Annlaug Pijfers

Tilfluktsrom på NMBU

Annlaug Pijfers
Tilfluktsrom på NMBU

Tilfluktsrom på NMBU

Tiåret starta med ein overhengande trussel om atomkrig. Tuntreet var difor raskt ute med å kartlegge moglegheitane for overleving, i form av NMBU sine tilfluktsrom, også kalla bomberom påf olkemunne.
Er du redd for ein tredje verdskrig med Trump ved roret? Veit du kvar du skal søke tilflukt dersom NMBU vert angripe?

Journalist: Marit Andrisdotter Kvam

Foto: Tord Kristian F. Andersen

Medvirkende: Simen Walbækken Tangen

Kvar var du då sivilforsvaret testa sireneannlegga sine? Har du tenkt på kva du må gjere dersom det ikkje er ein test lenger? Tuntreet erfarar at NMBU har registrert ni tilfluktsrom på sine eigedommar, og SiÅs har ytterligare to. Det er også eit offentleg tilfluktsrom i sentrum. Desse er fordelt javnt over campus, og det kan løne seg å finne det som er nerme deg. Med andre ord; Då vil du ikkje stille dårleg om ulykka fyrst skulle vore ute og ein treng ein stad å søke tilflukt.

Tilfluktsrom_Tord.Kristian.Fjellheim.Andersen-9597.jpg

Kva er eit tilfluktsrom?

Sivilforsvaret definerer eit tilfluktsrom som «... permanente vernerom som vil kunne redusere omfanget av skadar på befolkninga som følgje av krigshandlingar.» Dei aller fleste vart bygd i etterkrigstida, særleg under den kalde krigen. Det er registrert omtrent 20 000 tilfluktsrom i Noreg idag, med plass til om lag 2,5 millionar menneske. Dei fleste ligg i sentrale strøk – bur du perifert er det berre å førebu seg på dommedag.

Roterom

Så kvar er desse avdanka tilfluktsromma? NMBU si eigedomsavdeling kunne meddele at det er tilfluktsrom på TF, Sørhellinga, Jordfagsbygningen, Vollebekk og på Husdyrfagbygget. Etter kontakt med sivilforsvaret og SiÅs kunne vi bekrefte ytterliggare 6 på campus og Pentagon som vist på kartet. Om det er tilfluktsrom i det nye veterinærbygget er uvisst. Tuntreet lykkast ikkje i å oppnå kontakt med byggherren.

infomap_nmbu.png

Eigedomsavdelinga låste oss inn, og vi besøkte tilfluktsromma på TF, Sørhellinga og Jordfagsbygningen, samt det på Mølla. Alle romma vi besøkte er i dag brukt som arkiv og lager. Det er noko varierande kapasitet på tilfluktsromma. Felles for alle er dei karakteristiske gule skilta, som syner veg med glødande gulfarge; «TILFLUKTSROM.» Og dei tunge overdimensjonerte dørane som skal skjerme oss for strid og naud. Det største av dei tre romma er på Sørhellinga, og kan romme 350 menneske – i dag brukas det som arkiv, og rommar eit par tusen bøker. Nødutgangen kjem ut under ei rist på baksida. Av fasilitetar er det både dusj og tørrklosett. Om lufta vert giftig er det også eit større luftrensesystem. På TF-bygget har rommet ein kapasitet på om lag 150 menneske. Her er det lager av alt frå bilete frå landbruksutstillinga på Ekeberg, samandrag frå mjølkekuseminar frå 1987 og gamle datamaskinar. Sjølv om tilfluktsromma er konstruert til å ivareta menneske, brukas de no til å bevare verneverdige teknologiske innretningar. Skulle ein mot formodning ha bruk for rommet har ein nok av underhaldning, og ein har fasilitetar som vasstank og klosett. Tilfluktsrommet på jordfagbygget bar preg av alderen, med tynne dører og kapasitet til berre 30 menneske. Her var det mykje rot, og lukta ironisk nok jordkjeller. Her var det nødutgang med ei svært rusta luke. Det er med andre ord tvilsamt at ein kjem seg ut.

Tilfluktsrom_Tord.Kristian.Fjellheim.Andersen-9571.jpg



Det er lett å spekulere i korvidt NMBU set utrangerte datamaskinar høgare enn studentar, men dette er ikkje tilfellet. Om ei ulykke inntreff, har eigaren av tilfluktsrommet 72 timar til å klargjere det før bruk. Dette står i Forskrift om tilfluktsrom § 36 andre ledd, andre punkt. Sjølv om dei nyttast som lager, er dei fortsatt registrert som «aktive». Sikkerheitsinformasjonen teipa på veggene er derimot ikkje oppdatert på fleire tiår.

Tilfluktsrom_Tord.Kristian.Fjellheim.Andersen-9630.jpg

How to; Bomberom

Om ulukka er ute, og du nokon gong får bruk for eit tilfluktsrom, har sivilforsvaret nokre oppmodingar om kva ein bør, og ikkje bør ha med seg. Tilfluktsrom skal brukast for å verne sivile mot krigshandlingar. Frå gamalt av var dette særleg bombeangrep, nyare bomberom derimot beskyttar mot atomangrep, kjemiske angrep og andre fararder ein ikkje bør vere over bakken.

Sivilforsvaret oppfordrar til å ta med legitimasjon (viktig, enten du skal på Samfunnet eller i bomberom!), toalettsaker og medisinar, soveutstyr, niste, drikkevarer og lesestoff. Lesestoff vert ingen problem i dag, om du må søke ly i arkivet. Hugs at leiaren kan forby høgrøysta samtaler og ytringar som kan bidra til å skape uro og angst -- Altså, finn tilfluktsrommet, ta med deg nok til å overleve ei stund og forhald deg i ro. Tilfluktsromma er sus frå fortida. Frå tida folk laut ta stilling til kva de skulle gjere om det ble krig i Noreg. Sjølv om tilfluktsrom kanskje ikkje verkar like viktige for oss i Ås i 2020, er dei ei påminning om det som kunne vore, og det som kan verte.

Tuntreet vil særleg takke Rune Larsen frå sivilforsvaret, og Gunnar Pretorius frå NMBU si eigedomavdeling for særs god hjelp.