Annlaug Pijfers

Ingen trettiårs-krise for Swingklubben

Annlaug Pijfers
Ingen trettiårs-krise for Swingklubben

Ingen trettiårs-krise for Swingklubben

Swingklubben Snurrebass vart stifta for tretti år sidan, og har i den anledninga invitert oss på besøk. Eg har sjølv sagt at eg skal møte “neste torsdag!” i snart fem år, og har dermed vanskeleg for å takka nei.

Journalist: Julie Westergaard Karlsen 
Foto: Sunniva Buvarp Schmitz

Lågterskel jubilant 

Swingklubben Snurrebass møtast to gonger i veka – måndagar og torsdagar. Nybegynnarkurs arrangerast den fyste torsdagen i månaden, men eplekjekk som eg er, møter eg opp på vidaregåandekurs. Eg har tross alt dansa på fylla fleire gonger, utan at nokon har tatt skade av det. Swingklubbens kurshaldarar er fleksible og hyggelege, og sett i gong eit intim-nybegynnarkurs for meg og eit par andre nykommarar. At ingen har tatt skade av dansinga mi forstår eg fort skyldast flaks, og ikkje ein medfødt evne til å danse swing; etter berre eit par minutt får eg beskjed om å danse med hofta, og ikkje kneet. Sjølvtilliten fekk seg straks ein knekk. 

Eg blir vidare nedbrote når eg innser at eg må forsyne meg av vann i plastkopp, mens dei andre har tatt med flakse heimanfrå, slik som dei blir instruert til på gruppas Facebook-gruppe. Tuntreet blir nok ikkje miljøfyrtårn med det første. 

Trass mine feiltakingar blir eg godt mottatt av snurrebassane, og særleg Veronika Holm, Steinar Nicolaisen, Synne Mathilde Tande-Petersen og Carl Henrik Syvertsen- Kobbeltvedt, styremedlemmane som er til stades. Dei beskriv foreininga som lågterskel, men gir inntrykk av at ein kan være ganske travel om ein ønskjer det. Særleg no, som det er jubileum. 

SBS_8355.jpg

Swing'it Dixie og Swing'it Everything 

Ein eigen Jubileumskomité er satt, og saman med samfunnet har de fått Swing’it Dixieband til Ås. – Ein kan sjå på kvelden som vårt svar på jubileumsrevy, fortel styret. Men det er ikkje nødvendig med swingband for å invitere til vors og kurs. Kurshelger arrangerast som regel ein gong i semesteret, og dei samlar seg som regel til vors før konsertar med passande swingpreg; Staut-konserten gler dei seg vertfall til. 

  • Kan ein ikkje danse swing til alt då? 

  • Jo. Eg har sett det meste, svarar Synne Mathilde. 

  • Eg har dansa swing til Rockebodega, skyt Steinar inn. 

SBS_8138.jpg


Tettpakka jubileum 

Swingklubben har mykje anna enn vors og Swing'it Dixieband på plakaten. Dei skal blant anna Swingbaluba, og har planer om å invitere foreiningane på ein real bursdagsfest. Blant dei kjæraste gjestane finn ein Studentstorbandet. Kontakten mellom dei to er god, og Swingklubben blir ofte invitert til å danse på generalprøver og liknande. – Det er alltid betre å danse til livemusikk! får eg høyre. 

Swingklubben ønskjer også å markera dei årlege balla sine litt ekstra. Dette er dei einaste arrangementa, forutan kurshelger, som berre er opne for medlemmar. – Men ein kan melde seg inn på dagen! blir eg fortalt.

Kopi av DSC_0188.JPG
Kopi av Heidi Engeland Graskurs Del 2-24.jpg

Gode minner

I forbindelse med jubileumet fekk eg prata med et gammelt kjærestepar; Kornelius Paulsen og Kine Grøndahl. Kine var aktiv frå 2007 til 2010, mens Kornelius var aktiv frå 2005 til 2011. Kine var blant anna med når dei karakteristiske rosa skjørta blei sydd. – De ble sydd i 2010 til en oppvisning hvor de danset både swing og tango, opplyser ho.  
–  Kva er det det beste minne ditt frå den tida? 
–  Mitt beste minne med swingklubben er ikke en enkelt hendelse, men stemningen og samholdet, forteller Kine. – Vi hadde det alltid gøy, vi var alltid svette og vi fikk hver uke kjeft av vaktmesteren for «å ha strødd potetmel på gulvet for å få bedre gli.» Det ble så mye ekstra arbeid å rengjøre etter oss. Sannheten er at dansingen lager støv av boninga, men det ble vi ikke trodd på. Kornelius mimrar tilbake til pallplasseringar og utferder; – Beste minnet fra den tiden var da vi dro inn og var med på Oslo Open. Jeg og Tonje Yndestad kom på andre plass.  

Dobbel kjærleiksgaranti? 

Kornelius og Kine er ikkje dei einaste som møttest på swing. Eg har sjølv ei venninne som fann kjærleiken ved å bli bedt opp til dan på Swingklubbens arrangement. No som Valentinsdagen nærmar seg, må eg sjølvsagt spørje: – Er det vanleg å finne kjærleiken på Swingkurs? Det viser seg at eit par er skyldig i det sjølv. Konklusjonen kjem etter ein kort tenkjepause; – Det gir ein ekstra boost til kjærleiksgarantien.