Halvor Ekeland

Alle er taparar i tronge kjønnsroller 

Halvor Ekeland
Alle er taparar i tronge kjønnsroller 

Ås feministiske studentar inviterte til samtale om rolla til menn i feminismen. Diskusjonen poengterte at utan bidraget til menn er vi alle taparar i tronge kjønnsroller. 

Kva skjer med menn i feminismen? 

Ut av dei 16 personane som var med i samtalen, var berre tri menn. På lik linje som elles i samfunnet var foreininga generelt skuffa over fråværet av menn i diskusjonen omkring feminisme. Dei var einige om at dersom fleire menn ville delteke meir i feminismen, hadde det vore lettare å nedkjempe kjønnsrollene som sitt i tradisjonen og i dagens samfunn. Det finnes sjølvsagt nokre menn som kallar seg sjølv feministar, og som kjempar saman for å få likestilling. Likevel i kvardagen, er det sjeldan menn tek tak i små situasjonar kor det skjer kjønnsdiskriminering, eller tek tak når nokon seier eller gjer noko sexistisk. Samtidig finst det òg tal som viser at mange menn òg kjenner seg undertrykt i dag.  

 

Statistikken sjokkerer  

Historisk sett har kvinner vorte meir undertrykt enn menn, men igjen - det tyder ikkje at feminisme berre er ein kvinnekamp. 

 

Ås feministiske studentar diskuterte kor mykje ein skal freiste å engasjere fleire menn i feminisme, for å belyse folk om at feminisme òg handlar om rettane til menn. Eit forslag som vart teke opp i samtala var å ha ei eigen grein innan feminismen, som var reservert menn. Med det kan menn føle at det vert lettare for ein å opne seg opp, ved å dele tankar med andre menn som er i same situasjon. På den andre sida, påpekte nokon at ein individuell grein for menn innan feminismen kan skape eit gap mellom interessene til menn og kvinner. Dette vil dermed motverke føremålet til feminismens om likestilling, både for og mellom begge kjønn. Nokon meiner det er feil at menn skal engasjere seg i feminismen for å fremje eigne rettar og interesser, utan å ta del i kvinnekampen. Samtidig verkar det nødvendig at menn skal kjenne at deira saker vert teken like alvorleg som sakene til kvinner, for at dei skal ville engasjere seg i feminismen. 

 

Kommunikasjon er nøkkelen  

Med det gjekk samtalen meir over på å handle om kva for nokre konkrete fordelar som kjem ut frå bidraget til menn i feminismen. Gruppa delte erfaringar, spesielt om korleis kommunikasjon med og mellom menn hadde vore betre utan norma om at menn ikkje får gråte eller vise følelsar. Dette er urovekkjande, i og med at det heng saman med blant annan dei høge sjølvmordstala blant menn. Om menn følar dei kan vere meir opne, vil dei òg verte flinkare til å pleie sunne relasjonar, anten det er med ein kjæraste, veninne, mor eller syster. Dersom menn var flinkare til å vise følelsar i lag med kvarandre, ville dessutan ikkje jenter stadig måtte føle at dei må ta ansvar for menn sine vel og ve, noko som òg forbetrar dynamikken i forholda mellom menn og kvinner.  

 

 

Feminist med eiga fritid 

Innan feminisme er det viktig å hugse på å skile hobbyar frå oppførsel eller identitet. Mange kan tru at dei ikkje kan vere feministar, fordi dei har interesser som dei ser på som typisk «kvinnelege» eller «mannslege». Eit gjennomgåande emne for dei feministiske studentane, òg i denne samtala, var å få fram at du kan kalle deg sjølv feminist, sjølv om du likar å sminke deg og gå med høge hælar eller likar å pumpe på treningssenteret og spele TV-spel. Føresetnaden er berre at du driv med desse hobbyane fordi du sjølv vil, ikkje fordi du føler deg pressa til det av normene til samfunnet. 

 

008.jpg

Styrke i solidaritet 

For å oppsummere, er rolla til menn i feminismen viktig og nødvendig. Ved å belyse at feminismen er ein sak for begge kjønn, og ved å få fleire menn til å forstå dette og handle ut ifrå det, gjev ei sannare forståing av omgrepet feminisme og føremåla dens. Nokon meiner menn treng eigne organiserte feministiske grupper, for å verkeleg tore å engasjere seg i feminisme. Meir ønska er det at menn tar del i feminismen, som i hovudsak kjempast av kvinner i dag. Kvifor skal vi dele oss, når vi står sterkare saman? Ein bør unngå splid mellom kjønna i ein kamp som underliggjande kjempar for likestilling for begge kjønn. Kampen er imot dei tronge kjønnsrolla, og dei gjeld for begge kjønn. Klarar kvinner og menn å møtast, står vi mykje meir samla i møte om eit samfunn utan kjønnsbaserte normer.