Halvor Ekeland

Varaordføraren

Halvor Ekeland
Varaordføraren

Varaordføraren 

DSC02693.jpg

Miljøpartiet Dei Grøne gjorde det godt under årets kommuneval i Ås. Dei gjorde eit så godt val at NMBU-studenten, og fyrstekandidaten til MDG, Martin Løken vart varaordførar. Martin har vore i Ås i to år. Det er ikkje alle som innehar den nest høgaste posisjonen i ei kommune etter så kort tid, men det greidde denne karen. Så kven er Martin Løken? 

Ville ha endring 

32-åringen frå Elverum studerer By- og regionplanlegging, og har eit brennande engasjement for natur og klima. Allereie 14 år gamal meldte han seg inn i Unge Venstre, men fann etter kvart ut at han ville skifte beite – eller parti. Løken fann ut at MDG var dei einaste som verkeleg tok klima på alvor; det var dei som verkeleg ville ta grep, fase ut olja og satse på fornybare ressursar. Dei ville ha endring no, det ville Martin også. 

Unge og engasjerte 

Under årets val vart det valt inn sensasjonelt mange unge over heile landet – og Ås er intet unntak. Kommunestyregruppa til Miljøpartiet Dei Grøne har ein gjennomsnittsalder på 29 år. Det er ungt, i kommunestyre-Noreg. Denne gjengen vil skifte fokuset frå det materialistiske fokuset i dagens samfunn, til eit samfunn med fokus på auka livskvalitet, kulturell rikdom, sosial rikdom og folkehelse.  

 

Lokale ressursar 

Det er viktig å bygge lokale initiativ, organisere liv i bygda og gjere det meir attraktivt å bu, og jobbe i Ås. Martin Løken vil vekk frå fossilsamfunnet, ein skal ikkje trenge å reise til den andre sida av jorda for å oppleve noko. Han peikar på alle dei lokale kuriositetane, all lokalmaten, REKO-ringen og ikkje minst BUA på NMBU. Dette er både berekraftige og sosiale arenaar. 

 

Ås kommune har hatt stor auke i innbyggjartal dei siste åra, noko som gjev både utfordringar og moglegheiter; ein skal ikkje vere redde for å bygge – men ein må bygge med kvalitet. Martin understrekar at det er viktig å forhindre permanent nedbygging av skog og matjord. «La folk bu der dei jobbar, og ha tenester der folk bur. Det kjem ein langt med.» 

IMG_8208.jpg

Studentar i fokus 

Som student sjølv, er den snart konstituerte varaordføraren oppteken av nettopp studentar sin kvardag. Noko av det viktigaste er å formidle kva som skjer, og ideane er mange; kva med eit kart med oversikt over berekraftige aktivitetar i Ås? Fleire togavgangar? At bussen til Oslo stoppar ved NMBU? 

Lista er lang, og det stoppar ikkje der. Løken vil kjempe for å oppretthalde helsestasjon for ungdom. Han ser for seg at den kommunale bilparken kan leigast ut til ein rimeleg penge, etablering av ein mikrohuslandsby… Berekraftige løysingar for berekraftige studentar. 

Vil lytte 

Avslutningsvis kjem Martin med ei oppfordring: «Det er så mange framoverlente, flinke folk i Ås. Engasjer deg i lokalsamfunnet i Ås, for det er så mykje som skjer. Og kom og prat med meg, jobben som varaordførar er å vere ei ombodsrolle – å knytte lokalbefolkning og studentar saman.» Martin Løken lovar å lytte til dei som har innspel. Det er jo det ein folkevalt skal. Lytte til folket.