Student startups - Belay AI

Student startups - Belay AI
“Klatring handlar om menneskeleg rørsle.” For Jorge Eduardo Hermoso Valle er klatring mykje meir. Det er ein måte å finne seg sjølv på, samstundes som ein utfordrar seg sjølv. Han er eigar og skapar av Belay AI, eit produkt som vurderer klatrarar og hjelper dei med å utvikle klatreferdigheitene sine. Tuntréet snakka med han om selskapet hans og fekk sjå litt klatring òg.
Journalist: Danique Wijnia
Translator: Oskar Nerheim
Photographer: Tuva Hebnes
I tillegg til å vere klatreinstruktør og skapar av Belay AI, er Jorge svært entusiastisk når det gjeld klatring. Han likar å utforske nye idear, men hadde aldri planar om å starte si eiga bedrift. I staden førte vala hans og dei risikoane han tok, naturleg til oppstarten av Belay AI.
Kva er Belay AI?
Belay AI står for Biometric Evaluation and Learning Analytics for You, drive av kunstig intelligens. Kort fortalt støttar det klatraren ved å analysere rørslemønster og hjelpe til med å forbetre klatringa. Ordet “belay” er òg eit klatreuttrykk som refererer til å sikre eit tau rundt ein innretning for å støtte klatraren. Namnet speglar essensen av Belay AI sitt arbeid: Biometriske data registrerer og måler kroppen medan ein klatrar, og systemet analyserer korleis klatraren rører seg. Etter kvart som fleire klatrarar brukar produktet, lærer systemet meir og kan gje stadig betre tilbakemeldingar.
Produktet er enkelt å bruke. Alt klatraren treng er ein telefon med eit kamera for å filme seg sjølv klatre. Deretter analyserer systemet klatringa og gir tilbakemeldingar for å forbetre teknikken. Det er tilgjengeleg for alle – nybyrjarar, vidarekomne, profesjonelle og trenarar.
Reisa
Ideen til Belay AI oppstod då Jorge skulle finne eit tema for masteroppgåva si. Han ville kombinere noko han var glad i – klatring – med datavitenskap og maskinlæring. Etter å ha fullført masteroppgåva, fekk han tilbod om ein industriell doktorgradsplass, eit relativt trygt val sidan det innebar fast løn og arbeidsvisum i Noreg. Likevel ville han risikere å miste 66 % av eigarskapet til ideen sin. Etter mykje vurdering valde Jorge å takke nei til tilbodet og heller fokusere på å vidareutvikle masterprosjektet sitt og starte bedrifta si.
Dette var eit risikabelt val, sidan han verken hadde finansiering eller garanti for vidare opphald i Noreg. Innovasjon Noreg løyste den første utfordringa ved å gi han ein million kroner i tilskot for å utvikle selskapet sitt vidare. Søknadsprosessen var kompleks og tok fleire månader. Til å begynne med var Jorge skeptisk til å søkje, då han frykta at det ville ta fokus vekk frå produktutviklinga. Men med hjelp og pågangsmot frå Eva i Startupsmia, sende han inn søknaden.
Det var ein samanheng mellom tilskotet og visumet – for å få tilskotet måtte han ha eit arbeidsvisum, men for å få visumet måtte han ha finansiering. Dette vart løyst ved at Jorge tilsette seg sjølv i sitt eige selskap. Då han møtte opp på utlendingskontoret, såg det kanskje litt mistenkeleg ut, men etter mykje fram og tilbake fekk han visum og kunne motta tilskotet. I dag veks selskapet raskare enn nokon gong. Jorge har til og med fått med seg sin tidlegare professor i ingeniørfag som fulltids medarbeidar – ein unik moglegheit til å samarbeide med nokon han såg opp til under studia.
Samarbeid
Belay AI har samarbeidd med både Magnus Midtbø – ein kjend norsk klatrar – og det norske landslaget i klatring. Jorge fekk først kontakt med Magnus ved å be om fem minutt av tida hans for å forklare produktet sitt. Han hadde jobba på klatresenteret til Magnus, først som reinhaldar og seinare som klatreinstruktør for barn. Dei fem minutta vart til ein samtale på éin time, som til slutt resulterte i eit samarbeid om ein YouTube-video. Etter dette byrja folk i klatremiljøet å få auga opp for produktet, noko som førte til samarbeid med landslaget. Gjennom dette samarbeidet kunne produktet utviklast vidare, og Jorge fekk verdifull innsikt i korleis toppidrettsutøvarar nytta teknologien hans. I tillegg førte merksemda til medieintervju og mykje gratis marknadsføring for Belay AI.
Tilbakemeldingane frå slike samarbeid har vore avgjerande for utviklinga av produktet. Jorge meiner at det å samarbeide med dyktige og inspirerande personar – anten det er idrettsutøvarar, trenarar, forretningsutviklarar eller tidlegare professorar – er ein av dei beste aspekta ved å jobbe med Belay AI.
Framtida
Når det gjeld framtidsplanane for selskapet, vurderer Jorge å utvide til andre idrettar. Han har ingen konkrete planar enno, men teknologien kan brukast i mange ulike idrettar. I tillegg vurderer selskapet å utvikle løysingar for ulykkesgjenkjenning, fysioterapi og haldningsforbetring. Dette er eit voksande felt med mange moglegheiter.
For Jorge personleg handlar utviklinga av produktet òg om eigen vekst. Han set pris på å arbeide med innovasjon og finne nye løysingar, men håpar òg å få meir tid til familie, vener og naturen. Å drive si eiga bedrift er hardt arbeid, men det er òg givande å sjå idear ta form og skape positive endringar.
