Ans.Red.

Eit besøk til Linnestad Gård

Ans.Red.
Eit besøk til Linnestad Gård

Eit besøk til Linnestad Gård

Om du syklar frå Campus opp og tek til venstre inn på Gamle Mossevei, vil du etter kvart finne ein liten landeveg som slyng seg mellom gylne åkrar på venstre hand. Følgjer du den, leier han deg rett til Linnestad Gard.

Fotojournalist: Marie Tjelta


Det er ikkje til å ta feil av at du har kome fram når du høyrer det summande livet frå biene, ser sommarfuglane danse og høyrer hønene klukke muntert. Rundt tunet står grøne vekstar og solsikker som løfter hovudet mot ettermiddagssola. Her blir jorda driven økologisk og berekraftig – utan gift eller kunstgjødsel. Prinsippet er enkelt: frå molda til bordet, fersk og lokal.

Bak denne satsinga står Morten Jerven, førelesar i utviklingsstudiar ved NMBU. Kva fekk han til å velje dette livet, og korleis får han det til å gå rundt? Tuntréet slo seg ned med ein kaffi saman med Morten for å høyre historia til Linnestad Gard.

Gardsbutikken ligg i eit raudmåla hus, ope og gjestfritt, med bord og benkar utanfor og høner som trippar under epletrea i bakgarden. Inne ventar kassar fulle av grønsaker: grønkål, raudbetar, maiskolbar, urter, graskar og squash – alt hausta same dagen. I tillegg kan du kjøpe honning og egg frå garden. Stikk du innom i helga, blir du møtt av lukta av nysteikte vaflar og nytrakta kaffi. Studentane har dei òg tenkt på, med 30 % studentrabatt og eige tilbod på “super-squashen” til 25 kroner. Eg set meg ned med Morten utanfor gardsbutikken. Den brune snikkarbuksa er på, saman med det jordnære smilet.

Korleis vart Linnestad til?

Morten er fødd og oppvaksen på Linnestad gard i Ås. Som mange unge drøymde han ein gong om å kome seg langt bort frå heimstaden. Han gav seg i veg på ei akademisk reise som førte han til fleire land og byar, mellom anna London, der han tok doktorgrad i økonomisk historie. I 2014 fekk han tilbod om jobb ved NMBU, og då han vende tilbake til Ås, byrja òg ideen om å skape noko nytt på heimegarden å spire.

Alt starta som ein reaksjon på at det nesten ikkje fanst økologiske grønsaker i Ås. Morten hadde budd både på vestkysten av Nord-Amerika og i Frankrike, og der var han vorten vand med eit mykje rikare utval. Han kunne lage sunn og smakfull mat frå botnen av med råvarer av høg kvalitet. Då han kom heim, oppdaga han at det ikkje let seg gjere i Ås.

Som mange andre bruk i kommunen var jorda på Linnestad lenge forpakta bort til kommersiell kornproduksjon, der sprøytemiddel var ein sjølvsagd del av drifta. Men Morten ville noko anna. Saman med to andre studentar frå universitetet tok han til å dyrke eit lite femmåls jordstykke. Dei byrja enkelt, med frø og poteter, fortel han og peikar ut ein del av åkeren. Etter kvart dyrka dei meir enn dei sjølve kunne ete – og då starta dei å selje overskotet.

Det var nett på denne tida at restaurantar i Oslo byrja å få augo opp for økologiske og kortreiste råvarer av høg kvalitet. I dag driv dei både gardsbutikk og leverer til REKO-ringar og Michelin-restaurantar i Oslo – mellom anna den trestjerners restauranten Maaemo. Dei forsyner òg Statsministerbustaden og Slottet med det som vert omtalt som “verdens beste jordbær”. Og ikkje minst når varene ut til studentane, mellom anna gjennom BUA.

No om dagane vekslar Morten mellom å undervise, lese og skrive – og å bruke fritida på å dyrke fram økologiske grønsaker. Sidan 2014 har Linnestad vorte ein heilt ny gard. “Berre sjå korleis det ser ut her,” seier han og let blikket gli over landskapet. Han smiler: “Etter at eg la om til økologisk drift, luktar det annleis, det høyrest annleis ut. Eg har froskar, mus, rotter og fuglar.” Livet har kome tilbake til garden.

Å dyrke med naturen - ikkje mot ho

Morten legg vekt på at Linnestad dyrkar med naturen, ikkje mot ho. “60 mål er nok til å lage tonnevis med menneskemat som går rett frå jordet og til bordet. Og gjerne konsumerast berre nokre kilometer frå der det blir hausta.”. Likevel har han merka at økologisk landbruk møter motstand. “Er det noko norske bønder er redde for, så er det å bli fråtekne sprøytemidla sine,” seier han. Han peikar på at sjølv Jon Almaas i ‘Jon blir bonde’ har møtt kritikk etter å ha tala varmt for økologi. Morten har sjølv møtt motstand frå lokale bønder og politikare.

