BLANDINAVISK VÅT DRAUM

BLANDINAVISK VÅT DRAUM
Høyrd om Foreininga Norden før? Nei, det er ikkje Nordisk eg referere til, dei har jo alle enten høyrd eller høyrd om. Eg referer til ein litt meir edrueleg foreining enn kva Ås-bobla er vant til. Kvifor driv eg å referer til denne edruelege nordiske foreininga? Fordi dei sendte venninna mi til Grønland! Ikkje for å ta mål til boblebadet til Trump (heldigvis), men for å læra om nordisk samarbeid! Tenker du at nordisk samarbeid og utropsteikn ikkje har noko med kvarandre å gjera? Då har eg tenkt å bruka dei neste 700 orda på å overtyda deg om noko anna.
Skribent: Siren Vårvik Matre
I tilfelle du ikkje visste, er det Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island som dannar Norden. Samla har Norden den 10. største økonomien og 6. største arealet i verda. Ikkje nokon å kødda med altså. Foreininga Norden blei stifta i 1919 og går på tvers av alle landa i Norden. Dei vil lære Norden å utveksle kultur og språk. Altså oppfordre til flyt og hyppig kommunikasjon og interaksjon internt i landa. Foreininga Norden sin utopi er at du kan ha ein effektiv dialog på et bakeri i Danmark, høyre på Händerna mot himlen mens du går heim, sjå på Pippi på svensk før du går i Badstua og et blóðmör til middag.
Totalt har foreininga 30 000 medlemmer, der 6000 av dei er norske. Pandemien i 2020 førte til ein auke i norske medlemmer. Dei nordiske landa hadde ulike måtar å løyse pandemien på, Sverige var for eksempel mykje meir liberale enn Noreg. Ulike løysningar resulterte også i redusert samarbeid. Mange nordmenn vart misnøgde med det oppbygde gjerdet som blei satt opp mellom naboane og hadde behov for å visa solidaritet.
Nordjobb er ein arbeidsplattform styrt av Foreininga Norden. Der går det an å søka jobbar i alle dei ulike nordiske landa. I tillegg hjelp dei å finna ein stad å bu uansett om du vil vera guide på Færøyene, fotballspelar på Grønland eller jordgubbplukkar på Åland.
Foreininga Norden er lokallagsstyrt. Arbeidsoppgåvene deira består hovudsakleg av å arrangere arrangement som skal minne om Norden si viktigheit. Oslo sitt lokallag har mellom anna arrangert dansk valvake og foredrag på Nasjonalbiblioteket. Kvart år blir det også arrangert eit hovudstadsmøte for samtlege medlemmer i heile Norden. Formålet med møtet er å bli kjent med staden, kulturen, menneskjene, bygge nettverk og snakka om Norden sin veg vidare.
Og det er slik venninna mi ende opp i Nuuk på Grønland tidleg i mars.
Med ein kaffi i handa og ein (nokså) solfylt balkong tok eg ein prat med Julie Arctander. Ho er 21 år frå Asker og går 2. året på ein Bachelor i Fornybar Energi her på NMBU. Det er ikkje så overraskande at ein oppvekst full av reising pluss organisasjonsliv er lik Foreningen Norden.
Arctander hadde ingen kjennskap til Foreininga Norden då ho fekk opp reklamen deira på Instagram. Dei lyste ut to stillingar for unge historieforteljarar som kunne vera med til Nuuk og dokumentera reisa på sosiale media. “Det virker kjempekult, jobbe for nordisk samarbeid, marknadsføre og få sjansen til å oppleve Grønland”, tenkte studenten og bestemte seg for å søkja. Ikkje lenge etterpå fekk ho beskjeden; ho og ein bodøværing som studerer i Trondheim vart plukka ut. Nuuk next!
Etter litt logistikkmøter og ‘pack with me’-videoar var det berre å ta på seg ‘Make America Go Away’-kapsane og hiva seg i flyet mot verdas største øy. Det var tett program heile reisa. Totalt åtte foredrag av mellom anna bedrifter og guidar, og alt gjekk for seg på blandinavisk (som Arctander innrømte krav ekstra fokus). Kvar dag hadde ulike tema, alt frå kultur, likestilling og ungdom til forsvarspolitikk og geopolitikk. Heldigvis fekk dei også tid til å vera turistar. Guida busstur i Nuuk som Arctander skildre som “ikke noe pen by, men ligger jo utrolig pent til”. I tillegg drog dei på båttur som var “heilt magisk”. Lærdommen om at “nature is king” blei verkeleg demonstrert på denne turen – alt blei styrt etter vær og vind.
Så kva er hovudbodskapen Julie Arctander satt igjen med etter denne litt alternative tidlege påskeferien? Me må ikkje ta nordisk samarbeid for gitt. Enkelheita ved å kunne jobba og bu på tvers av dei nordiske landa er heilt unik, og må bevarast. Den beste måten å bevare det på er å byggja ein relasjon til det. Du kan lære mykje om Norden, men eigarskapet blir bygd ved å reise rundt og ha kjennskap til landskap og folk.
Frå heile turen var det den første foredragshaldaren som gjorde mest inntrykk på studenten. Med tårer i auga takka den grønlandske foredragshaldaren for besøket av folk som vil Grønland godt, ettersom det ikkje har vore ein sjølvfølge i det siste. Generelt var grønlendarane takknemlege for den nordiske støtta.
Eg (og mange andre) kjende på raseri då Trump satt siktet sitt på Grønland. Det kjennest så nært. Hadde USA handla annleis om ikkje nordiske land hadde vist tydeleg støtte til Grønland?
Interessert i å læra meir om nordisk samarbeid? Følg Foreningen Norden på instagram: Foreningennorden_norge_oslo.