Bobla utanfor bobla
Dette er eit motsvar til artikkelen «Ås Kristelige Studentlag – bobla i bobla» som sto på trykk i Tuntreet 17. mars 2022. Motsvaret er kritikk retta mot Laget på Ås og Norges Kristelige Student og Skolelag (NKSS), ikkje enkeltmenneske.
Eg har vore medlem i Laget sidan eg gjekk i 8. klasse, og i ungdomsåra betydde lagsmiljøet mykje for meg. Laget sin visjon om å «gjøre Jesus kjent på skoler og studiesteder, så han blir trodd, elsket og etterfulgt» var eit godt og utvidande perspektiv på kven som kunne vere med å tru på Gud. I dag er eg ikkje lengre medlem. Laget på Ås, men også NKSS, har vore med å bidra til det.
Då eg sa til ein kjenning på Ås at eg skulle på eit Lagsmøte første veka mi her, fekk eg ein anna respons enn eg hadde venta; «Å ja, Laget. Dei held seg alltid for seg sjølv. Dei er aldri med på det studentmiljøet har å tilby.». Det svaret har sett seg i meg, og i løpet av mine snart fem år på Ås har eg dessverre sett at dette stemmer. Eg vil applaudere Laget for arrangementa som blir vist fram i tuntreartikkelen. Men ut over disse få arrangementa, er Laget lite synleg i studiemiljøet. Eg har til gode å sjå Laget stille opp på Tour de Kringla, Karskrenn eller Kurt Stilles. I tillegg har Laget flytta sine torsdagsmøter frå Samfunnet til Menighetshuset. Eg har forståing for kvifor dei har flytta møta. Laget har slitt med å møte Samfunnet sine krav til medlemsprosent for å kunne låne rom der og for å få rom dei ønsker seg. Likevel meiner eg at den utfordringa burde Laget på Ås tatt. Korleis kan dei elles følgje visjonen sin når dei ikkje er til stades blant studentane?
Dei siste to åra har eg gått med ein stor sorg over Laget. Eg har alltid verdsett høgt at ein på Laget har hatt moglegheita til å delta på arrangement uavhengig av kva kristen ståstad du har. For nokre år sidan blei det debatt i studentmiljøet på Ås om Laget skulle få velferdsmidel grunna NKSS støtta organisasjonen Til helhet, samt deira reglar mot homofilt samliv blant sine tilsette. Debatten i seg sjølv er ikkje poenget her, og eg skal heller ikkje gå inn i han, men den starta ein sorgprosess i meg. Eg har alltid trudd NKSS var ein «kyrkjepolitisk» nøytral organisasjon, men velferdsmiddeldebatten viste at takhøgda NKSS er langt lågare. I staden for å fokusere på korleis ein kan nå ut til flest mogleg slik visjonen seier, har ein vald å snevre seg inn mot ei målgruppe med eit nokså konservativt bibelsyn. Det har blitt for vanskeleg for meg å fortsette å vere medlem i ein organisasjon som er ein heilt anna enn det eg trudde han var. Så det å påstå i tuntreartikkelen at det er plass til alle kristne trusretningar utan at det blir konflikt, vil eg berre delvis seie meg einig i. Eg trakk meg stille ut frå Laget, gjerne grunna det ein kan kalle ein teologisk ueinigheit, utan å skape debatt eller konflikt.
At det er plass til alle vil eg også vere delvis usamd i. Form og innhald på lagsmøta er framandgjerande for mange kristne studentar, meg sjølv inkludert. Laget valde brått å avslutte samarbeidet med Den Norske Kyrkje og studentpresten hausten 2019. For min del blei dette nok ein stadfesting på at dersom ein har eit liberalt bibelsyn, passer ein ikkje innafor rammene Laget og NKSS har.
Laget er ikkje bobla i bobla eller det inkluderande teologiske miljøet dei seier dei er.
Innsendt av Janne Birgitte Ueland