Ans.Red.

På jakt etter Askeladden Monarkismen

Ans.Red.
På jakt etter Askeladden Monarkismen

På jakt etter Askeladden Monarkismen


Journalist: Siren Matre

Illustratør: Marwa Nader


Det var ein gong ein gut. Denne guten eigde eit skip som kunne gå like fort til lands som til vanns, halve kongeriket og var gift med kongsdottera. Kva meir kunne ein gut ønskje seg? Trass alt dette vardet ei uro som hadde kome øve han dei siste vekene. Guten merka det på fuglane i trea, fiskane i vatnet og ikkje minst kommentarfelta på Facebook. Kan det verkeleg vera sant? Helde monarkismen på å falme? Guten som eigde heile halve kongerike grøssa ved tanken.

Det var berre ein ting å gjera; Espen Askeladden måtte dra på jakt etter monarkismen! Første stopp; Universitetet i Ås. Grunna mangel på eksisterande kai på Ås måtte skipet stå igjen i Tigerstaden. Då var det ikkje noko anna å gjera for Askeladden enn å pakka nista, slenge skreppa over skuldra og sette seg påR21-toget.

Kvifor valde Askeladden å starta sin jakt på monarkismen akkurat på Ås? Studentar er jo kjent for å vera den samfunnsengasjerte framtida til nasjonen. Dei er organiserte, tek til gatene og går i demonstrasjonar over urett. Askeladden frykta at han ikkje hadde nubbekjangs til å stansa eit antimonarkitog på Karl Johan. Difor ville han prøva å komma studentane i forkjøpet. Stoppa snøballen før den har rulla for langt. Kvifor valde han ikkje UiO-studentar? Det er privat informasjon, og har ingenting med Sætra, Andedammen eller Bodegaen å gjera!

Idet toget rulla inn på Ås stasjon fundera Askeladden på styrken til det norske monarkiet sitt fundament. Kva må til for å vælte eit kongehus eigentleg? Med tankar i hovudet og skreppa på skuldra hoppa Askeladden av på perrongen. Han ante ikkje kva retning Universitetet var. Då såg han ei ung jente sitte på ein benk med ei bok like stor som grautskåla til trollet! Ho veit nok kvar eg skal, tenkte Askeladden og gjekk bort. “God dag, sitter du her og les aleine?” Jenta såg fortumla opp frå boka si “Ja, eg les om Kongerike Noreg si historie”. “Jasså, du kunne ikkje tenke deg å vist meg vegen til Universitetet mens du svarar på to spørsmål?” Jenta såg på si ikkje-eksisterande klokke, myste mot sola og trakk på skuldra “Sure, why not?”

Mens dei labba vestover spurde Askeladden sitt fyrste spørsmål; “Kva er det verste monarkiet i Noreg har vore gjennom?” Jenta lyste opp, som om ho hadde venta heile livet på å bli spurd om akkurat dette. “Det var ikkje enkelt å samla heile Noreg til eit rike som Harald Hårfagre gjorde. Det var ein langvarig og blodig affære. Åra med svartedauden og fattigdom såg også mørke ut. Så var det jo union med Sverige, etterfulgt av Kalmarunionen, etterfølgt av union med Danmark, etterfølgt av ein ny union med Sverige. Og Noreg var ikkje akkurat alfaen i alle dessa unionane. Og ikkje minst har me okkupasjonen under 2. verdskrig”. Jenta tok ein pause og såg tenkjande opp mot himmelen. “Men det er vanskeleg å sei om noko av detta kan samanlikna seg med ein kongeleg svigerson som er tiltalt for 40 ulike lovbrot og ei kronprinsesse som sender mailar til ein dømt overgrepsmann”. “Huff, huff, huff”, tenkte Askeladden,“hadde eg berre visst om Kongerike Noregs historie hadde eg aldri hogga ned den eika eller lagd den brønnen”. Etter eit djupt sukk gjekk Askeladden vidare til å stille sitt andre spørsmål; “Har du sett noko til monarkismen her på Ås?” “Tja... det veit eg ikkje svaret på. Hadde eg vore deg så hadde eg dratt på Klubben, der er det alltid masse folk, også hadde eg spurd litt rundt. Også kan du skrive ned resultata og kanskje laga eit kakediagram som viser...” Askeladden fekk diverre ikkje med seg resten av kva jenta sa ettersom han blei distrahert av nokre oransje fotspor som leda han rett til Studentsamfunnet i Ås.

