Halvor Ekeland

“Vi vil få folk til å ha det gøy!"

Halvor Ekeland
“Vi vil få folk til å ha det gøy!"

Me møta gutane frå Tromsø nokre få timar før Studentsamfunnets første fest for hausten. Temafesten: Sinna på Samfunnet har dratt opp rockebandet LÜT frå hatten. Det er ikkje så rart, då p3.no presenterte bandet som Glad og forbanna på same tid då dei var Ukas Urørt i november i 2016.

 

Oppstarten

Sommaren 2014 møttest banda Capitol of Illinois og Wolves på ein festival. Capitol of Illinois krasja Wolves sitt hotellrom i to netter og resultatet vart LÜT. Når eg spør om namnet, får eg først beskjed om at det var ”strictly classified” før dei følgjde opp med at det stod mellom Resept og LÜT.  Difor vart det LÜT.

 

Bandet har spelt for studentar i Tromsø, Alta og Trondheim tidlegare, og til hausten skal dei óg spele på nokre studentstadar i Oslo. ”Studentar e gal!” kjem det frå Hans Marius, og følgjer opp ”60% e der heile konserten, også e det 40% som e gjenger som kommer inn og er de sykeste i publikum i to min før de stikk av igjen, e håpa det blir sånn i dag”.

 

Bandet har vore med på både ByLarm og Urørt, men dei følar ikkje at dei har slått heilt igjennom enda. ”Vi har slått gjennom litt, 1,5 fot innafor døra, men man treng 3-4 for å slå skikkelig gjennom. Man har slått igjennom den dagen en kan slutt de andre jobban og jobbe fullt med musikk”.

 

Bli kjend

Då eg spør om nokon av dei er universitetsutdanna vert alle overraska over at Ørjan tek ein master i økonomi. ”Hæ, går du master? Har du begynt på det?” kjem det frå resten av gutane. Eg får òg vite at Vebjørn snart er ferdig utdanna tømrar og at Marius har jobba “40 år” på pizzeria.

 

Gutane har betre oversikt når eg spør kven som er best i gjengen til å lage fest. ”Brage, fotografen vår e best på å lage fest. Han treng ein øl, også ryke skjorta og han tar heilt av. Kan du kje vis blåmerket?”, ”Gi han en øl og han gjør det” blir det skutt inn. Vidare vart det litt usemje over kven som har best draget. Sveinung seier at Ørjan har best drag,  mens Ørjan meine at det er Markus, utan noko vidare utdjuping på kvifor. Så oppstår det litt forvirring kring kor mange av som har kjæraste eller ikkje. “Oi, vi burde blitt intervjua oftere” påpeik Hans Marius.

 

All about one thing

Når LÜT laga musikk er det absolutt ikkje noko politisk bodskap å finne. ”Det e all about one thing, og det e å få folk te å ha det gøy! Rock’n’roll!” seier Hans Marius og mottar einigheit frå resten av gruppa. ”Folk har ein tendens til å vri om tekstane og tolke tekstane våre te noe politisk, det e bare bull. LÜT e show.”

 

I vinter slapp bandet ut sitt første album, Pandion. Albumet har fått nokre knall sterke meldingar og nokre heller labre. ”For å si det på en ydmyk måte, de som har fått mye til og fått en god karriere, e ofte de som ikke har fått kritikerens hyllest med en gang. Det e ofte litt uenighet på de som sett et merke etter sæ. Så det at folk va uenig om at debutalbumet va et mesterverk e bare tommel opp, for då har vi fått noe te å skje…” kommenter Hans Marius. Namnet på albumet er i vertfall svært ambisiøst. Pandion er namnet på det hemmelege kortet ein får av SAS, når ein er over diamant. “Det e det ypperste av det ypperste” fortsett Hans Marius, ”vi tenkte på LÜT Gold eller Greatest hits” skyt Marius inn. ”Vi kalla alle nye låta for hits. Vi har ikkje råd te å spelle inn så mange låta, så då laga vi bare hits. Vi hadde en periode kor vi kalla låtane for Hits 1, 2, 3 osv. men det blei litt uoversiktlig” fortsett Markus. 

 

Sjølvtillit

Det er i alle fall ikkje noko å seie på sjølvtilliten til gutane. Samlespelelista til LÜT på Spotify heiter HITS HITS HITS ! “For å lykkast som band treng ein å ha sjølvtillit” seier Viljar. Hans Marius har ein regel med seg sjølv: ”Viss du vet du e best i noe, samma ka det e, så ska du gjør det. Da satse ein 110%. Vi vet  at vi e god på rock og på å lage god stemning”.

 

Når LÜT hadde sin utgivingskonsert for Pandion gjorde dei all jobben sjølv. ”Vi jobba på spreng i en måned, solgte alle billateane sjøl. Når vi slapp ut albumet va det ingen konsertlokala i Tromsø som passa oss, enten for lite eller for stort eller ikkje kult nok. Så vi leide inn alt sjøl og sat opp enge scene. 400 menneska dukka opp på konserten og sto å ropte LÜT når vi kom på” fortel Markus. Hans Marius fortsett ”Det e noe med å ha solgt egne billetta. Vi hadde ingen supportband så eneste grunnen til at folk dukka opp e for dæ”.

 

Alle LÜTs utgivingar sidan 2016 har bilete av personar på seg. ”Vi va i desperat nød for et konsept” seier Viljar. ”Men det e ikkje tilfeldige folk”.  Skyt mæ er faren til ein i bandet. Du vet ingenting er mora til Markus. BoyToy er ein kompis til bandet. Trash Gjennom er ei veninne av bandet. ”Hu e trash” skyt Marius inn. ”No har du vert stille heile kvelden, også kom du med det” svara Hans Marius og fortsett ”E det en ting du ska si i dette intervjuet så e det at hoe trash. Ingvild ”Trash” Emilie”. Pandion er far til Viljar.

 

Vakna opp med lydteknikaren

Gutane begynner å le når eg spør om det finns nokon spennande historia frå turar dei har hatt. ”E trur alle tenke på det samme no” seier Markus og fortsett ”Vi va på Vinjerock for nokre uka sida, og vi hadde leid to hytta” så blir Markus stoppa av resten av bandet, fordi det kom til å ta for lang tid viss han fortel. Hans Marius fortsett ”Vi va på Vinjerock for nokre uka sida, vi hadde leid to hytta. Det va nok rom til alle, men det endte opp med at 4 rom var ubrukt. Og i et rom låg det tre voksne mannfolk i ei 120 seng med køye. Marius gjekk inn på rommet å la sæ aleina.” Marius fortsett: ” Æ våkna opp med lydtekniker å ein anna. De hadde tatt dyna og. Teknikeren skylte på at han hadde sovd alle sine ganger på det rommet på Vinjerock”.

 

Eg takkar for meg og lar bandet førebu seg for showet.  Ofte er dei i saman i ca. tre kvarter før dei begynn, då hoppa dei rundt, dansa, syng, snakka skit og kosa seg. Også skrik dei.

 

Skriking blei det og på scena då LÜT tok over Festsalen. Kvar einaste song bydde på moshpit. Vokalist Markus stagediva og gitarist Viljar tok òg med seg gitaren og spelte ute i publikum. Når eg høyrte med folk etterpå kva dei syntest om konserten, så var det like blanda reaksjonar som LÜT fekk på albumet sitt, enten ellevill tilbakemelding eller ganske så dårleg. Det trur eg gutane vil vere nøgd med.

Før neste sommar kjem album nummer 2.