Ans.Red.

GOD FYR OG RESOLUSJON = REVOLUSJON?

Ans.Red.

GOD FYR OG RESOLUSJON = REVOLUSJON?

Du er ferdig på lesesalen klokka fire og har heile ettermiddagen til å gjera kva enn du vil! Kva skal du finna på? Tusenfryd? Eika? Kanskje kaffi på Klubben? Nei, nei, nei. Det er berre eit korrekt svar; Generalforsamling!

Journalist: Siren Vårvik Matre

Fotograf: Marie Tjelta


Eg har ikkje mange GF-ar under belte, men eg tørr endå å påstå at dette var ein særeigen ein. Det heile byrja kl. 17:08 i Auditorium Aastveit den 23. mars. Forelesningssalen var full av snacks, GF-bingo og tekniske problem med stemmesystemet. Generalforsamlinga var klare.

Avtroppande Samfunnsleiar, Oskar Solberg Lægland, byrja festen med ei oppfordring til å ikkje ta frivilligheita for gitt og kunngjorde at Aud. Max. er under status: «vi tror det går». Hans Hovenhet Hestehoven velsigna oss med sitt nærvær og statusoppdatering. Samfunnet i Ås kunne stolt visa fram at dei hadde nådd totalt 74% av måla sine. Deira økonomiske tyglar hadde vore litt slappe, noko som resulterte i underskot for 2025, men (og detta er eit stort men kjære lesar) Tuntréet gjekk i pluss! Det har ikkje skjedd sidan... nei sei det. I år leverte avisa eit «historisk bra overskot» for å sitera Samfunnet sin forrige økonomiansvarleg, som presenterte fjoråret sitt regnskap.

Samfunnet har brukt over ein halv million kroner på pizza, så eg håpar du blei god og mett på samfunnstenesta di.

Etter nokre vedtektsendringar kom resolusjonen. Resolusjonen blei det kviskra om før ertesuppa, under ertesuppa og etter ertesuppa.

Rettskrivingspetimeteret var framme og retta på vedtektene før klimaregnskapet blei presentert.

Valnemnda fekk både tødd og bøygd og var så klar for val. Redaktørvervet fekk fire gonger fleire kandidatar enn førige semester (fire kandidatar). Den eine og einaste Samfunnsleierkandidaten starta appellen sin med: «Jeg elsker ikke Samfunnet». Ragebait? Ikkje veit eg, men det funka i alle fall. Enten var det noko roande i ertesuppa eller resolusjonen som sleit folk ut for fleire val gjekk utruleg roleg for seg. Heldigvis tok benkefesten seg opp då administrasjonsansvarleg og valnemnda sto for tur. (Også må eg takka Markus (ukjend etternamn) for å bli benka tre gonger så eg kunne krysse av på bingoen).

Seks gode timar seinare gjekk den generelle forsamlinga ut i den mørke marskvelden. Alt i alt var det ein GF med fyr i seg. Ja, det var litt trongt om plassane, langvarig og litt for mange rapportar til å holde fokuset oppe. Men GF-memes-grupper, suppe og «beste debatten opplevd på GF» fekk også timane til å fly.

Dei nyvalde;

Samfunsstyret:

Kristian Lund Vang - leder

Silje Kvernmo Stengrimsen - økonomisjef

Lisa Vo - arrangementsjef

Tuntréet:

Laura Wanvik - redaktør

Næringslivsutvalget:

Karoline Skybak - arrangementansvarlig

Selma Hegge - administrasjonsansvarlig

Daniel Arne Olsen - karrieredagsansvarlig

Hus- og finansstyret:

Magnus Schie Larsen - studentrepresentant

Valgnemda:

Isabel Daae

Trygve Refsnes



RESOLUSJON = REVOLUSJON?

Ein resolusjon er “et vedtak, en beslutning eller en uttalelse truffet av/fra en organisasjon eller forsamling” jamfør vedtektene til Studentsamfunnet i Ås. Mogleg du allereie visste kva ein resolusjon er, men for dei som, i likskap med meg, ikkje hadde høyrd om resolusjonar før vårens Generalforsamling, så tenkte eg det var passande med ein definisjon.


Det er alltid ei hending som stel all merksemda etter eit arrangement. Sturla Holm Lægreid under OL eller Will Smith og Chris Rock under Oscar-utdelinga. For denne vårens GF var det sak 8.3; “Resolusjon angående intern kultur ved UKA i Ås og Studentsamfunnet i Ås forøvrig” som blei sendt inn av Radosław Dworak, Ronald Spro Lamarque og Tonje Elise Holberg Rokstad. Resolusjonen delte opp kritikken i tre punkter. Det første punktet er overprofesjonalisme. Kritikken gjekk her på at Studentsamfunnet er for stivt og rigid, og at “frivilligheten må være gøy for å gå rundt”. Det andre punktet er økonomi og det at pengane ikkje går tilbake til dei frivillige. Det siste punktet er hemmelegheld. Resolusjonen peiker ut eit overdriven hemmelegheld under UKA, noko som førar til at andre mistar eigarskap til festivalen. “En funkis er bare en trell som skal få maskina til å gå rundt”, for å sitere resolusjonsforslaget.