Han gjekk inn døra, opp i andre etasje og gjorde akkurat som jenta med boka anbefalte han. Ein etter ein blei studentane spurd; “God dag, sitter du her aleine og Klubber? Kan eg spørja deg om du har sett noko til monarkiesmen her?” Askeladden hang ikkje med på kakediagramrekninga, men han har hatt prosent rekning på Kongsgarden. Av dei 91 han spurde så sa 51% at dei vil ha monarki i Noreg, 20,7% sa dei var usikre og 28,3% ville ikkje.

 
 

Askeladden var veldig nøgd med resultata sine og bestemte seg for å kjøpa ein velfortent seidel. Han gjekk bort til disken og spurde pent “God dag, står du her aleine og seljer? Kan du svare på to spørsmål og gi meg ein seidel er du grei?” Guten bak disken nikka og gav Askeladden ein seidel, typen grøn. “Kva lurar du på?” spurde guten. Askeladden repeterte spørsmålet sitt om monarkismens eksistens, men guten trakk berre på skuldra og sa “Eg bryr meg ikkje eigentleg”. Dette svaret forventa ikkje Askeladden. “Javel, då kjem eg til mitt andre spørsmål. Kva anna styreform enn monarki skal Noreg då ha?” Køen byrja å slange seg bak Espen med seidelen og guten bak disken trakk igjen irritert på skuldrene før han sa “Du, eg veit ikkje, men nede i Bodegaen no så har Den MangfaldigeStyreformsSelskap møte så du kan gå ned der og høyre med dei”.

Med eit halvfullt/tomt glas gjekk Askeladden ned trappa og inn på bodegaen. Her satt grupperte folk og diskuterte med høg røst. Han starta med å gå bort til det største bordet. “God dag, sitt dykk her aleine og diskuterar? Kva styreformer det dykk vil ha?” Gruppa svarte i kor: “Parlamentarisme, og skål for det!” Askeladden nikka og gjekk vidare til dei to nest største borda for å repetere spørsmålet sitt. Eine bordet svarte “Republikk!” imens det andre bordet svarte “Teknokrati!” Han vurderte å gå vidare til dei andre små borda og spørje dei og, men så fekk han nyss om noko som hende i Festsalen. Der var det nemleg “Pitch-a-monark!”

Etter å ha kjøpt seg ein ny seidel, type grøn, i Bodegaen så traska han opp i Festsalen. Tre timar og 91 presentasjonar seinare hadde han fått ein relativt god oversikt over kven studentane ville ha som monark. Dei fleste ville ha Kronprins Haakon (nokon presiserte utan Mette Marit). Tette etterfølgjarar var å ha ingen eller Ingrid Aleksandra. Andre namn som også blei nemnt var; Lars Monsen, seg sjølv, mamma, Haaland, Kevin Lauren og mange, mange fleire.

Med to seidlar nede, oppeten niste og mange svar på mange spørsmål bestemte Askeladden seg for å byrja på heimreisa. Han kunne ikkje gå glipp av sin vekelege grautdate med trollet!

På togturen heimover reflekterte Askeladdenover dagen han hadde hatt. Var jakta på monarkismen ein suksess? Til ein viss grad ja. Det er absolutt monarkisme å finne på Ås, men det er også mykje anna rart.


Snipp, snapp, snute, då var eventyret om Askeladdens jakt på monarkismen ut