TT TESTAR: GRUPPETIMAR PÅ EIKA

TT TESTAR: GRUPPETIMAR PÅ EIKA
Eikagjengar: Hanna Lindemann
Fotograf: Eline Marie Alm
Fotograf: Lars-Børge Waag Strømsvik
Pilates med Samfunnsstyret
Eg var så heldig og fekk selskap av sjølvaste Samfunnsstyret på ein av gruppetimane, som tydelegvis ynskja å verte ekte pilates-prinsesser. Det er derimot ikkje berre lett å verte prinsesse, som Mette-Marit kan skrive under på. Her gjekk det hardt føre seg, og eg kunne sjå at det ikkje berre var eg som sleit med å setje i gong magemusklane på rett vis. Med behagelege beats i bakgrunnen kunne instruktøren Silje Mehren heldigvis gjere det klart at ein kunne gjere øvingane lettare eller hardare slik ein sjølv ville. Dette tok eg raskt til meg, og la merke til at fleire i Samfunnstyret også gjorde. Lettare, altså.
Det heile vart avslutta med litt avslappande tøying. Her gjaldt det å slappe av og roe ned, og ikkje minst hugse på at me gjer dette for oss sjølve. Det er «ingen som ser på deg». Bortsett frå fotograf Lars då, som tok bilde av oss heile tida. Då me var ferdige virka det som om alle var veldig nøgde med timen, og rundt halvparten kunne tenke seg å prøva han igjen. Sjølv var eg samde med dei, men kanskje utan fotograf neste gong?
Indian dance med redaksjonen
Neste på planen var ‘Banghra indian dance’, som instruktøren Navneet Sharma har kvar tysdag. Banghra er ein dans frå punjab-området i Pakistan og Nord-India, som ein kan kjenne igjen ved høge hopp og spark, samstundes som armane ofte vert haldne høgt over hovudet.
Det vart raskt tydeleg at her måtte ein ha båe kraftige bein og god kondisjon – eg har ikkje hoppa og spretta rundt slik sidan eg var ein unge, trur eg. Eg kunne likevel ikkje vere meir samd med fotograf Eline rett etter at det vart ferdige: «Dette var jo kjempegøy!» All hoppinga var overraskande slitsam, men var heilt perfekt for å komme ut av vinterdvalen og varme opp nokre stive norske hofter. Mykje av gleda trur eg også kom frå Navneet sitt fokus på at det viktigaste var å smile. Det hadde ikkje noko å seie kor lite koordinert eller stiv ein var – så lenge ein smilte medan ein dansa, gjorde ein alt riktig.
Her fekk eg selskap av fleire frå redaksjonen: Ine og Louisa frå layout og Michelle frå omsetjing. Sistnemnte hadde faktisk aldri vore på ein gruppetime før, men var særs nøgd då me tusla heim etterpå.
Crosstraining med Michelle
Michelle og eg fekk blod på tann av all dansinga, og gønna like gjerne på med crosstraining dagen etter. Her hadde eg høyrt mykje skummelt på førehand: det var tøft og kravde mykje av oss, båe fysisk og mentalt. Lettare nervøs stilte me opp, men blei heldigvis roa ganske raskt – det var tøft, men veldig gjennomførleg for ei dårleg trent sjel. Instruktøren Ida Thysse-Baki gjekk raskt, men grundig gjennom alle øvingane, som vart gjort i par. Her var det fleire stasjonar som me skulle bytte mellom, kor ein mellom anna skulle ro, stake og sykle ei viss lengde. Samstundes som ein sykla, skulle makkeren ta armhevingar. Ein stasjon bestod i å løfte ein medisinball høgt over hovudet, for så å kaste han så hardt ned i golvet som ein berre klarte. Bonus å få sleppe ut sinne og frustrasjon slik, som var overraskande slitsam!
Ein fekk i teorien altså ikkje så mykje pause mellom slaga, men dette kunne ein ta sjølv viss ein trong det. Instruktøren stod heldigvis ikkje med argusauge og passa på at me gjorde øvingane, men gjekk heller rundt og heia på oss. Det fekk meg til å føle meg tatt vare på. <3
Til slutt var me slitne og sveitte begge to, men svært nøgde med å ha fullført! Det var intenst, men ikkje i nærleiken av så skummelt som treningsfolka skulle ha det til.
Bike basic (nesten) åleine
Valet for siste gruppetime fall til slutt på bike basic, og eg drog på timen som var halv sju på tysdagar. Det finnes fleire forskjellige bike-timar ein kan velje mellom i løpet av uka, så her er det berre å velje eller vrake! Er du riktig heldig vil du kanskje få ein spesialutgåve kor musikken er til dømes berre Rihanna eller Disney. Noko for ein kvar smak, altså.
Fyrste gong eg var på bike blei eg dradd med av ei i kollektivet, som var på timen som er klokka sju på morgonen på onsdagar. Eg fekk her bekrefta at eg ikkje er den morgonfuglen eg trudde eg var. Derfor virka ein kveldstime som det sikre valet denne gongen. Eg var altså ikkje heilt ute og sykle, nei! Dette var sykling, type inne. Litt før halv tok eg plass på ein av syklane ved sida av fotograf Eline, som hadde vore på bike mange gonger før og heldigvis kunne hjelpe meg med å gjere meg klar. Instruktør Erlend Vegstø gjekk også gjennom innstillingane og korleis ein skulle følgje opplegget på skjermen, så i det me var ferdige med oppvarming følte eg meg meir enn klar nok til å byrje.
Det var tungt, men også veldig deileg å berre tråkke i 45 minuttar utan å tenkja på så mykje anna. Bonuspoeng for bra musikk, som var alt frå rap og rock til meir brat-aktig klubbmusikk. Eg trur nok eg tar turen dit fleire gonger – kanskje me sjåast neste gong?