Annlaug Pijfers

NMBU – Berekraft i alle ledd?

Annlaug Pijfers
NMBU – Berekraft i alle ledd?

NMBU – Berekraft i alle ledd?

Mathias Kilsti Hals går fjerde klasse by- og regionplanlegging, og har bitt seg merke i korleis campusutviklinga spriker frå det dei sjølv lærer på studiet.

Journalist: Stine Fjellkårstad
Fotograf: Simen Walbækken Tangen

1 Mathias viser den nye store flystripa.jpg

«NMBU er rause med parkeringsplassar, spesielt samanlikna med andre universitet. Dette gjev insentiv for bilkøyring som transportform til arbeidsplassen», seier Kilsti Hals.  

I følgje NMBU si eigenrapportering til Diku, har universitetet 1535 parkeringsplassar, der 92% av desse er gratisparkeringar. Dette meiner han  er uheldig, og viser til at det på NMBU er 0,213 parkeringsplassar per student og tilsett, som er blant det høgaste på høgskular og universitet i Noreg. «Når ein har gratis parkering rett utanfor arbeidsplassen, så skjønar eg kvifor bilen vert valt.» 

Dette meiner han ikkje er noko unnskyldning. «Arbeidsreisa er den enklaste å gjere noko med, då rutinebaserte reiser ikkje har noko upåliteleg knytt til seg», argumenterer han. 

1 Tøffest bakskjerm.jpg

Paradoksal handling frå NMBU 
Kilsti Hals seier at dei spreidde parkeringsplassane kan gjere det vanskeleg for dei som ikkje køyrer bil sjølv,  å få med seg omfanget. «Studentar tenkjer kanskje ikkje over det fordi det ikkje er slik vi reiser rundt i Ås. Vi har eit enormt tilbod utan å faktisk trenge det», påpeikar han, og fortset: 

«Det er veldig paradoksalt korleis vi lære om by og tettstadutvikling for stadar som liknar Ås, men ser ein ut vindauget på Akropolis, der landskapsarkitektane held til, er ein omringa av parkeringsplassar», fortel han. 

Ineffektiv arealbruk 
«Vetrinærbygget  er eit vanvitug stort prosjekt, som skal transformere skulen på ein måte som ikkje har blitt gjort på mange år. Det å valse ut ein nesten like stor parkeringsplass som bygget sjølv, er veldig arealineffektivt. Bil er den mest arealineffektive transportforma og treng oppbevaringsstad fleire stadar » seier Kilsti Hals og meiner denne måten å bygge på, høyrer fortida til. Kilsti Hals understrekar at parkering er nødvendig, ettersom nokre er heilt avhengige av bil for å nå fram, men at parkering bør haldast til eit minimum slik at bilen ikkje står som det enklaste og mest openberre valet for folk flest. 

2TF kvartalet parkering.jpg

Kilsti Hals peikar også på at det ikkje er kva som helst slags universitet som har bygd eit stort nytt område, som er lagt til rette for køyrande. «Vi er jo berekraftsuniversitetet, og for å fortene ein slik tittel bør NMBU vise at dei tek transport og mobilitet på alvor. I framtida planleggast det for at vi skal snu transporthierarkiet på hovudet, og at bilen ikkje lenger skal vere hovudtransportform. Det bør universitetet vere med på», avsluttar Kilsti Hals. 

Det lyktes diverre ikkje å få ein kommentar frå universitetet før utgåva vart sendt til trykk. Eventuelt svar og kommentarar kjem i seinare utgåve.

Parkeringsplassar per student og tilsett.PNG