Nye årer på Årungen

Nye årer på Årungen
Det er velkjent at NMBUI driv med alt frå golf og innebandy til volleyball og klatring. Men med den nasjonale rostadionen plassert i Ås kommune, har mange vorte overraska over at NMBUI ikkje har drive med roing (spoiler: dei har, men det kjem eg tilbake til). For å sette det i perspektiv så fortel eit kjapt Google-søk at det er heile tre studentroklubbar i Bergen aleine: BSI Boat Club, Bergen Medisinske Roklubb og NHH Crew. Talet på nasjonale rostadionar i Bergen er null. Med andre ord ser tala svært dårlege ut for patriotiske NMBU-studentar.
Fotograf: Daniil Apruda
Journalist: Øyvind Andreas Bjørkedal
Bunden er båtlaus mann
NMBUI-leiaren, Ella Louise Neal, fortel at det har vore forsøk på studentroing i Ås før. I 2019 overtok NMBUI ein dyrebar åttar – ein robåt for åtte roarar – verd om lag to hundre tusen kroner. Båten er i karbonfiber, og er godt eigna med NMBU-grøne striper langs skroget. På det tidspunktet var roklubben liten, og då dei engasjerte roarane etter kvart forsvann, gjekk roklubben til NMBUI i oppløysing. Sidan då har den tjue meter lange åttaren stått hjå Årungen Ro- og Kajakklubb – på deira rekning. Av den grunn har ÅRKK lenge forsøkt å overta eigarskap av båten dei har forsikra, men det har NMBUI-leiinga vore klare på at dei ikkje vil. Ein ting er noverdien på om lag to hundre tusen kroner, men dersom ein nyoppretta roklubb skulle ha anskaffa ein heilt ny åttar, måtte dei truleg ha gått ut med nærare ein million.
Det har vore ein ambisjon for Ella å få i gong ein roklubb sidan ho tok over som NMBUI-leiar tidlegare i år. Ho meiner det er synd at studiestaden fem minutt frå den nasjonale rostadionen ikkje skal ha ein studentroklubb. Roing i Ås burde tvert imot vere noko som trekk ro-interesserte studentar til Universitetet, seier ho. Når eg spurte ho kva som har vore utfordrande med å få i gong roklubben, peikte ho mellom anna på det at heile NMBUI-styret vert skifta ut kvart år. Det gjer det vanskeleg å halde fram med forhandlingar som ikkje har ført til nokon skriftleg avtale. Difor var det viktig for Ella å få ordna ei kontrakt på eventuell bruk av Årungen, slik at eit komande styre har noko handfast å forhalde seg til.
Den nyskipa roklubben
I spissen – eller skal eg seie baugen – av den nyoppstarta roklubben, er Ane Høien Bergene og Erlend Bror Devold Refsum, begge roarar. Erlend har ikkje rodd aktivt sidan han flytta til Ås, men Ane pendlar mellom Ås og Bærum for å halde fram med treninga. Begge skildrar romiljøet som lite, og som eit der alle kjenner alle. Av den grunn kjende Ane allereie roansvarlege i ÅRKK, og vips, så hadde NMBUI og roklubben ein fot i døra. Ane vart som ein meklar mellom dei to partane, og etter litt meir fram og tilbake kom dei fram til eit kontraktsforslag dei var samde om. NMBUI beheld eigarskapen av åttaren, og no er det kontraktfesta at dei får (dunk dunk) ro(!) på Årungen dei neste fem åra!
Ane beskriv seg sjølv som ein av dei trønderane som nektar å bli værande i Trøndelag, noko som gjer at ho går imot straumen av roarar som vel å studere i Trondheim for å trene med NTNUI Roing. Likevel har Ane sjølv trent med NTNUI, og veit godt korleis studentroinga går føre seg. Ho og Erlend beskriv studentroing som meir fest enn idrett, men seier at det er naudsynt å ro for å delta på banketten som kjem nedstraums. Difor skal NMBU Roklubb først og fremst vere ei sosial foreining – ein idé som visstnok skal ha framkalla eit letta sukk frå NMBUI-leiinga då den vart presentert.
Roklubben er open for alle, så lenge du ikkje møter opp full på trening. Du må vere i stand til å symje i land att om du dett uti, fortel Ane og smiler. Dei trener på Eika på onsdagar, og på vatnet på Årungen på laurdagar, men fortel at dei kan få til fleire treningar i veka om det vert interesse for det. Dei har opne treningar kvar helg ut oktober, så om det er noko for deg, finn du NMBUI Roing på Facebook.
Vegen vidare
Då eg spurte om dei hadde nokon ambisjonar for roklubben på idrettsfronten, svarte Erlend og Ane at dei hadde eit mål om å kunne stille med ein – og aller helst to båtar til Studentmeisterskapet i Bergen til våren. Slik reglane for åttarroing er, kan damer ro i ein båt som deltek i herreklassa, medan menn ikkje kan steppe inn i ein fåtalig båt i kvinneklassa. Difor er det lettast for ein liten klubb å stille med eit lag i herreklassa, men Ane og Erlend seier dei aller helst vil få til å stille med ein båt i kvar av klassene. Meisterskapet i Bergen er eit av, om ikkje høgdepunktet innan norsk studentroing, og det plar til og med å kome eit lag norske medisinstudentar frå Krakow. Eit NMBUI-lag i Studentmeisterskapet hadde om ikkje anna gitt patriotiske NMBU-studentar noko å følgje med på!