Så held han opp ein bunt grønkål frå ei kasse. Blada er friske og grøne, men med små hol her og der. “Mange er redde for grønsaker som desse, fordi kålormen har vore på ferde. Men det er jo eit godt teikn. Tenk deg grønsaka i butikken som er så full av gift at kålormen ikkje vågar å smake på ho – vil vi verkeleg ete det?” For å halde ugras og skadeinsekt unna brukar dei andre metodar: vekstskifte, radkulturar, flamming, mekanisk luking – og ikkje minst hender. “Å drive økologisk betyr at vi tek vare på kvalitet i alle ledd. Dei fleste grønsakene her er handsådde, handluka og handhausta. Kvar einaste grønsak har vore behandla som eit lite handverk fleire gonger i løpet av prosessen”.

Han sukkar litt over korleis landbruket blir målt, særleg når ein set kommersielt opp mot økologisk. Ein kan ikkje berre fokusere på kaloriar per kvadratmeter; ein må òg hugse å sjå på næringsinnhald, berekraft, artsmangfald og kor mykje vatn og karbon jorda bind. “Det er eit skeivt reknestykke,” seier han.

Morten meiner vi kan endre kva og korleis vi et. “Eg et kjøt, men vi treng ikkje å ete så mykje som vi gjer i dag. Dersom du lagar mat med gode grønsaker, blir ofte svinekoteletten eller den tørre kyllingfileten skyvd til side – og du oppdagar kor mykje smak som ligg i grønsakene.”

På Linnestad gjeld same prinsipp for dyra som for grønsakene. “Økologi-paraplyen er ikkje dekkande for kor fint hønene her har det,” seier Morten. Han forklarer at vanlege økologiske egg ofte kjem frå høner som lever omtrent som i industrien – berre med teoretisk moglegheit til å gå ut, men er framleis like traumatiserte. “Våre høner går heilt fritt. Dei blir kalla beitehøner og lever saman med 7–8 hanar. Flokklivet blir teke vare på av hanane.” Hønene tippar rundt i eplehagen, klipper graset, gjødslar og et nedfallsfrukt som motverkar sjukdommar. “Andre verpehøner blir utslitne etter tolv månader, til slutt utan fjør og utan egg. Våre lever eit naturleg livsløp.” Morten traskar bort til eplehagen og gir barna som er på besøk gamalt brød for å mate dei ivrige hønene.

Studentane og garden

Morten håpar særleg at studentane skal oppdage garden. Linnestad har hatt samarbeid både med BUA og Food Sharing når dei har hatt overskot av grønsaker, og garden har òg vore arbeidsplass for fleire studentar. Av og til har dei arrangert dugnad med vaflar eller suppe, der studentane kan fylle sekkane sine med det dei haustar. Andre har hatt vanleg timeløn. “Eg har jo ei personleg interesse, som professor, i at studentane et godt og sunt. Eg synest òg det er fint at folk får augo opp for økologiske varer – særleg her i ein av Noregs største landbrukskommunar. Også trur eg at studentgruppa ved universitetet kan vere ei drivkraft for å endre haldningar og politikk i Ås kommune generelt.”

I gardsbutikken møter vi Ingeborg Græsdal, som står bak kassa. Ho går tredje året på bachelor i internasjonale miljø- og utviklingsstudiar og har jobba fast på garden sidan ho vart kjent med Morten gjennom eit fag. “Eg synest det er kjekt med noko anna enn studiet – noko eg kan gjere med hendene,” seier ho. Ingeborg legg vekt på kor verdifullt det er å kombinere teori med praksis: “Det gir deg noko heilt anna enn det du kan lese deg til.” Ho trekkjer fram kor hyggeleg arbeidsplassen er – og kundane som bryr seg om kvar maten kjem frå. Mange småbarnsfamiliar kjem for å handle, men òg for opplevinga. “Det å kunne vise ungane kvar maten kjem frå – og til og med la dei plukke eple eller squash sjølve – det trur eg folk set pris på.” På spørsmålet om kva for ei av grønsakene dei dyrkar som er favoritten til Ingeborg, svarar ho utan å nøle “Vassmelon-reddik.” Ho hentar ein, skjer opp den gule reddiken og avslører ein knallrosa kjerne. Journalisten får smake: frisk, skarp og full av smak. “Kvar haust syltar eg fleire glas med desse. Sylta reddik med dill, persille og vårlauk – det er noko av det beste eg veit.”

Med sykkelkurven full av grønsaker nedover kjerrevegen forsvinne Linnestad gard bakom bakketoppen. Det kjennest godt å med eigne auge sjå kvar maten kjem frå, og å få eit klarare bilete av matsystema våre – med styrkar og svakheiter. Å vere medviten, er kanskje det viktigaste vi kan vere som forbrukarar og studentar.