Hus- og finansstyret (HF) svarte og sa blant anna at “vi ikke er enig eller mener alt er berettiget”. Dei visar til den styrka økonomien til Studentsamfunnet, der dei før måtte leva “fra hånd til munn”. Det er næringslivet (gjennom NU-inntekter og UKA-sponsorar) dei vil henta mest mogleg pengar frå, og minst mogleg frå dei som bidrar på Studentsamfunnet. I tillegg visar dei til at samansetninga og antalet på organisasjonen førar til ein naturleg profesjonalisering. Angåande hemmeleghald, seie HF at det i nokre tilfelle er nødvendig (f.eks. grunna personvern), men at det ikkje er meininga å handla i skjul og at Samfunns- og UKEstyret kan forklara grunnlaget for alle avgjerdene dei tek. Dei peiker også til spørjeundersøkingar og evalueringar som blir sendt ut for å fanga opp forslag til forbetringar.

Dette er diskusjonen i sakspapira som er grunnlaget for debatten som skjedde på GF. Då kasta folk mikrofonen rundt som om det var kanonball på barneskulen. Medlemmer, komitémedlemmer og komitésjefar om ein anna bidrog til debatten med sine meiningar og erfaringar. Frivilligheitsanda i Ås blei diskutert og det at “man ikke ser godene av å være frivillig lenger”. I tillegg blei det diskutert om dette i det heile var eit passande tema for GF, eller om det heller skulle blitt tatt opp internt i komitéane, ettersom det var nokre komitéar som blei nemnd meir enn andre.

Samfunnsstyret heldt seg utanfor debatten heilt til Samfunnsleiaren Oskar Solberg Lægland talte på slutten. Han talte på “vegne av Studentsamfunnet som en organisasjon”, altså inkludert UKEstyret. Dette presiserer Samfunnsleiaren sjølv på «Har du hørt at...», ettersom det ikkje var tydeleg i følge diskusjonen som fortsette på nett (sjå bildet til høgre).

Under debatten blei det oppfordra til akkurat dette; at diskusjonen skulle fortsette på lågterskel-forum slik som «Har du hørt at ...». Bruk difor Tuntreét som forum til debatt! Har du noko du er misnøgd med? Send inn eit lesarinnlegg! Da trenge ikkje vera perfekt. Det er viktigare med engasjement, debatt og kommunikasjon enn skrivefeil (beklagar korrektur). Som den ansvarlege redaktøren vår seie; “Du finner oss på tuntreet@samfunnetiaas.no eller i bodegaen;)”.

Til slutt måtte det bli satt ein strek på debatten ettersom det var på tide med votering. Resolusjonsforslaget fekk ikkje fleirtal og blei ikkje vedtatt.

Eg tok kontakt med dei ulike leiarane i Studentsamfunnet i Ås og innsendarane av resolusjonen for å høyre kva dei meinte om debatten på GF.

Holberg Rokstad, ein av innsendarane, meinte det var trist forslaget ikkje blei vedtatt, men var positivt overraska over at det var såpass likt antal stemmer på begge sidene. “Noe annet positivt som kom ut av resolusjonsforslaget er at jeg nå har lært mer om hva Hus- og Finansstyret egentlig holder på med, og at min egen terskel for å stille spørsmål er lavere” seier ho. Dei tre innsendarane hadde på forhand blitt einige om at det einaste dårlege utfallet “var om det ble INGEN diskusjon”, noko dei i alle fall ikkje trengte å bekymra seg for. Holberg Rokstad meinte det var ein veldig god diskusjon, spesielt ettersom så mange medlemmer deltok.


At det var ein god diskusjon er konsensus hos alle eg tok kontakt med. UKEsjefen Marlene Zimmermann sa: “Det var fint å høre at folk kunne dele så åpent om hendelser som har vært frustrerende og tidvis vanskelig å stå i”. UKEstyret meiner dei alt har gode plattformar for tilbakemeldingar og ønsker at det skal følast trygt å ta opp problem med dei. Angåande sjølve resolusjonen, stiller Zimmermann seg bak tilsvaret frå HF og meiner formålsparagrafen til vedtektene er bred nok til å “favne om tematikken formelt sett”.

Ansvarleg redaktør for Tuntréet, Hanna Lindeman, seie at: “Det jeg nok savner fra hele resolusjonen er noe mer konkret som kan jobbes mot”. Dette var hovudkritikken mot resolusjonsforslaget under GF også, nemleg problemet ved å eventuelt følge opp resolusjonen. Lindeman mente at “debatten var helt rå å følge med på” og på høg tid ettersom så mange deltok. I etterpåklokskapens namn seie ho at UKEsjefen nok burde sagt nokre ord, ettersom UKA var blant dei som blei mest trekt fram. Redaktøren trur at roten av problemet er at dei folkevalde må bli betre på å kommunisere ut og ta imot tilbakemeldingar.

Samfunnstyret stiller seg også bak tilsvaret til HF, men tek med seg innhald og innspel frå debatten vidare i arbeidet deira. Styret synes det var fint med ein lenger debatt som mange deltok i, til tross for at den spora av nokre gonger. Dei håpar at «debatten bidrar til å ufarliggjøre det å ta ordet på GF, og på sikt skaper mer liv på det som er våre viktigste møter».

Denne debatten har tonnevis av erfaringar, meiningar og perspektiv, men endå var det diskusjonen rundt detta som var viktigast. Å ha ein open dialog om kva som funkar og ikkje er jo første regel i å få eit forhold til å funka. Så om du vil at Samfunnet i Ås ikkje skal skiljast trengst det diskusjon!