamn: UKA i Ås 

Ingen tvil om at dette er kvalitet. UKE-revyar, opptak frå festivalen, artistpresentasjonar og rekrutteringsvideoar. Sjå desse videoane og mimre tilbake til betre tider!  

Samfunnet   
Tal filmar: 22  
Tal abonnentar: 23  
Kanalnamn: Samfunnet i Ås 

Det er fire år sida det vart lasta opp ein video på denne brukaren, og det året vart halvparten av videoane lasta opp – alle handla om generalforsamlinga. Kanskje på tide å laste opp noko  att?  

  

NMBU  
Tal filmar: mange  
Tal abonnentar: 1,02k  
Kanalnamn: Norges miljø- og biovitenskapelige universitet 

Informative videoar. Ikkje ein einaste revysketsj, og likevel flest abonnentar.   

 

Tuntreet  
Tal filmar: 9  
Tal abonnentar: 14  
Kanalnamn: Tuntreet Studentavis 

2015 var tydelegvis eit aktivt film-år for Tuntreet, for alle dei 9 videoane er lasta opp da. TT-TV har blant anna dokumentert Kurt Stilles Minneløp, fergerace, 3000m øl og innspeling med Rockeklubben.   

  

YouTube er døyande. Vi i TT-TV vil med dette oppfordre alle til å bingewatche foreiningsvideoar på YouTube, og utfordre foreiningane til å produsere fleir YouTube-videoar som vi kan kose oss med i vår digitale koronakvardag. Snurr film.