Ans.Red.

Demonstrasjonene på Vestnebba

Ans.Red.
Demonstrasjonene på Vestnebba

Demonstrasjonene på Vestnebba

“VI EIER SKOGENE, SLIK BARNET EIER SI MOR”

Slik lyder siste strofa i diktet Vi eier skogene av Hans Børli som ble lesen opp under markeringa for Vestnebba 11. februar utanfor Ås rådhus. Det var alt frå politikarar til bekymra innbyggjarar til aksjonistar som hald tale eller las dikt. Sjølv om kampen mot hogstmaskinane alt var tapt, var blikket retta framover. Denne markeringa var for å “oppfordre til en mer demokratisk prosess”i framtidige saker.

Journalist: Siren Vårvik Matre

Fotograf: Jørgen Berg Yndestad


Aksjon

Eg veit ikkje med dine algoritmar, men mellom alle innlegga om Alysa Liu, så hardet også dukka opp mykje om hogsten på Vestnebba i min feed.

Torsdag 05. februar begynte hogstmaskinenearbeidet sitt i skogen. Dette skapte mange reaksjonar ettersom skogen var under formell vurdering for vern av kommunen og hogst kan påverke vurderingsgrunnlaget.

Då Elin Marie Schopmeier, student ved NMBU, høyrde om hogsten laurdagen etter, byrja ho å mobilisere. Ho fekk kontakt med fleire andre bekymra innbyggjarar, blant anna medstudentar, og saman planla dei ein aksjon. På måndagen gjekk dei til hogstmaskinene på Vestnebba og nekta å flytte seg. Politiet måtte bortvisa fleire av aksjonistane i løpet av dei to dagane dei var der. Aksjonen greidde ikkje å stoppa arbeidet på Vestnebba, men den har gjort fleire oppmerksame på den potensielt udemokratiske rettsprosessen. “Eg blir redd for verden når eg ser demokratiet ikkje funke i eit land så privilegert som Norge”, seier Schopmeier.

Beskyttar ikkje det norske lovverket naturen nok eller er det dei folkevalde politikarene som ikkje forvaltar lovane bra nok?

JUS220

Dersom du vil lesa meir detaljert om hogsten eller aksjonen anbefale eg deg å plukke opp ei anna avis. Eg vil fokusere denne teksten på den juridiske prosessen. Etter fleire timar med nasen djupt i pressemeldingar, sakspapir og avissaker om Vestnebba følte eg meg plutseleg transportert tilbake til forelesning i Festsalen (Ur). Denne saka kunne vore pensum i JUS220, Miljøforvaltningsrett, som eg tok førre haust. Kommunen som må ta eit val mellom samfunnsinteresser eller vern, naturen som ikkje sjølv kan opptre rettsleg og referansar til Naturmangfoldloven og kommunen sin arealdel. Derfor tok eg ein prat med Gunnhild Storbekkrønning Solli, emneansvarleg for JUS220, for å høyre kva ho meinte om saka frå eit miljørettsleg perspektiv.

Faktum, punktum.

Solli vektla viktigheita med å stadfeste faktum i denne saka, så la oss gjere det først. Vestnebba var under formell vurdering forvarig vern av Ås kommunestyret då VikenSkog byrja hogstarbeidet på vegne av skogeigar. Det finnes to nøkkelbiotopari skogen. Den er i ein hensynssone for natur og friluftsliv (eit område avmerka i kommunen sin arealplan der det blir tatt ekstra omsyn) mellom to naturreservat. Naturtypen for Vestnebba er registrert som regionalt viktig. Naturvernforbundet kom med eit høyringsutsegn til kommuneplanen der dei foreslår ein kartlegging med “formålå regulere Vestnebba som spesialområdenaturvern”. Dei seier området har “høysannsynlighet å være naturskog”, at over halvparten av skogbestanden er målt til100-150 år gamle og at det er eit yrande fugleliv der. I tillegg kallar dei VikenSkog sin hogstplan “ikke bærekraftig” og skuldar dei for grønvasking. Viken Skog sitt informasjonsskriv om hogsten seier det blir “hovudsaklig lukka hogst der hogstplanlegger og skogsentreprenør tar hensyn til kulturminner, turområdet og ulike miljøaspekter”. Hogsten skal bli gjort eit godt stykke vekke frå naturvernområdet og mellom dei to nøkkelbiotopane.

Naturvernforbundet er ein natur- ogmiljøvernorganisasjon. Viken Skog er eitskogeigarsamvirke som blant anna hjelperskogeigarar med skogbruksplanlegging og forvaltning. To organisasjonar som kan lesa same bok, men vera ueinige i bokklubben etterpå.

 
 

Midlertidig forbod

Solli sa vidare at eg burde sjå inn i kvifor det ikkje blei midlertidig forbod mot hogst. Brækhus Advokatfirma AS har også vektlagt dette juridiske handlingsrommet kommunen kunne ha utnytta. Plan- og bygningsloven §13-1 gir kommunen lov til å vedta eit midlertidig forbod mot tiltak dersom eit område bør undergjevast ny planlegging. I tillegg seier Skogbrukslova §8 at dersom ein hogst ikkje tek omsyntil miljøverdiane kan kommunen “nekte hogsten eller setje vilkår for korleis den skal gjennomførast”.

Eg sende mail til Follo Landbrukskontor og spurde kva som var deira grunnlag for å ikkje utnytta dette handlingsrommet. Svaret var at kommunen hadde innhenta dokumentasjon frå Viken Skog, på vegne av grunneigar, på korleis hogsten skulle gjennomførast og miljøverdiane skulle bli ivaretatt. Ut frå dette vurderte dei at hogsten oppfylte dei nødvendige krava.

Viken Skog følgjer norsk PEFC skogstandard, som har blitt kritisert for å ikkje vera streng nok, men andre meiner den er bra nok. Hanne Sjølie frå Universitetet i Innlandet oppfordre folk til å gi den nye standarden tid til å funka. Kva side skal då kommunen ta når hogsten er godkjent etter norsk skogstandard, men andre, som Naturvernforbundet, seie det ikkje er ein berekraftig hogst?

Manglande kunnskap om natur innanden kommunale arealforvaltninga er eitproblem i miljøretten i mange saker.


Meldeplikt

Dersom Ås kommune hadde hatt meldeplikt kunne denne saka utvikla seg annleis. Debatten om meldeplikt er polariserande. På den eine sida hjelper meldeplikt å sikre nødvendig kunnskap før hogsten gjennomførast. På den andre sida vil meldeplikt føre til meir byråkrati og tek vekk skogeigarar si kontroll over eigen skog.

Eg hugsar då eg lærte at folk ser fargar annleis. Min raud kan vera din grøn. Me kan sjå på akkurat same ting, men endå sjå ulikt. Folk kan sjå ein skog, veta masse om skogen, men endå villa ulike ting sjølv om begge har lovleg rett. Det er viktig at dei kan snakka høgt om kva dei vil. Noreg trenge skogbruk, me trenger hus og møbler, men Noreg har også satt seg eit mål om å verne 10% av skogen. Då treng me lovar som kan bygge under begge måla.