Ans.Red.

Dating i det 21. århundre er til å le av

Ans.Red.
Dating i det 21. århundre er til å le av

Dating i det 21. århundre er til å le av

Tidlegare NMBU-studentar Synneva Gjelland og Maria Refsland, tek oss med på guida tur gjennom romantikken i deira nye album Dating i det 21. århundre. Den musikalske duoen, med same namn som deira fyrste album, Kor faen blei det av Norge?!, nøyer seg ikkje med å berre spele inn musikk (under sitt eige plateselskap, Olivias Rekorder), men pakkar også songane inn i preik og prat om vår tid, skildra frå eit framtidig perspektiv. På denne måten blir albumet ein fullverdig saga på 53 minutt og 37 sekund.

Journalist: Åsne Sørlie-Nordnes


Cover av albumet “Dating i det 21- århundre”.

Lydbilete består hovudsakleg av Gjelland på piano, Refsland på bass og begge som vokalistar, men om ein høyrer gjennom heile albumet, frå «Chris Cockside» til «Da som va bra», får du også oppleve gitar, saksofon, trompet og blokkfløyte. Inga Haugdahl Solberg og Ragnhild Bruseth bidreg med fele og tromme. Uavhengig av instrumentmangfald, er alle songane ei romantisk symbiose mellom folkrock og visesong. Og sjølv om albumet absolutt burde lyttast til kronologisk, er det songar som «Ærlig hit», «Lesbisk bad ass-sang», «Påskejenta» og «Tok lua og dro» ein (les eg) høyrar på repeat, ikkje lydspora med preik.    

Kor faen blei det av Norge?!, er ikkje det einaste musikalske prosjektet Gjelland og Refsland jobbar aktivt med, begge er også med i Sliteneliten, som hadde konsert på Samfunnet i haust og Refsland er i tillegg med i Føkkefjord, som også har underhaldt Ås-studentar med alkohol i blodet. Kanskje det blir fleire musikalske artistforgreiningar på Spotify i løpet av det 21. århundre? Framtida til Gjelland og Refsland ser uansett ljos ut, og sjølv om dei openbart ikkje opplev dating som ein knirkefri aktivitet, verkar det som musikkproduksjonen er opphøgd i n-te potens, for å sei det sånn.