Å ha potet er kult

Å ha potet er kult
Potet. Mandelpotet. Asterix. Beate. Gulløye. Kjært barn har mange namn. Lavt feittinnhald og ein kjelde til vitamin C, kalium og kostfiber. Kva er norsk husmannskost utan? Ei varm potet, potet i halsen, å vere ei potet. Poteta kan brukast til så mykje forskjellig at ho er blitt eit synonym med allsidigheit.
Potetolog: Siren Vårvik Matre
Illustratør: Charlotte Hasselgren
Å ha potet er kult. Å ikkje ha potet er ukult. Det er ingen som veit dette betre enn det irske folk.
An Gorta Mór ,"Den store svolten", var ein grusom periode i Irland frå 1845 til 1852. Dei forferdelege tidene kom grunna ein dårleg lapskaus av britisk styre og potettørråte. Resultatet var omtrent ein million dødsfall og massemigrasjon.
Potet er jævleg kult å ha.
No veit du kanskje litt meir om potet. Då skal eg visa deg eit lite reknestykke:
Potet kan skildre nokon som kan utføre mange ulike oppgåver + det irske folk har ein, let oss seie intens, relasjon til potet = det irske folk kan utføre mange ulike oppgåver!
Kva er ei av desse oppgåvene det irske folk kan utføre? Å SPLITTA G’EN!
Mogleg du som sitt der og les ikkje har fått med deg fenomenet å splitta G'en. Du har no tre val:
1: legga heile Tuntréet frå deg og komma deg på nærmaste overprisa norske-irske pub.
2: vera økonomisk og kjedeleg og berre lesa denne teksten.
3: best av alt, så les du ferdig Tuntréet, naile kryssordet også lukte deg fram til nærmaste pub.
Hei, du som har ei form for økonomisk sans
og pliktoppfylling: har du høyrt om Guinness?
Guinness er eit ølmerke med røter djupt inni Dublins sementjungel og blei først introdusert i 1759. Ølen er ein irsk tørr stout og er kjent for den mørke farga si og det tjukke kremaktige skummet. Logoen deira er ei harpe som er symbolsk for den irske arven til selskapet. Dersom du er på ein irsk pub og bestiller Guinness får du det servert i eit glas med ei gullharpe og Guinness skriven i kvite, store bokstavar.
Dette glaset er hjarte av G-splittinga.
Å splitte G’en er ei utfordring som går ut på at den første slurken du tek skal vera så stor at når du sett glaset ned på det brune bordet så stoppar ølen midt på G’en. Det er sjølve Ikarosen av pub-utfordringar.
Du må korkje drikke for mykje eller for lite.
"Å berre drikka litt øl er utfordringa? Det høyrast jo kjempelett ut", tenkar du kanskje no. Hugs å ikkje gjere same tabbe som Ikaros og undervurdere solas styrke.
Du, borgar av Agrarmetropolen, skal bli skåna for skamma det er å ikkje kunne splitte G’en. Eg skal samla all kunnskapen eg har akkumulert her i Irland for å laga ei rettleiing til deg. Sjølvsagt kunne eg gjort det enkelt for meg sjølv og berre ramsa opp alle tipsa som kjem opp på det store, breie internettet også brukt all tida eg sparte på den brune puben. Men FAEN DÅ, eg reiste ikkje med fly, til eit land med dårleg dekning, masse regn og rar smak på vatnet for å fortelje dykk ting dykk kunne ha googla. Nei. Dykk skal få ekte resultat frå mitt totalt profesjonelle og edruelege feltarbeid. Dessverre har det seg slik at det berre var tyskarar å finne der feltarbeidet mitt tok plass. Så det blir ikkje nokre irske, eldgamle råd dykk får. Womp womp.
Måndag, 12.10 oppheld eg meg på The Landmark i Dublin sentrum. Der møter eg Hannah, 21 år frå München og Ruben, 21 år frå Lüneburg. Dei sit begge på brune stolar omgitt av prat og gitarspeling og ikkje minst, ein Guinness i handa. Begge to er ivrige etter å visa fram akkurat kor perfekt dei greier utfordringa. Tyskarane er proppfulle av sjølvtillit på at G-splitting er ein kunst dei meistrar, sjølv om dei berre har vore i Dublin i ein dryg månad. Diverre gjekk det ikkje vegen for Hannah den kvelden, ho underestimerte slurken sin. Ruben derimot hadde ein tilnærma perfekt splitt.
Kva er taktikken til desse sjølvsikre tyskarane? Strategen Ruben fortel at han har lest at ein vaksen mann skal ta tre slurkar, for dei som ikkje er heilt utvaksne er nok fire bra. Mens den intuitive Hannah anbefaler å "Go with the flow, go with your gut, never give up".
Det finnes nok like mange teknikktips for å splitte G’en perfekt som det finnes måtar å laga poteter på. Det aller beste tipset er å berre testa ut og finna den teknikken som passar deg. For meg er det å drikke så mykje eg greie, også litt til.
Om du er strategisk som Ruben eller intuitiv som Hannah er det viktig kjære lesar, at du òg forstår at å splitte G’en ikkje berre handlar om å ta ein bra nok slurk. Det har så mykje meir ved seg enn det. Det er fokus. Konsentrasjon. Kjensler. Kven du deler augeblinken med. Kvar du er. Kva musikk som speler på høgtalaranlegget. Mengd av tatoveringar på bartenderen. Om det er ekte stearinlys eller elektriske. Stemning. Atmosfære. Nærvær.
Kanskje er ikkje det viktigaste å splitta G’en. Kanskje du les dette og brukar det som ein grunn til å dra på Bodega, dra ut på byen, sjå fotball med venner, sjølv om du ikkje ein gong likar Guinness.
Kanskje G-splitting ikkje fristar mest her i verda, men det er den dytten du treng for vinterdepressiv førebygging?
Potet er kanskje ikkje alltid ei delikatesse, men faen så drit Noreg hadde hatt det utan poteta på vinteren.
Det er kult å ha potet, det er også kult å ikkje vera einsam.