Annlaug Pijfers

Verv til valg på GF

Annlaug Pijfers
Verv til valg på GF

Verv til valg på GF

Atter ein gong er det tid for å lyse ut sjefsverva på Studentsamfunnet, og Vegard Sjaastad Hansen frå valnemnda møter tuntreet for å forklare stillingane. Jobben hans er å finne dei riktige folka til dei riktige verva. 

“Eg skal finne lovande kandidatar, og få dei til å stille”, forklarar han. “Vi er veldig glade i dei som brukar mykje tid på Samfunnet. Kva type du er har ikkje så mykje å seie, vi vil ha flest mogeleg personlegdomar, legg han til”.  

 Journalist: Stine Fjellkårstad
Fotograf: Natalie Genvieve Bjørneby

Under GF, som er generalforsamlinga for Studentsamfunnet, vert det stemt over kven som skal tiltre i dei ulike stillingane. Då må dei som stiller halde ein presentasjon på rundt tre minutt, pluss eventuelle spørsmål. Kven som får flest stemmer og dermed stikk av med to semester med frivillig arbeid, er det medlemane av Samfunnet som bestemmer. Vegard oppfordrar også nye studentar, eller studentar utan fartstid på Samfunnet til å stille til val. 

“Ein føler seg kanskje tryggare om ein har jobba i arrangementsblokka før ein vert arrangementssjef, men kanskje sit ein med nye tankar og idear som er velkomne”, forklarar Vegard. 

VEgard-GF-H2020-6.jpg

Stillingane 

Studentsamfunnet:  
Ein arrangementssjef skal planlegge alt som ikkje er konsertar, som temafestar og anna som går føre seg på Samfunnet. “Det har vore eit mål at det skal gå føre seg noko på Samfunnet kvar dag i semesteret”, seier Vegard. 

Den som har ansvar for konsertane er konsertsjefen. Han pratar med, og bookar artistane. ”Dermed får ein jo i stor grad bestemme kven som skal spele på Samfunnet. Det er stor spreiing i artistar, som gjer at eine dagen er der kanskje DJ’s, medan neste er det Vazelina”, fortel Vegard. 

Bodegasjef er det som tidlegare var nestleiar, forklarar Vegard.  “Då har du ansvaret for huset, eller enklare sagt: du er sjef over dei som jobbar på festkveld”, legg han til. 

Marknadsføringssjefen skal reklamere for, og dermed få folk til å komme på Samfunnet. "Du skal bygge merkevara Studentsamfunnet, gjerne gjennom kreative og artige metodar for å nå ut til folk”, utdjupar Vegard. 

Administrasjonssjefen har ansvar for personale, IT og inngang for å nemne noko. Dette skal vere den strukturerte som får hjula til å gå rundt. 

Også Tuntreet skal ha ny redaktør. Vegard seier at då kan det vere ein fordel med erfaring frå studentavis eller anna journalisterfaring. Det fyrste semesteret er stillinga journalistisk redaktør, som vil seie at ein har ansvaret internt i Tuntreet, for å neste semester tiltre som ansvarleg redaktør, som har ansvaret utover. 

Fire medlem til Samfunnet sitt Hus- og finansstyre skal det også stemmast over. Kjernestyret er det øvste organet til Samfunnet i Ås. Det er då fordel at ein er ein ekstern representant, men med lengre fartstid på Samfunnet. 

Næringslivsutvalet 
NU, næringslivsutvalet, treng også leiar, administrasjonsansvarleg og marknadssjef. Saman skal desse vere bindeleddet mellom Studentsamfunnet og bedrifter, arrangere næringslivsdagen og skaffe spons til Samfunnet. 

“Leiaren i næringslivsutvalet får god kontakt med ulike sponsorbedrifter og skaffar seg dermed eit breitt personleg nettverk”, forklarar Vegard. 

“Den administrasjonsansvarlege må arbeide strukturert og ha oversikt over kva som må gjerast under førebuinga av næringslivsdagen og karrieredagen”, skal det heile gå knirkefritt. 

Marknadsføringssjefen skal til sjuande og sist få studentar til å kome på karriere- og næringslivsdagen. “Ein må reklamere slik at studentane veit at det skjer”, seier Vegard. 

Også Vegard sitt eige verv i valnemnda vert lyst ut. – Du treng ikkje noko fartstid, du må vere sosial og like prate med folk, slik at du kan finne kandidatar som er relevante, seier Vegard. – Det seiast at mykje av arbeidet skjer i bodegaen, skjemtar han. 


Så kvifor søke komité-stilling? 

For det fyrste vert både ølen og billettar på Samfunnet rimelegare. For det andre er dette ein ypparleg måte å få nye og fleire venner i Ås på, og det er ei verdifull erfaring. Dersom du er interessert, kan du kontakte valnemnda@studentsamfunnet.no  som hjelper deg å orde kandidatur.  

Velkomen på generalforsamling 2. november, og godt val!