Halvor Ekeland

Eit møte med lokalmakta: Ordførar Nordal

Halvor Ekeland
Eit møte med lokalmakta: Ordførar Nordal

Eit møte med lokalmakta: Ordførar Nordal pratar studentgodar, sykkel og miljø 

sbs (2 of 1).jpg

Etter ein del venting, og fleire e-postar, får endeleg Tuntreet moglegheita til å møte Ola Nordal, ordførar i Ås kommune. 

 

Student verdt 30 000 kroner 

De siste åra har Ås kommune ønska å lokka fleire studentar til å endra folkeregistrert adresse til Ås kommune, og har satsa på kampanjen «Bli en av Ås.» Nordal bekreftar at kampanjen vil fortsette, og at dei ikkje har nokre planar om å avvikla den i nærmaste framtid. Mellom 1000 og 1500 av studentane på Ås er for augneblinken fast busett i Ås, og Nordal er klar over at ein må jobbe for å vedlikehalda talet. Studentar som flyttar til Ås kan bl.a. motta ein eingongssum på 4000 kroner, men Nordal held fast ved at det er stemmerett i kommunen som er det største godet ein vinn. Han oppfordrar og alle til å forhandsstemme ved neste kommuneval – dette kan gjerast ved NMBU rundt månadsskiftet mellom august og september. 

Auka innbyggjartal aukar skatteinntektene, og støtta kommunen får frå staten. Nordal anslår at meirinntektene til kommunen ligg på omkring 30 000 kroner per student. Dei ekstra midlane ønskjer Nordal å bruke på å betre tenestene kommunen. Han trekk fram dei utvida psykologtenestene på Ås Helsestasjon, noko Studenttingets Arbeidsutval lenge har arbeida for, som eit tiltak som vil betre studentanes kvardag. 

Kommunen har ikkje planar om å iverksette andre tiltak etter ønskje frå studentane, men vil heller satsa på meir generelle godar. – Vi er nøye på å ikke gi direkte til studenter. 

Sykkelambisjonar 

Fleire studentar har klaga på mangelen av søppelbøtter langs vegen mellom Pentagon og sentrum. I følgje Nordal er dette eit problem kommunen ikkje vil løyse, då vegen er fylkeskommunens ansvar. Han har dog ambisjonar om å knytte desse to områda saman med bl.a. benker eller kunst, for å urbanisere vegen. 

Kommunen og fylkeskommunen har fleire ambisjonar for strekninga mellom Meierikrysset og Holstadkrysset. Dei ønskjer blant anna å etablere ein smalare bilveg, og å legge meir til rette for gåande og syklande. Trerekka ønskjer dei óg å supplere. Kommunen har eit mål om at 80% av reisene til barn og unge i kommunen skal skje via gange eller sykkel, men ordføraren innrømmer sjølv at det er «eit hårete mål.» 

Sykkeltjuveri er eit stort problem i kommunen. Nordal fortel at det skal byggjast sykkelhotell ved Ås stasjon i et forsøk for å minke problemet. Han kan óg røpe at tjuveria ved stasjonen er knyta til enkeltmenneske, og at politiet arbeider med å få dei bak lås og slå. Kva tjuveria ved studentbyen skuldas, veit han dessverre mindre om. Kommunen arbeider ikkje med SiÅs eller NMBU om å byggje sykkelhotell nærare Agrarmetropolen, men Nordal understrekar at kommunen gjentatte gonger har sett krav til SiÅs om sykkelparkering i forbinding med utbygging av nye studentbustadar. 

Ikkje klar over lokalmangelen 

Studentane ved NMBU har ofte hatt problem med å finne lokale når dei skal arrangere arrangement, men dette har Nordal lite kjennskap til. Vi spaserer saman til Ås kulturhus, kvar vi får opplyst at Kulturhuset ikkje nektar studentar å leige lokale, men ikkje vil leige ut til nokon under 23 år. Dersom dei fryktar konflikt knytt til bruken av lokalet, vil dei óg prioritera dei som regelmessig nytter seg av lokalet. Kulturskolen i Ås sin praksis angåande utleige til studentar, hadde ikkje ordføraren kjennskap til. 

Ein effektiv miljøpolitikk? 

Når eg utfordrar Nordal på tema rundt miljø, svarar han at kommunen har eit mål om å redusere utslepp med 40% innan 2030, med utgangspunkt i utsleppa i 1997. For å nå dette målet arbeider dei bl.a. med å isolere bygningar, og har nyleg oppretta eit eiga klimautval. 

  • Korleis ligg de an? spør eg. 

  • Vi ligg dårlig an, innrømmer Nordal. 

Kommunen har óg eit mål om å ikkje auke biltrafikken i kommunen, trass auka befolkningsvekst. Det satsast derfor på å betre kollektivtilbodet, og Nordal lover at det vil bli fleire togavgangar mellom Moss og Oslo – om åtte år omtrent. Nordal møter ofte på Tord Hauge, leiar i Arbeidsutvalet, når kollektivtransport er på dagsplanen: – Tord dukker opp overalt! 


Journalist: Julie Westergaard Karlsen